Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Eigenomsorg er å kunne ta vare på seg sjølv. Om du føler deg opprørt eller overvelda av det du ser på nettet finst det fleire ting du kan prøve.

Det kan bli lettare å snakke om sjølvmord på nett

Ein ny guide skal gjere det lettare å snakke om sjølvmord i sosiale media. – På høg tid, meiner Karoline Thorbjørnsen, leiar i foreininga Psykt ærlig.

Forskarar har lenge vore bekymra for smitteeffekten det kan ha når unge diskuterer sjølvmord i sosiale media.

– I over ti år har vi diskutert kva vi kan gjere. Det er nesten umogleg å kontrollere ikkje-redaktørstyrte plattformer, seier forskar og psykologspesialist Fredrik A. Walby ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF).

Mange land har retningslinjer for omtale av sjølvmord, men desse har til no stort sett vore retta mot tradisjonelle nyheitsmedia.

Forskingssenteret Orygen i Australia har tatt grep. Senteret har lansert vegleiaren #chatsafe, med eit knippe retningslinjer om korleis unge kan kommunisere om sjølvmord tryggast muleg. Walby står saman med fleire andre på NSSF bak den norske versjonen.

Her er mellom anna råd og rettleiing om eigenomsorg og om korleis du kan dele din eigen historie. Om om korleis du kan kommunisere om andre og ta stilling til andre.

Les #chatsafe sine topp 10-tips

Eitt av #chatsafe-tipsa handlar om korleis ein kan dele si eiga historie. Framhev då dei delane av erfaringa di som viser at det er viktig å søkje hjelp tidleg, samt meldingar som reduserer stigma og fremjar håp og betring, tilrår vegleiaren.

– Ei mangelvare

Vegleiaren gir mange råd, for eksempel om kva ein bør vere obs på når ein skriv eigne innlegg og om korleis ein bør handtere det dersom ein annan person vurderer å ta livet sitt.

Råda blir brotne opp som korte bodskapar og spreidde gjennom kampanjar på Facebook, Instagram og Snapchat. Foreininga Psykt ærlig, som gir tips og råd om psykisk og fysisk sjukdom, er ei av fleire foreiningar som bidrar med å utforme materialet og få bodskapane ut.

– Dette har vore ei mangelvare. Vi trur at vegleiaren vil bli veldig viktig, så lenge vi klarer å få delt råda slik vi ser for oss, seier leiar Karoline Thorbjørnsen.

Fleire gonger i veka får foreininga meldingar frå ungdommar som anten sjølve tenkjer på sjølvmord eller som kjenner nokon som gjer det.

13 år og mørke løyndomar

– Unge heilt ned i 13-årsalderen går og ber på mørke ting som dei ikkje tør å dele med vaksne. Kanskje har dei fått vite at ein ven vurderer å ta livet sitt men samtidig fått streng beskjed om å halde det hemmelig.

Thorbjørnsen meiner at vegleiaren vil vere nyttig både for ungdommane det gjeld og for foreiningar og organisasjonar. Til no har dei frivillige i Psykt ærlig stort sett gitt erfaringsbaserte råd.

– Vegleiaren gir oss eit fagleg haldepunkt. Vi får noko heilt spesifikt å vise til. For dei som har det vanskeleg, kan det dessutan kjennest trygt at det er forsking involvert. Då er det lettare å tru på ting.

Forskarpanel og ungdomspanel

Bak vegleiaren ligg eit større forskingsarbeid. #chatsafe vart utvikla ved bruk av såkalla Delphi Consensus-metodologi. Denne metoden hentar utsegner frå ekspertar for å finne fram til beste praksis når bevisa manglar.

Etter først å ha gjort eit litteratursøk, laga forskarane eit spørjeskjema med mulege punkt som kunne inngå i vegleiaren.

To ekspertpanel vurderte så om desse skulle inkluderast. Det første panelet bestod av australske ungdommar, det andre av ekspertar på sjølvmordsførebygging, media og kommunikasjon.

Panela måtte vere samde

For at ei retningslinje skulle gå gjennom, måtte minst 80 prosent av medlemmene i begge panela vurdere punktet som «essensielt» eller «viktig».

Ifølgje forskingsleiar Jo Robinson ved Orygen var det ikkje store konfliktar mellom panela. Men forskarane såg at dei hadde ulike forhold til sosiale media.

– Viss ein ungdom er på sosiale media og ser at ein venn slit med noko, vil han eller ho ofte ta kontakt med den personen med det same. Det vil ikkje alle vaksne gjere. Unge har ikkje det same skiljet mellom verda på nett og verda elles, seier ho.

Hjelpetelefoner

Telefon 116 123 til Mental Helse har åpent 24 timer i døgnet, 7 dager i uken

Flere hjelpe-ressurser hos Helse Norge

Vil følgje med på bruken

Vegleiaren har blitt spreidd til tolv land. Facebook har finansiert omsetjinga til ulike språk. Facebook støttar også marknadsføringa av retningslinjene, mellom anna gjennom gratis annonsering.

Jo Robinson understrekar at ein førebels veit lite om kva effekt vegleiaren vil ha. Framover vil ho og kollegaene følgje rundt 500 australske brukarar for å undersøke om kommunikasjonen deira på nett blir påverka.

– Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar, men om vegleiaren vil endre folks åtferd er for tidleg å seie, seier Jo Robinson.

Fredrik Walby fortel at tilbakemeldingane har vore positive også i Noreg.

– Vi har fått mange gode tilbakemeldingar både frå ungdommar i målgruppa, frå aktørar som jobbar opp mot desse og frå andre som er involverte i sjølvmordsførebygging, seier Walby.

Vegleiaren blir del av Regjeringa sin nye handlingsplan for førebygging av sjølvmord, som leggast fram hausten 2020.

Referansar:

Vegleiaren på fleire språk, Orygen.org.au: #chatsafe: A young person’s guide for communicating safely online about suicide

Denne artikkelen om #chatsafe er og publisert på Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging, Universitetet i Oslo.

Powered by Labrador CMS