Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

– Mennesket er eit flokkdyr frå naturens side. Vi veit at vi treng andre for å overleve, seier forskar Roger Ekeberg Henriksen. (Illustrasjon: Tatiana Dyuvbanova / Shutterstock / NTB scanpix)

– Einsemd er like farleg som usunn mat

Langvarig einsemd aukar risikoen for dødelege sjukdommar. Forskaren Roger Ekeberg Henriksen seier at vi må ta dette på største alvor.

Sjå føre deg hjernen din. Hjernen er sjefen for kroppen – leiaren som syter for at heile systemet overlever. Kjem ein del av systemet i fysisk ubalanse, reagerer hjernen straks og omdisponerer ressursar for å takle situasjonen.

Svolt er eit typisk signal på ubalanse. Merker hjernen at det er for lågt blodsukker, gjer han fleire ting på ein gong: Han sender beskjed om at du må ete. Og viss det ikkje er nok mat, reduserer den transporten av blodsukker til vev og musklar, slik at det vert meir energi til hjernen, som treng det mest.

Mindre kjent er det at einsemd har ein funksjon som liknar sterkt på svolt. På same vis som svolt er einsemd eit signal om fysisk ubalanse. Einsemd utløyser stressreaksjonar og gjer at hjernen tek til å jobbe hardare. Dermed kjenner han også at han treng meir sukker, noko han hentar frå blodbana. Du får høgare blodtrykk, hjartefrekvens og kortisol i blodet. Og du vil kjenne på eit behov for å ete meir sukker og feitt.

– På kort sikt er dette ein riktig og fornuftig respons for å overleve – men på lang sikt skaper denne stressreaksjonen alvorleg sjukdom og problem. Difor må vi som samfunn ta einsemd på største alvor, seier Roger Ekeberg Henriksen, forskar ved Høgskulen på Vestlandet.

Faren med å ikkje ha ein flokk

Henriksen har bakgrunn som psykiatrisk sjukepleiar og har lenge interessert seg for samanhengen mellom sosiale risikofaktorar og somatisk sjukdom. Tidlegare har han forska på dei helsemessige effektane av eit dårleg samliv. Han fekk internasjonal merksemd for resultatet, som viste at gravide kvinner med samlivsproblem har høgare risiko for infeksjonssjukdommar.

– Det er først i dei seinare åra vi verkeleg har begynt å forstå effekten av stress på hjernen. Dette opnar for mykje ny og viktig kunnskap, seier Henriksen.

Hittil har vi sett på einsemd som noko trist og dumt - ei ubehageleg kjensle som det gjeld å kvitte seg med. Men dette er ei overflatisk forståing av tilstanden, meiner Henriksen: Faktisk skal vi vere glade for at vi har evna til å kjenne oss einsame. Denne evna er med på å beskytte oss, ved å sende oss eit viktig signal om at det er noko grunnleggande som manglar i livet. Utan dette, ville vi truleg ikkje ha overlevd som art.

Her støttar han seg til det som kallast social baseline theory utvikla av James A. Coen. Ifølgje denne teorien er mennesket konstruert for å vere til stades i eit sosialt nettverk prega av tillit, støtte, felles mål og gjensidigheit. Hjernen forventar med andre ord fellesskap. Når den opplever å vere utanfor fellesskapet, ser hjernen dette som ein unntakstilstand – ein ubalanse som må rettast opp. Då går den i høggir.

– Mennesket er eit flokkdyr frå naturens side. Dette sit djupt i oss. Vi veit at vi treng andre for å overleve, seier Henriksen.

– Einsemd er kjenneteikna av at du ikkje kjenner deg kopla på andre, seier forskar Roger Ekeberg Henriksen. (Foto: Kamilla Hedvig Halvorsen Myklebust / Høgskulen på Vestlandet)

30 prosent høgare risiko for sjukdom

Henriksen og kollegaene hans har komme fram til resultatet sitt ved hjelp av å analysere data frå Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag kor om lag 27 000 friske personar blei fulgt opp over ti år. Denne unike tilgangen til ulike dataregister om folk sitt livsløp og sjukdommar – slik som dei regionale helseundersøkingane, Dødsårsaksregisteret og Kreftregisteret - er spesiell for Noreg og gjer at forskarar har sjansen til å komme i forkant med resultat som dette.

Henriksen har sett på samanhengen mellom rapportert einsemd og metabolsk syndrom og funne at einsemd er vel så risikabelt som usunn mat og mangel på mosjon.

Metabolsk syndrom er namnet på ein tilstand prega av tre eller fleire av desse faktorane: høgt blodsukker, høgt blodtrykk, overvekt, høgt nivå av triglyceridar og lågt nivå av «det gode» kolesterolet. Eit typisk symptom er fedmeringen som legg seg rundt magen.

Syndromet gir risiko for fleire av dei sjukdommane vi oftast døyr av i samfunnet vårt, spesielt kreft og hjarte- og karsjukdommar.

I løpet av tiårsperioden utviklet 5080 deltakere i helseundersøkinga metabolsk syndrom. Forskarane fann at einsemd var ein betydeleg risikofaktor for å utvikle metabosk syndrom. Samanlikna med dei som følte seg minst einsame, hadde dei som følte seg mest einsamme om lag 30 prosent høgare risiko for å utvikle syndromet.

Behovet for å vere med, på ordentleg

Det finst mange måtar å vere einsam på. Sosial einsemd er når du manglar nokon å vere med. Emosjonell einsemd er å sakne nær tilknyting til andre menneske. Uansett leier alle typar av langvarig einsemd til ein høgare risiko for metabolsk syndrom og livsstilssjukdommar.

– Einsemd er kjenneteikna av at du ikkje kjenner deg kopla på andre. Som menneske treng du å vere med i eit fellesskap som er gjensidig, der både du og dei andre yter noko. Med andre ord – det handlar om å ha ei rolle, snarare enn å bli fysisk sett saman med folk, seier Henriksen.

Nett denne skilnaden mellom fysisk samvær og reell deltaking er viktig for å forstå einsemdas vesen:

– Eg hugsar orda til ein eldre mann som hadde ein besøksvenn. Han sa at kvar gong besøksvennen gjekk, kjende han seg meir einsam enn nokosinne. Då sat han aleine igjen og blei minna på at han berre var ein som blei besøkt. Han følte: Eg er ingenting, eg har ingen verdi.

Aleine i ei mørk gate

Så korleis kan det vere så helsebringande for oss å vere med i ein flokk at det faktisk forlenger livet? Dette handlar mykje om kva vi bruker energi på.

Når hjernen veit at fellesskapet er der, slappar han meir av. Om det oppstår problem, veit han at han ikkje må løyse dei aleine. Det finst fleire å fordele børene på, og det gjer at han bruker mindre energi på å overvake situasjonen. På dette viset dempar vennskap, godt samliv og arbeidsfellesskap alle typar stress. Du veit at du har tilgang på hjelp og emosjonell støtte, om du skulle bli råka av noko vondt.

– Tenk deg at du går aleine rundt i ein framand by på kveldstid. Då er du på vakt, årvaken. Det er mørkt, du er på ukjent territorium og har ingen å støtte deg til, seier Henriksen.

– Slik er det å vere einsam. Det doblar alle problem i livet, og doblar stressnivået. Du er heile tida i ein tilstand av: Kva viss? Tenk om? Vigilance, kallast dette på fagspråket, og det krev store mengder energi.

Behovet for energi utløyser eit sug etter sukker og usunn mat. Ofte har dette søtsuget i vanskelege livssituasjonar blitt tolka som ei søking etter trøst. Men Henriksen ser annleis på det: Heller enn ei jakt på velbehag, meiner han det speglar eit konkret behov hjernen har, som han kommuniserer via kjemiske og elektriske impulsar i kroppen. Det handlar med andre ord om endringar på eit fysisk nivå.

Betre med ein dårleg gjeng, enn ingen gjeng

Ein forskar ved namn Siri Nome tok for fem år sidan doktorgraden med eit studium om tidlegare psykiatriske pasientar ved Sandviken sykehus. Der gjorde ho eit brutalt funn: Då ho samanlikna dødelegheita i denne gruppa med dødelegheita i normalbefolkninga, såg ho at folk som hadde vore pasientar der, hadde om lag 25 år kortare levetid enn andre. Desse personane døydde av same typen årsaker som folk flest døyr av – hovudsakleg, kreft og hjarte- og karsjukdommar – berre mykje tidlegare.

Etter sine erfaringar som sjukepleiar i psykiatrien, er Henriksen ikkje overraska. Psykiatriske pasientar er blant gruppene i samfunnet som opplever mest einsemd. Dei manglar ofte eit sosialt nettverk og fell lett ut av arbeidslivet. Andre grupper som er utsette for einsemd, er eldre og skrøpelege personar, studentar, folk med ulike funksjonshemmingar, innsette i fengsel og flyktningar.

– Eg har hatt ein del kontakt med innsette i fengsel, og der har eg forstått kvifor det er så vanskeleg å starte eit nytt liv utan kriminalitet og rus etter soninga. Du manglar eit sosialt nettverk, har hol i CV-en og blir lett sittande aleine på hybelen og føle deg verdilaus, seier Henriksen.

Då slår overlevingsmekanismane inn og hjernen prøver å redde situasjonen ved å finne tilbake til flokken. Veldig ofte blir det til at personen oppsøker det gamle miljøet sitt og hamnar tilbake i den gamle livsstilen. Andre fellesskap er som regel utilgjengelege.

– Ut ifrå kunnskap om einsemd, og kor øydeleggande den kjensla er, er det lettare å forstå kvifor folk gjer som dei gjer: Kvifor til dømes dei som slit med utanforskap, lett hamnar i kriminelle miljø eller ekstremistmiljø. Der finn dei eit fellesskap prega av felles mål og gjensidigheit.

Det vi kan gjere

Alt peikar mot at det å ha ein flokk, er grunnleggande for å ha ei god helse. Og motsett: Kronisk einsemd er noko av det verste av alt for helsa. Denne forståinga av einsemd hjelper oss til å forstå kva vi må gjere med det. Tiltak som besøksordningar for eldre er ikkje nok i seg sjølve. Å pøse på med informasjon om sunt kosthald og fysisk aktivitet går heller ikkje til rota av problemet.

– Vi må sjå på korleis vi organiserer samfunnet vårt. Har vi eit inkluderande arbeidsliv? Korleis jobbar vi med å integrere flyktningar? Og kan vi legge til rette bustadane til skrøpelege eldre, slik at dei lettare kjem seg ut blant folk? spør Henriksen.

Sosial kontakt har god effekt

Då er det snakk om å endre på samfunnsstrukturar og då trengst kalde, harde fakta på bordet for overtyde politikarar til å sjå einsemd som eit samfunnsproblem, heller enn eit individuelt problem.

Allereie finst det gode eksempel på kor samfunnsøkonomisk lurt det er å hjelpe folk til å få meir sosial kontakt. I byen Rotterham i England blei det gjort eit pilotprosjekt på dette feltet. Der fanst det 1607 storforbrukarar av helsetenester. Då dei gjekk til lege, blei dei som ein del av dette prosjektet vist til ei eller anna form for sosial kontakt – individuelt tilpassa og i regi av dei frivillige tenestene.

Resultata var oppsiktsvekkande: Etter eitt år fann dei ein reduksjon i sjukehusinnleggingar, akutthjelp og polikliniske avtaler på heile 20 prosent.

– Sånne tal er viktige å få på bordet. Då ser vi at det går an å gjere noko med dette, og at det er noko vi må ta tak i, som samfunn, seier Roger Ekeberg Henriksen.

Powered by Labrador CMS