Annonse

Eit hjelpelaust offer?

Det vestlige idealet om ein ansvars- og arbeidsfri barndom i ein kjernefamilie samsvarer dårlig med afrikansk røyndom. Det underkjenner barnas eigne ressursar og innsats, og reduserer dei til sårbare ofre. 

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: corbis)

Utsegna kjem frå Tatek Abebe, postdoktor ved Norsk senter for barneforsking, og sjølv frå Etiopia.

Han har tatt doktorgrad på oppvekstvilkåra for etiopiske barn som har mista ein eller begge foreldra på grunn av aids, og for tiggarbarn i hovudstaden Addis Abeba.

I fleire langvarige feltopphald følgde han barn i Addis Abeba og i Gedeo, eit kaffidistrikt sør i landet. Både deltakande observasjon, heimebesøk, djupintervju, gruppesamtaler og fleire andre metodar vart brukt for å innhente informasjon.

Forskarens observasjonar stemmer dårlig med biletet av forsvarslause barn heilt overletne til seg sjølve og vestlige hjelpeorganisasjonars nåde.

Dei aller fleste blir tatt hand om av storfamilien, og barna er sjølve aktive og bruker sine ressursar for å betre sin livssituasjon.

Seigliva storfamilie

– Det er ei misoppfatning at den afrikanske storfamilien har kollapsa. Han er rett nok under press, blant anna på grunn av aids. Men han er ein seigliva institusjon, og gjer en enorm jobb med å dekke foreldrelause barns grunnleggjande behov, seier Abebe.

I Etiopia er fem millionar barn foreldrelause, 30 prosent av dei på grunn av aids.

– Berre fem prosent av dei foreldrelause ungane er i institusjonar, mens like mange får bistand innanfor hushald. Det betyr at bistandsindustrien gir støtte til rundt ti prosent. Resten tek storfamiliane seg av, påpeker Abebe.

Forskaren åtvarar mot å skilje ut dei aids-foreldrelause som særlig hjelpetrengande, i forhold til andre barn i ekstrem fattigdom.

Det kan stigmatisere ungane, og er også nedlatande overfor den storfamilien som tek seg av et slikt barn. Dei får høre at den jobben dei gjer, ikkje er god nok, sjølv om dei deler av sine ressursar i ein situasjon med ekstrem fattigdom.

Individets rett?

FNs barnekonvensjon snakkar om at barn har individuelle rettar som barn. Men denne ideen fungerer etter Abebes oppfatning dårlig i afrikansk samanheng, og er fjernt frå korleis barna sjølve opplever sin situasjon:

– Dei lever i gjensidig binding med ein familie, stor eller liten. Deira liv og røyndom henger tett saman med vilkåra for resten av familien. Og dei ser også at dei sjølve har eit klart ansvar for å bidra til hushaldet.

– Desse forholda er betre spegla i det afrikanske charteret om barns rettar, som også legg vekt på barns ansvar og pliktar overfor familien, meiner Abebe.

– Men vestlige hjelpeorganisasjonar ser ut til å vere opphengt i barns individuelle rettar og krav. Dermed står dei i fare for å misse det komplekse samspelet og den gjensidige bindinga mellom barn og den nære eller utvida familien deira.

– For all del, organisasjonar som Redd Barna og Kirkens Nødhjelp gjer viktig og godt arbeid i Etiopia. Men arbeidet må stø seg på den lokale røynda. Den beste måten å hjelpe foreldrelause barn på, er ved å betre levekåra til familiane dei er i, seier han.

Arbeid gir styrke

– Ei tredje utbredt misoppfatning er å sjå foreldrelause som hjelpelause offer. Då ser vi bort frå dei ressursane barn sjølve har, og jobbane dei gjer, seier Abebe.

Han meiner bistand ofte blir feilslått dersom alt barnearbeid vert stempla som forkastelig og i strid med barnas eigne interesser.

Tvert om kan arbeidet bidra til å styrke barnas posisjon, sjølvfølelse og sosialisering inn i vaksenverda, samstundes som det gir verdifulle bidrag til hushalda.

Abebe viser til sine egne observasjonar frå feltstudiar blant rundt 60 tiggarbarn i Addis Abeba – alle frå svært fattige hushald.

Mange seier at de tigg for å hjelpe familien med å skaffe inntekt. Noen omtaler sin aktivitet som shikella, som nærast betyr arbeid eller næringsverksemd. Samstundes syner dei stor kløkt og fantasi i sin aktivitet, og framhever talentane dei treng.

Mens omverda ser dei som asosiale, som offer eller farlige småkriminelle, ser mange av barna seg sjølve som nyttige individ med tilhøyring i sosiale nettverk.

– Tiltak som einsidig går ut på å få barna vekk frå gatene, inn i institusjonar og heimar, og få «barnefrie gater», kan bidra til å stigmatisere barnetiggarane ytterligare og dermed forverre situasjonen deira, meiner Abebe.

Kjerra føre hesten

Det «globaliserte» barndomsidealet, som etter Abebes meining ikkje anerkjenner barns arbeid og ansvar, blir spesielt paradoksalt når det blir stilt opp mot verknadene av den globaliserte økonomien, meiner han, og viser til røynslene frå kaffidistriktet Gedeo.

– Dagens form for globalisering hjelper korkje fattige familiar eller fattige barn engasjert i kaffiproduksjonen.

– Tvert om bidrar urettferdige produksjons- og handelsvilkår til å gjere dei enda fattigare, og pressar barna inn i arbeidsforhold som liknar rein utbytting.

– Om vi ikkje gjer noko med slike strukturelle problem, blir det nyttelaust å forsøke å betre enkeltbarns skjebne ut frå tanken om deira individuelle rettar. Det blir som å sette kjerra føre hesten, seier Abebe.

Redd Barna usamd

Gro Brækken er generalsekretær i Redd Barna. Ho deler slett ikkje Abebes synspunkt på organisasjonens tenking og arbeid, og meiner dei bygger på misforståingar:

– Korkje Redd Barnas arbeid eller FNs barnekonvensjon er i strid med storfamilieomgrepet, slår ho fast.

Det blir tatt vare på gjennom både utdanningsprosjekt og påverkingsarbeid. Det er sjølvsagt at barna stadig skal være en del av storfamilien.

– Dette blir etter vår meining bekrefta av det faktum at den afrikanske konvensjonen enda med å bli ein «blåkopi» av FNs. Vårt langsiktige rettsarbeid kategoriserer på ingen måte barn som hjelpelause, det vil være i direkte motstrid med rettstenkinga.

– Det faktum at mange barn jobbar for å bidra til familiehushaldet, betyr ikkje at dei skal nektast sin rett til utdanning, god helse og beskyttelse mot overgrep og utnytting, seier Brækken.

 

Powered by Labrador CMS