Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.

Ein kald vår med kalde netter gir sein blomster i år. Her er plommesortane Edda og Jubileum dekt med snø 1. mai. Biletet er frå Lofthus i Ullensvang.
Ein kald vår med kalde netter gir seine blomster i år. Her er plommesortane Edda og Jubileum dekt med snø 1. mai

Når startar fruktblomstringa i Hardanger?

Fruktekspertar har fleire tiår med registreringar. Kvalifisert gjetting er då verdifullt både for turistar og bønder.

Spørsmålet om fruktblomstringa dukkar opp kvar einast vår, og ekspertane svarer så godt dei kan.

– Allereie i mars kan det kome telefonar frå turistar som vil planleggje årets Hardangertur, fortel forskar Mekjell Meland ved NIBIO Ullensvang.

I tretti år har seniorforskar Mekjell Meland gjort nøyaktige fenologiske registreringar av fruktblomstrane i Hardanger.
I tretti år har forskar Mekjell Meland gjort nøyaktige registreringar av fruktblomstrane i Hardanger.

– Så tidleg er det ikkje mykje vi kan seia. Tidspunktet for blomstringa er veldig temperaturavhengig. Ho kan variere med nokre veker frå år til år, forklarer den erfarne frukteksperten.

Tretti år med registreringar

Likevel treng ikkje forskaren å lene seg utelukkande på lang erfaring. I tretti år har Meland gjort nøyaktige fenologiske registreringar av utviklinga til knoppane og blomstrane. Fenologi handlar om forhold mellom klima og vekst.

Når ein kjem utover i april, blir prognosane sikrare og sikrare.

– Vi bruker den såkalla BBCH-skalaen der kvart stadium har eit eige tal, forklarer fruktforskaren frå Ullensvang.

– Vi registrerer ulike stadium frå svellande knoppar til avblomstra, seier Meland.

I skjema under ser vi viktige stadium: Musøyrestadiet (56), tett klyngje (57), ballongstadiet (59), byrjande blomstring (60), full blomst (65) og byrjande kronbladfall (67).

Viktige utviklingsstadier i frukt (BBCH-skalaen).
Viktige utviklingsstadier i frukt (BBCH-skalaen).

– Kvart år blir datoen for dei ulike stadia registrert. Dermed kan vi samanlikne ulike år og samanlikne observasjonane med klimadata.

Spektakulær epleblomstring

Ulike fruktslag og fruktsortar blomstrar på litt ulikt tidspunkt. Aprikosane er først ut. Av dei meir tradisjonelle norske fruktslaga er det plommer og morellar som leiar.

Dei står i full blomster omtrent ein til halvanna veke før epletrea.

Av eplesortane er det Summerred og Gravenstein som er tidlegast ute, medan hovudsorten i Noreg, Aroma, står i full blomster ei lita veke seinare.

– Det er epleblomstringa som er mest spektakulær. I år ligg det an til å bli rik blomstring, røper Mekjell Meland.

– I fjor stod dei eplesortane som blomstrar tidlegast, i full blomster rundt 17. mai. I år er det litt seinare blomstring på grunn av ein kjølig vår med låge nattetemperaturar. Eg reknar med at epletrea når «full blomster» stadiet rundt 20. mai i år, men det er framleis temperaturane som styrer. Trea blomstrar først nede ved fjorden og nokre dagar seinare litt høgare oppe.

– Får vi nokre veldig varme dagar, kan det bli tidlegare. Det er like spennande kvart år.

Nyttig informasjon for mange

Meland er særleg spent i år. Han ventar nemleg utanlandske professorar som skal handpollinere ei rekkje ulike eplesortar. Det må skje på nøyaktig rett tidspunkt i blomstringsforløpet.

Formålet er å finne dei rette pollensortane til handelssortane vi dyrkar.

Forskarane har også nytte av desse dataa når dei skal vurdere kva konsekvensar klimaendringane kan få for fruktdyrkinga i Noreg. Observasjonar frå år med unormalt vêr gir nyttig informasjon om korleis endringar i klimaet kan kome til å påverke blomstring og pollinering.

Det er ikkje berre turistar og forskarar som har nytte av dei fenologiske registreringane av fruktblomsterutviklinga.

Mykje av arbeidet som bøndene skal gjera, må utførast på rett tid i forhold til blomstringsstadium. Mellom anna sprøyting.

Plomme i blomst. Lofthus, Ullensvang kommune.
Plomme i blomst. Lofthus, Ullensvang kommune.

VIPS, ei teneste som gir bøndene varsling om fare for ulike skadegjerarar, nyttar mellom anna klimadata frå Ullensvang når dei skal føreseia smittetrykk av skurv i eple.

Også Norsk Landbruksrådgiving (NLR) bruker denne informasjonen når dei gir råd til bønder om plantevern.

Blomstringstidspunkt og pollinering

Sjølv om humler og bier ikkje lesar fenologiske tabellar, er blomstringsforløpet også svært viktig for dei. Dermed også for den vidare utviklinga frå blomster til moden frukt.

Sjølv med ei flott blomstring kan mange ulike forhold gjere at blomstrane blir dårleg pollinerte. Då kan bøndene likevel ende opp med ei dårleg avling.

Kjølig vêr følgd av varme kan føre til intens og kortvarig blomstring. Det kan igjen føre til at insekta rett og slett ikkje rekk å pollinere alle blomstrane før det er for seint.

Viss vêret er kjølig og vått under blomstringa, vil det vera få insekt i aktivitet. Det vil også føre til dårleg pollinering.

Forskarar ved NIBIO Ullensvang jobbar med å auke kunnskapen om samanhengane mellom blomsterutvikling, klima og aktiviteten til pollinatorar som tambier, ulike villbier og humlearter.

Nasjonaldagen i full blomster

Men tilbake til spørsmålet vi starta med: Når startar fruktblomstringa i Hardanger? Forskar Meland har eit svar også til dei som ikkje ønskjer å dukke ned i fenologi og sortsforskjellar.

– For dei som ikkje vil gå like grundig inn i utviklinga til fruktblomstrane som forskarane gjer, pleier eg å seie at viss ein kjem rundt 17. mai, er ein nesten sikra å få med seg noko av blomstringa.

– I tidlege år vil dei seine eplesortane framleis vere i blomster, og i år med sein fruktblomstring får ein i alle fall med seg plomme- og morellblomstringa, seier han.

Så velkomen til Hardanger! No er det berre nokre få dagar igjen til eplehagane står i full blomster.

Fakta om fenologi

I botanikk prøver fenologien å forklare forholdet mellom klimaet på ein stad og tidspunktet for starten av hovudfasane i plantane, særleg trea, sin utvikling i vegetasjonsperioden. Som hovudfasar blir rekna lauvspring, blomstring, fruktmodning og lauvfall.

Kjelde: Store norske leksikon

Du finner flere artikler fra NIBIO her.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS