Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Kollagen frå kalkun har eigenskapar som gjer at det eignar seg godt som utgangspunkt for legemiddel til menneske.

Restar av kalkun kan bli råstoff til medisin

Kalkunversjonen av proteinet kollagen kan bli grunnlag for nye legemiddel. Nyttig råstoff ligg att når fuglen er på veg til matbordet.

Mange ser på restane etter slaktinga som avfall, men Krister Gjestvang Grønlien nektar å høyra på det øyret.

– Avfall er noko vi kastar bort, noko vi kvittar oss med. Men ein del av det som ikkje kan brukast til mat, vert alt brukt som råstoff, mellom anna til dyrefor og biodrivstoff, seier Grønlien.

Han tar doktorgraden ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo. Prosjektet hans har utgangspunkt i ein førespurnad frå Norilia, eit dotterselskap av matprodusenten Nortura.

Norilia si oppgåve er å undersøkja moglege nye bruksområde for restråstoff frå mellom anna kalkun.

Kartla eigenskapane

Grønlien og kollegaene konsentrerte seg om senane, som ein ofte kan sjå restar av når ein kjøper kalkun- eller kyllingfilet på butikken.

Mykje av restråstoffet inneheld kollagen, som er det vanlegaste proteinet hjå menneske og dyr. Det er kjend for å ha nyttige farmasøytiske og biomedisinske eigenskapar.

– Kalkunsenane inneheld nesten berre kollagen. Det fyrste vi gjorde, var å kartleggja kva eigenskapar dette spesielle kollagenet har, forklarar Grønlien.

Kollagen og varme

– Vi fann at det var type 1 og type 3, som gjer at det har lett for å danna fibrar. I tillegg var det svært interessant at det hadde ein høg denatureringstemperatur, som det heiter.

Denatureringstemperaturen fortel kor mykje varme kollagenet toler før det blir brote ned. Det har betydning for kva det kan brukast til i farmasien.

– Det er forska ein del på kollagen frå fisk. Dei vert gjerne brotne ned rundt kroppstemperaturen til fisken, mellom 20 og 30 grader. Slikt kollagen er utfordrande å bruka på menneskehud, sidan ho ligg rundt 32 grader, seier Grønlien.

Trekkjer fram berekraft

– Kollagenet frå kalkun toler derimot opp til 44,5 grader, slik at det med god margin kan brukast av menneske utan å bli brote ned. Det er typisk at kollagen frå fuglar har høg denatureringstemperatur.

– At han skulle vera så høg som dette hjå kalkun, overraska oss, sidan vi er dei fyrste som har karakterisert kalkunkollagen, seier han.

Det er òg forska på kollagen frå restråstoff av storfe, men det har den ubehagelege eigenskapen at det potensielt kan overføra BSE, eller kugalskap som vi kjenner det betre som. Dette er ikkje eit problem med kalkunar.

– Med det utgangspunktet har vi utvikla og testa ulike prototypar for medisinske produkt. Det er spesielt tre område vi ser stort potensiale innan: sårlækjing, dyrking av vev og transport av medisin til staden i kroppen der det skal gjera nytte, fortel han.

– Det står att mykje utforsking før vi har ferdige produkt her. Men det som eg gjerne vil trekkja fram som viktig for oss om arbeidet vårt så langt, er at det har vore berekraftig.

Ressursar som ville gått til spille

Han fortel at når dei har framstilt prototypane sine, har dei brukt naturlege løysemiddel. Kryssbindarane dei har brukt, tilsetjingsstoff som skal gjera kollagenet sterkare, har òg vore naturlege.

– I den fyrste studien vår brukte vi vitamin B2, som andre har brukt tidlegare. I den siste brukte vi eit anna, men den er ikkje publisert endå, så det får du ikkje skriva om, smiler han løyndomsfullt.

FN sine berekraftsmål vart ikkje nemnde i den fyrste prosjektbeskrivinga deira, fortel han. Men etter kvart som prosjektet har skride fram, har berekraftsmåla vorte stadig meir sentrale i samfunnsdebatten. No synest han det er heilt naturleg å knyta dei til arbeidet sitt.

– Det mest relevante er målet om ansvarleg bruk og forbruk, ved at vi gjer oss nytte av ressursar som elles ville ha gått til spille. Det har naturlegvis òg samanheng med målet om betre helse. I tillegg har det ein klimaeffekt, seier han.

Referanse:

Krister Gjestvang Grønlien: Sustainable use of rest raw materials: Properties of collagen from turkey (Meleagris gallopavo) and potential pharmaceutical and biomedical application, Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Oslo, 2021. (Nettside på UiO om avhandlingen)

Powered by Labrador CMS