Frukt og bær under plast - øydeleggande for kulturlandskapet?

Framtidas prospektkort frå Vestlandet kan sjå annleis ut: Attgroing, færre og større einingar, intensiv drift med frukttre under plast og bærdyrking i plasttunnelar. Men treng turistnæringa bekymre seg?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Vestlandet med sine høge fjell og djupe fjordar trekkjer kvart år til seg ti-tusenar av norske og utanlandske turistar. Med til postkortbiletet høyrer bratte lier og små gardar. Nedst mot fjorden ligg ofte fruktplantasjar med eple, pærer, plommer, søtkirsebær og i tillegg bringebær og jordbær.

-Turistnæringa brukar fruktdyrkinga og fruktdyrkingslandskapet massivt i reklame og marknadsføring, og det er ei utbreidd oppfatning at fruktdyrkaren er ein av bærebjelkane i marknadsføringa av opplevingsturismen på Vestlandet. Samtidig er næringa uroa over utviklinga, seier forskar Lars Sekse ved Bioforsk Vest Ullensvang i Hardanger.

Konsekvensar for turistnæringa?

Han leiar eit prosjekt for å skaffe kunnskap om endringane som skjer i fruktproduksjonen. Det store spørsmålet er om dette kan få konsekvensar for turistnæringa. Ein del av prosjektarbeidet omfattar difor ei spørjeundersøking mellom turistar, som til dels gav overraskande svar.

"Er plast vakkert?"
"Er plast vakkert?"

- På spørsmål om frukthagar dekka med plast bidreg negativt eller positivt til opplevinga av landskapet, var det ei klår og overraskande overvekt av svar i kategorien “verken/eller”.

Med unnatak av franskmenn, svara majoriteten frå alle landa at plastdekka frukt-teigar korkje var negativt eller positivt for deira oppleving av landskapet i Ullensvang. Eit mindretal på 25 prosent opplevde bruk av plast som negativt.

- I intensive fruktdyrkingsområde har det skjedd heilt tydelege og godt synlige endringar. Men vi er overraska over svara på dette punktet i undersøkinga, seier Sekse, som gjennomfører prosjektet saman med Heidi Knutsen og Torbjørn Haukås fra NILF og Anders Lundberg frå Geografisk Institutt ved Universitetet i Bergen.

Reiselivet er storebror

Med nær 30 prosent av landets fruktproduksjon, er Ullensvang den største fruktkommunen i Noreg. Likevel er reiselivet storebror. Dei omset for om lag fire gonger så mykje som fruktnæringa i heradet.

Eit døme på reiselivets betydning på Vestlandet, er National Geographic Traveler som i 2005 kåra dei norske fjordane som beste reisemål i verda.

Det var næringa sjølve med Hotel Ullensvang i spissen som tok initiativet til prosjektet “Viktige faktorar i opplevingsturismen knytte til kulturlandskapet i vestlandsfjordane”. Det er støtta av Noregs Forskingsråd, og målet er å få meir kunnskap om endringane som skjer i fruktproduksjonen, og om kva desse endringane kan koma til å seie for turistnæringa.

I prosjektet vart turistar spurde om deira oppleving av faktorar knytte til kulturlandskapet; frukthagar eller ope landskap, små eller store tre og plastdekka plantingar.

Nordmenn positive til frukthagar

-Spørjeundersøkinga vart gjennomført på ein slik måte at den ikkje kan reknast som fullt representativ for oppfatningar om element i kulturlandskapet mellom turistar som vitja Ullensvang sommaren 2005. Ein kan likevel rekna med at materialet gjev ein viss peikepinn på kva store grupper av turistar frå ulike land meiner om dei omspurte faktorane knytte til kulturlandskapet, seier Lars Sekse.

Nordmenn svara at dei jamt over var positive til frukthagar som element i landskapet. Den same tendensen var klar også for engelskmenn og franskmenn. Nederlendarar og tyskarar var klårt negative til frukthagar som opplevingselement i kulturlandskapet Med unnatak av engelskmenn, sa dei fleste at dei føretrekte frukthagar i landskapet framføre ope kulturlandskap.

Det er i alle fall ingen tvil om at primærnæringane gjennomgår tydlege strukturendringar, meiner Lars Sekse i Bioforsk. I fruktproduksjonen er mest alle bruk lagde om til intensive plantingar med små tre i tette rekkjer. Mange små bruk går ut av drift, og dei einingane som vert att, vert større. Også dei økonomiske tilhøva har endra seg, og det får store verknader for kulturlandskapet i mange av grendene med intensiv fruktproduksjon.

Førebels er konklusjonen at dette ikkje skremmer turistane.

Powered by Labrador CMS