Soppen Neonectria neomacrospora på fjelledelgran. (Foto: Venche Talgø, Bioforsk)

Strekkode finn grunnen til sjukdom

Er plantene ramma av ein ukjent sjukdom? Når sjukdomsorganismane har fått strekkode, så kan du sjå både raskare og sikrare kva som feiler dei sjuke plantene.

Diagnose med strekkode

Mange skadegjerarar krev omfattande testing i laboratoriet for å identifisere arten sikkert.

Metodar baserte på arvestoff (DNA/RNA) er følsomme, sikre og raske.

Dei fleste arvestoff-metodane er testar som ser etter ein særskilt art og svarar ja eller nei på om det er akkurat den arten som er funne.

Strekkoding, derimot, er helt generell og kan identifisere eller karakterisere kjende og ukjende skadegjerarar.

Forskarar over heile verda arbeider saman om ein internasjonal database for desse strekkodane: IBOL.

Bioforsk Plantehelse har arbeidd i tre år med å ta i bruk DNA-strekkodeteknologi for å identifisere skadegjerarar som kan truge norsk plantehelse.

– Problemet med mikroorganismar er at du ikkje ser dei. Det er ikkje så lett å hindre dei i å komma inn i landet, slår Venche Talgø fast.

Talgø er forskar ved Bioforsk Plantehelse. Saman med kollega Maria Herrero har ho stor nytte av arbeidet med DNA-strekkoding for å fastsetja kva for artar det er som trugar plantene i Noreg. Professor May Bente Brurberg leier prosjektet.

Forskarar over heile verda arbeider med å byggje opp eit opent bibliotek av strekkodar. Her registrerer dei korte delar av arvestoffet; delar som varierer så mykje mellom artane at dei kan brukast til å identifisere riktig art.

– Vi ser på dette som eit slags verktøy for å hjelpe oss i diagnose, særleg på nye artar, forklarer Brurberg.

Ser like ut

Når dei tre forskarane snakkar om nye artar, snakkar dei framfor alt om artar som kan skade norske planter – til dømes bakteriar, sopp og insekt. Ofte er det ikkje nok å sjå på dei i mikroskopet for å finne ut kva som feiler plantene. Når artar er ukjente eller ser like ut, må det til DNA-testar.

Neonectria ditissima på eplegrein. (Foto: Venche Talgø, Bioforsk)

Til dømes har forskarane sett på ein art i soppslekta Neonectria, som rammar epletre.

– Den er veldig lik ein art som går på edelgran. Skadebilda og vertsplantene er heilt forskjellige, men sporane til dei to soppane liknar einannan, seier Brurberg.

Det er generelt viktig å veta kva for organisme ein har med å gjera. Det sparar miljøet enormt at ein ikkje pøser ut plantevernmiddel utan å ane kva ein sprøyter mot. Identifisering er alfa og omega, ifølgje forskarane.

Import

DNA-strekkodane er òg til god hjelp når det dukkar opp noko som ikkje er godt kjend i Noreg frå før.

– Det er fleire nye artar som er komne inn dei siste åra. Det er meir handel enn før, og forbrukarane ønskjer å få inn nye sortar og nye artar. Da følgjer det ofte med nokre nissar på lasset, slår Brurberg fast.

Nå som det skal opnast for import av frukttre, skal Bioforsk ha eit prosjekt for å hindre nye sjukdommar i å komma inn med trea.

Del av DNA-strekkode for Neonectria frå edelgran og eple. Forskjeller i denne delen av strekkoden er ringa rundt med rødt. (Foto: (Illustrasjon: Bioforsk))

– Da det vart opna for import av meir plommer, fann vi ein karanteneskadegjerar i den fyrste sendinga, seier ho.

Ein karanteneskadegjerar er ein lovregulert organisme kan gjera store skadar i planteproduksjonen og vera vanskeleg å handtere, og som ikkje skulle ha vore i Noreg i det heile.

Strekkodinga gjer at det går raskare å få eit svar på kva for art det er tale om. Når vogntoget står på grensa med last, er det ikkje særleg praktisk å vente på at forskarane skal dyrke fram ein sopp eller ein bakterie eller la ei larve få utvikle seg til vaksent insekt.

– Vi byrjar å få strekkodane godt etablert for sopp og insekt. Bakteriar og virus er verre. Det er mange artar, og systema er ikkje like gode ennå, seier Brurberg.

Heilt nye artar

Det er slett ikkje berre prøvar frå planter på veg inn til Noreg som forskarane på Bioforsk Plantehelse ser på. Kven som helst kan sende inn prøver, og både Mattilsynet, planteprodusentane og landbruket gjer det. Skogbruket får gjort den same jobben hos Institutt for skog og landskap.

Mikroskopet og cellekulturane er til god hjelp, men strekkodar gjer jobben enda enklare og raskare for Maria Herrero (frå venstre), May Bente Brurberg og Venche Talgø. (Foto: Georg Mathisen)

Nokre gongar oppdagar forskarane ein heilt ny art. Arbeidet med skadegjerarar har gitt kompetanse som òg kjem til nytte på andre måter. Blant anna har Maria Herrero leia eit prosjekt for Artsdatabanken der pseudosopp er kartlagd på Svalbard og i andre naturområde.

I dette prosjektet har strekkodearbeidet ved Bioforsk har ført til at dei har funne minst ti artar som aldri har vore registrerte før på verdsbasis, og i tillegg ni som er nye for Noreg.

Powered by Labrador CMS