Plantenes CSI

Når ingen veit kven mordaren er, tek plantehelse-ekspertane over granskinga. Dei er planteverda sitt CSI.

Publisert
Bladlus under lupen. (Foto: Arnstein Staverløkk)
Bladlus under lupen. (Foto: Arnstein Staverløkk)

Fakta:

Karanteneskadegjerarar er ei felles nemning på insekt, midd, nematodar, sopp, bakteriar og virus – planteskadegjerarar som kan vera vanskelege å stoppe, og som kan gi store skadar i planteproduksjonen om dei får etablere seg.

Dels er dette skadegjerarar som ikkje er etablerte i Noreg, og dels skadegjerarar som har ei avgrensa utbreiiing og som er lagt under offentleg kontroll.

Om det påvisast karanteneskadegjerarar, skal det settast i verk tiltak for å hindre spreiiing, og om mogleg skal dei utryddast.

Mystiske dødsfall rammar samfunnet. Er det eit mønster? Er syndaren den same kvar gong? Skarpe etterforskarar slit med å finne svaret. Ligg løysinga i DNA-prøver?

Hadde det hendt på ei amerikansk fjernsynsserie, og hadde offera vore menneske, ville det ha vore ein jobb for CSI.

Men dette skjer i den verkelege verda. Og dei som døyr, er planter.

Store skadar

– Alle vil vi halde plantene friske. Men karanteneskadegjerarane kan gjera katastrofale skadar på plantene i Noreg, seier Sonja Klemsdal.

Ho er forskingssjef på Bioforsk Plantehelse. Saman med kollegaene skal ho finne ut kva som har skjedd når noko rammar norske planter.

«Karanteneskadegjerarar» er sjukdomsorganismar som ikkje skulle ha komme inn i Noreg i det heile. Virus, bakteriar, sopp, insekt og nematodar som helst skal utryddast.

– Det er så ymse korleis dei kan komma inn. Dei kan komma med frukttre, eller med prydplanter. Det kan vera at eit mildare klima gjer at fleire kan klare å etablere seg her i landet sjølv om dei ikkje ville klart det tidlegare, forklarer Klemsdal.

Pærebrann

Pærebrann er eit døme på ein karanteneskadegjerar. Den kom til landet, blei nesten utrydda, men har blomstra opp att. (Foto: Arild Sletten)
Pærebrann er eit døme på ein karanteneskadegjerar. Den kom til landet, blei nesten utrydda, men har blomstra opp att. (Foto: Arild Sletten)

Pærebrann er eit døme på ein slik karanteneskadegjerar. Den kom til landet, blei nesten utrydda, men har blomstra opp att.

– Man må alltid ha som mål at man skal prøve å avgrense eller utrydde sjukdommane heilt. Fyrste instans er å hindre at dei kjem inn. Går ikkje det, er neste instans å utrydde dei hvis dei kjem, ifølgje Sonja Klemsdal.

Ein annan, nyare skadegjerar er Phytophthora ramorum – ein pseudosopp, altså ein fjern slektning av til dømes krepsepest og potetkreft.

– Den har gjort store skader på skogen i California. I Noreg blei den fyrst oppdaga på rhododendron, fortel forskar María-Luz Herrero.

– Så langt har vi ikkje hatt alvorlege epidemiske utbrot, men den er funne på pyramidelyng, eik, krossved og blåbær. Smitta kan transporterast over store avstandar langs vassdrag, seier Herrero.

Analyserer DNA

Men korleis finn man ut kven som er skadegjeraren og kva som kan gjerast? Er det insekt som står bak, kan det nokon gonger vera nok berre å bruke auga for å finne ut kven syndaren er.

Den nye skadegjeraren Phytophthora ramorum er funne på blant anna blåbær
Den nye skadegjeraren Phytophthora ramorum er funne på blant anna blåbær

Men at auga aleine er nok til å finne løysinga, det hører med til unntaka.

– Fleire av dei kan vi ikkje finne sikkert berre ved å sjå på plantene, sjølv om vi bruker mikroskop. Dermed må vi analysere DNA for å vera sikre. På den måten har vi òg identifisert heilt nye variantar som ikkje er funne andre stadar, fortel Sonja Klemsdal.

Det er Mattilsynet som har ansvaret for å stoppe karanteneskadegjerarane i Noreg og som bruker Bioforsk til detektivarbeidet.

– Vi har jo ein beredskap heile året. Det er alltid nokon som sitt der klar til å ta prøvene. I tillegg til at vi tek prøver hvis det oppstår ein mistanke, så tek Mattilsynet systematisk ut prøver i ulike distrikt, som vi så analyserer.

– På den måten hjelper vi Mattilsynet å ha den beredskapen og å få oversikt over situasjonen, seier Klemsdal.