Store skilnader mellom barn i norske barnehagar
Norske barnehagar vektlegg ikkje læring på same måte som barnehagar i andre land. I tillegg er det store skilnader på kva norske toåringar kan. Skilnadene aukar med alderen og er større enn det forskarane forventa.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I Stavangerprosjektet følgjer forskarar over 1000 barn frå dei er to år i barnehagen og til dei er nærare ti år i skulen.
Resultata så langt viser at på nokon område ligg barna i undersøkinga ein del bak tilhøva i andre land når det gjeld læring. Spesielt gjeld dette for matematikk.
– Norske barnehagar er gode på leik og omsorg, men forskinga vår viser at barnehagane i sterkare grad også må leggje betre til rette for læring på andre utviklingsområde, seier førsteamanuensis Elin Reikerås ved Lesesenteret.
– Det at det finst ein del barn som snart fyller fem år som ikkje kan skrive namnet sitt, eller telja til ti, må barnehagane ta på alvor.
Det er store skilnader i ferdigheitsnivå blant barna i barnehagane. Og skilnadane aukar med alderen.
Nokre toåringar kan ting ein ventar av femåringar, og omvendt. Ein veit at godt utvikla språk er viktig for å kunne delta i leik med andre barn, både når barna er to år og fem år.
– Vi hadde forventa nokre skilnader, men at dei var så store allereie ved toårsalderen var overraskande. Håpet er at vi kan jamne ut desse skilnadane tidleg slik at barna ikkje har så store sprik i ferdigheitsnivå ved skulestart, seier Reikerås.
Følgjer utviklinga
Ho meiner at samanlikninga dei har gjort med andre land er eit varsko til dei norske barnehagane.
– Resultata våre viser at det er barn som ikkje kan det dei skal kunne. Det betyr at dei norske barnehagane må ha eit sterkare fagleg fokus. Dei kan bli endå betre, seier Reikerås.
Nesten alle barnehagar i Stavanger er med i studien.
– Det er først når du har slike store tal du kan sjå tendensar i eit materiale og seia noko om kva som er typisk for ei gruppe.
– Dette materialet viser oss kva som er ei typisk utvikling for barn, og kva vi må være observante på når det gjeld barn som har utfordringar. På denne måten kan vi også utarbeide tiltak for dei ulike alderstrinna, som barnehagane kan ta i bruk, seier Elin Reikerås, som gler seg til å kome i vidare i prosjektet.
En del av barna i studien har no begynt på skolen. Dei fyrste dataene frå skulealder er like om hjørnet.
I den vidare forskinga håper forskarane å få svar på om tidleg utvikling heng saman med seinare utvikling, og om nokre av ungane står i fare for å utvikle lese-, rekne eller skrivevanskar.
Les mer:
Stavangerprosjektet - det lærende barnet