Annonse

Variasjon viktig for skulesvake

Gode lærarar og variert undervisning er viktig for mange, men særleg for dei skulesvake elevane.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Om undersøkinga

I det kvalitative datamaterialet inngår åtte fokusgruppeintervju og ni individuelle intervju med elevar på 9. trinnet. Til saman har forskarane snakka med 52 elevar på to skular.

Rapporten er tinga av Kunnskapsdepartementet i samband med arbeidet med stortingsmeldinga om motivasjon i ungdomsskulen: Motivasjon - mestring - muligheter. Ungdomstrinnet. St.meld. nr. 22 (2010-2011).

– Elevane har klare meiningar om korleis ein god lærar skal vere, fortel Åse Strandbu, ein av forskarane bak rapporten Ungdomskoleelevers meninger om skolemotivasjon.

Ein god lærar må vere engasjerande, kunnskapsrik, tolmodig, hjelpsam og snill.

Elevane fortel òg at varierande undervisningsformer bidreg til større skuleinnsats, men dette gjeld ikkje for alle. Dei skulesvake elevane er meir opptekne av dette enn dei skulesterke.

Dei skulesvake elevane ønskjer seg mer i variasjon i timene for å orke å følgje med, og dei vurderer sjølv at dei lærar meir i timar med variert undervisning.

– Elevar som framstår som skuleflinke, likar òg variasjon i undervisninga, seier Strandbu.

– Men i forteljingane deira kjem det fram at variasjon ikkje spelar like stor rolle for eigen motivasjon og innsats. Innhaldet i undervisninga er tilstrekkeleg for å vekkje interesse og motivasjon.

Karakterar

Karakterar er viktig for elevane. Dei er viktige for eigen innsats, og òg fordi dei rangerar elevane som skuleflinke, skulesvake, nerdar og så vidare.

Dei fleste seier at karakterar har ein verknad på skuleinnsatsen deira. Dei skuleflinke elevane fortel at karakterar bidreg til at dei gjer lekser og førebur seg til prøver.

– Når det gjeld dei skulesvake elevane kan karakterar verke motiverande for dei òg. Men mellom desse elevane finn vi òg utsegn som peikar mot at at karakterar ikkje har denne effekten, fortel Strandbu.

Utsegnet “det er ikke noe vits i å øve, for det kan hende jeg igjen får dårlige karakterer”, illustrerer godt det anna forsking har vist; av frykt for å feile og framstå som dum, reduserer eleven skuleinnsatsen sin. Motivasjonen blir svekt.

Referanser:

(Illustrasjonsfoto: Ingram)

Dæhlen, Smette & Strandbu, Ungdomskoleelevers meninger om skolemotivasjon. En fokusgruppestudie, NOVA Rapport 4/11. 

Øia, Ungdomsskoleelever. Motivasjon, mestring og resultater, NOVA Rapport 9/11. 

Powered by Labrador CMS