Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Språktestar er viktige reiskap for å fange opp barn som strevar med språket.(Illustrasjonsfoto: Shane Colvin / UiO)
God nok test for barn med språkvanskar?
Forskarar har undersøkt to instrument for kartlegging, som blir nytta i Noreg, for å identifisere språkforstyrringar hos barn i skulealder. Berre den eine gjev eit presist svar.
Barn med svake språkferdigheiter ved skulestart risikerer å bli hengjande etter både sosialt og fagleg.
Ulike typar språkvanskar krev ulike typar tiltak. Difor er det viktig å finne årsaka til kvifor eit barn strever med språket. Kan det vere ei utviklingsmessig språkforstyrring?
Utviklingsmessige språkforstyrringar
Utviklingsmessige språkforstyrringar blei tidlegare kalla spesifikke språkvanskar og er noko som ofte varar ved heile livet.
Personar med denne diagnosen har ofte vanskar med å lære seg nye ord, gjer grammatiske feil og har vanskar med å forstå kva andre seier i språkleg krevjande situasjonar.
Vanskane får ofte konsekvensar for utdanning og seinare arbeidsliv.
Det er difor viktig at vi kan finne dei barna som har denne vansken for å kunne gje best mogleg hjelp.
Eit viktig verktøy
– Ein språktest kan seie noko om dei språklege ferdigheitene til eleven samanlikna med barn på same alder. Difor er det eit veldig viktig verktøy som kan hjelpe logopeden og spesialpedagogen å avgjere kva slags tiltak barnet kan ha bruk for, forklarar Eira Troneng Akselberg.
Akselberg jobbar som logoped og spesialpedagog i ein barnehage. Ho har skrive ein forskingsartikkel basert på masteroppgåva si ved Institutt for spesialpedagogikk på Universitetet i Oslo (UiO).
Saman med prosjektleiaren sin, Janne von Koss Torkildsen, professor ved same institutt, samt rettleiar og rådgjevar Jannicke Karlsen og rådgjevar Stian Valand ved Statped sørøst, har ho undersøkt to instrument for kartlegging som blir nytta i Noreg, for å identifisere språkforstyrringar hos barn i skulealder.
Sidan instrumenta hyppig blir nytta til å stadfeste eller avsanne ein mistanke om språkforstyrring, såg forskarane eit behov for å undersøkje om kor gode dei er til å fange opp dei rette barna.
Ingen hadde forskingsmessig undersøkt dei versjonane og normene av instrumenta som var utvikla for norsk. Difor var det på høg tid at nokon gjorde det.
Korleis måler vi presisjonen i testane?
Forskarane samanlikna dei to instrumenta Clinical Evaluation of Language Fundamentals, Fourth Edition (CELF 4) og Children’s Communication Checklist, Second Edition (CCC-2).
Spørsmåla dei ville ha svar på var:
1. Tilfredsstiller dei norske versjonane av kartleggingsverktøya gjeldande krav til sensitivitet og spesifisitet for identifisering av språkforstyrringar hos barn i skulealder?
Sensitiviteten er sannsynet for at testen fangar opp barn med språkforstyrringar.
Annonse
Spesifisiteten er sannsynet for at testen korrekt klassifiserer dei som ikkje har ei språkforstyrring.
2. Korleis vil ei justering av terskelverdien til CCC-2 påverke sensitivitet og spesifisitet ved instrumentet?
Felles for både språktestar og spørjeskjema er at dei har ein såkalla terskelverdi eller grense, kor dei som skårar høgare enn denne blir vurdert til å vere innanfor normalområdet, medan dei som skårar lågare blir vurdert til å ha ei språkforstyrring.
Ei justering av denne grensa vil difor påverke kva for barn som blir identifisert med ein mogeleg vanske.
Utvalet bestod av 21 barn i alderen 5 til 12 år med påviste utviklingsmessige språkforstyrringar og 21 barn med typisk utvikling.
Desse var parvis matcha med barna med språkforstyrringar på alder, kjønn og ikkje-språkleg intelligens (IQ).
Ikkje-språkleg intelligens blir målt gjennom oppgåver som ikkje brukar språk, gjerne med ulike figurar.
Viktige resultat
Resultata viste at CELF-4 møtte anbefalte verdiar for både spesifisitet og sensitivitet, medan CCC-2 identifiserte berre to tredelar av deltakarane med utviklingsmessige språkforstyrringar.
– Den skandinaviske versjonen av CELF-4 ser ut til å vere godt egna til identifisering av utviklingsmessige språkforstyrringar i ein norsk kontekst, seier Akselberg.
Ho presiserer at resultata i tillegg tyder på at CCC-2 ikkje bør bli nytta aleine til å avgjere om barn med mistanke om utviklingsmessige språkforstyrringar skal bli kartlagt vidare.
– Å bruke berre CCC-2 kan føre til at barn som har behov for språklege tiltak ikkje blir fanga opp. Ei justering av terskelverdien førte til betre sensitivitet for CCC-2, og dette kan undersøkast vidare i framtidige studiar.
Annonse
Gode råd til deg med språkvanskar
Maia Kase Corona er 30 år og har språkvanskar. Utfordringane blei heldigvis oppdaga tidleg.
I videoen under fortel ho korleis det er å ha språkvanskar og kva for hjelp ho har fått i barnehagen og på skolen.
Corona gir også gode råd til deg som har språkvanskar og strevar på skolen.
Maia Kase Corona gir også lærarane tips om korleis dei kan hjelpe elevar med språkvanskar:
(Videoproduksjon: Shane Colvin / UiO)
Sjå også filmen kor tre professorar ved Institutt for spesialpedagogikk på UiO forklarer korleis språkferdigheiter er viktig, og kva forsking på barn med utviklingsmessige språkvanskar viser.
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER
(Videoproduksjon: Shane Colvin / UiO)
Om testen CELF-4
Testen blei utvikla i USA i 2003, men er omsett og tilpassa skandinaviske forhold og normert på eit skandinavisk utval i 2013
CELF-4 blir brukt for å vurdere språkkompetansen til barn og basert på testresultata vurdere tiltak.
Hovedindeksen i CELF-4 er Indeks for grunnleggende språkferdigheter (IGS) og dekker eit spekter av språkferdigheiter, inkludert grammatikk, språkleg minne og ord- og begrepsforståing og blir nytta som eit første steg i ei vurdering av ei mogeleg språkforstyrring.
Gjennomsnittet i normeringsutvalet er 100 og standardavviket 15.
Terskelverdien er 85 (1 standardavvik under gjennomsnittet). Det betyr at ein IGS-skåre under 85 tyder på ei språkforstyrring.