Annonse

Til kamp mot mobbing

- Kampen mot mobbing må vinnast kvar dag, seier professor Erling Roland ved Senter for åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger. Saman med fleire internasjonalt anerkjente mobbeforskarar ber han no verda ta tak i problemet.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei 30 forskarane som deltok på konferansen “Felles innsats mot mobbing”, som blei heldt i Kandersteg i Sveits i juni, har no skrive under på eit manifest der dei ber om eit auka fokus på arbeidet mot mobbing.

- Om lag 200 millionar barn og unge verda over blir alvorleg mobba av andre barn og unge. Mobbing er eit brot på retten til å bli respektert og vere trygg, seier Roland, og refererer til eit av punkta i kunngjeringa.

- I Noreg er det mellom 30.000 og 40.000 barn som vaknar kvar uke og veit kva dei går til, seier han.

Omfattande problem

Kandersteg-manifestet seier noko om at dei vaksne har eit ansvar for å hindre at mobbing skjer. Også mobbingens mange former blir nemnt.

- Mobbing er ein form for aggresjon som inneberer misbruk av makt. Mobbing kan skje på mange måtar. Mange unge i dag blir mobba gjennom mobiltelefonar, PC og internett, seier Roland.

I manifestet står det vidare at det å bli mobba kan føre til dårlegare mental og fysisk helse, dårlegare skuleprestasjonar og sosial isolasjon.

I tillegg har samfunnet store utgifter knytt til mobbing innanfor utdanning, helsevesen, sosialtenester, justis og arbeidsliv.

Brei appell

Forskarane som har skrive under på deklarasjonen representerer mellom anna land som Canada, USA, Australia, Sør-Korea, Spania, Austerrike, Finland og Sveits.

Appellen deira er meint som eit varsko til myndigheiter og folk flest om at kampen mot mobbing må auke i styrke.

Sjølv om Noreg har gjort meir for å forhindre mobbing enn fleire andre land, er det viktig å halde fokus på arbeidet, meiner Roland.

- Vi må stoppe mobbing på alle dei arenaer der barn og unge beveger seg. Forsking har vist at problemet er omfattande og at mykje kan gjerast i heim og skule for å unngå at mobbing skjer, seier Roland.

Kandersteg-manifestet blir offentleggjort i alle dei landa som var representert under konferansen i dag, den 5. september.

Powered by Labrador CMS