- Skulemiljøtiltak finst det mange av, og skular som ikkje følgjer eit bestemt program, kan óg ha gode tiltak og få til eit godt skulemiljø, seier Anders Bakken, forskingsleiar ved NOVA. (Foto: Scanpix, Bjørn Sigurdsøn)

Fungerer mobbeprogramma i skulen?

Skular som er gode til å førebyggje mobbing, klarar å få eit eigarskap til tiltaka og eit engasjement blant leiarar, lærarar og foreldre. Men treng dei eigentleg eit mobbeprogram for det?

Om prosjektet

NOVA og AFI har fått i oppdrag frå Utdanningsdirektoratet å gjennomføre eit forskingsprosjekt der målet er få meir kunnskap om det psykososiale miljøet i grunnskulen. Ein del av prosjektet er å sjå nærare på korleis skular brukar fire skulemiljøprogram som er støtta av direktoratet, og korleis desse programma har evaluert sine innsatsar.

Ei rekke skular rundt omkring i landet har etablert såkalla mobbeprogram. Men ikkje alle er samde om at slike program er til noko nytte. 

Ein ny rapport frå NOVA viser at i dei fleste tilfella er eit skulemiljøprogram aleine korkje ein oppskrift for sukess eller skadeleg for skulane. 

Eit viktig suksesskriterium er derimot at skulen sjølv tar styringa av arbeidet med skulemiljøet, og at dei brukar dei tiltaka og programma dei har valt, slik dei sjølv finn det best.

- Skulemiljøtiltak finst det mange av, og skular som ikkje følgjer eit bestemt program, kan óg ha gode tiltak og få til eit godt skulemiljø, seier Anders Bakken, forskningsleiar ved NOVA.

Kva nytte?

Dei fleste norske skular brukar eit etablert skulemiljøprogram i det førebyggjande arbeidet mot mobbing. Fire av programma, Olweus, PALS, Respekt og Zero, blir støtta av Utdannningsdirektoratet, og forskarane har vurdert kva nytte skulane har av desse programma, og om evalueringane er godt gjennomførte.

Her har dei nytta både spørjeskjema og dybdeintervju.

Anders Bakken, forskingsleiar ved NOVA, Høgskulen i Oslo og Akershus. (Foto: Nova)

Frontane mellom dei som er for og imot skuleprogramma har vore steile, men forskarane vil nytte høvet til å nyansere debatten.

Sjølv om det kan sjå ut til at berre det at skulen tar grep har ein effekt, ser Bakken likevel mange fordelar med å følgje eit etablert program.

Studien viser at for nokon kan eit slik program vere heilt avgjerande, ved at det gjev skuleleiarane autoritet og legitimitet i arbeidet. Det kan hjelpe dei med å få til ein felles forankring blant leiarar, tilsette og foreldre. Det blir lettare å sette av tid til arbeidet med skulemiljøet, og det er faste opplegg for vidare oppfølging.

Skal skulen eller kommunen velje program?

Å velje eit program og få det til å fungere, krev eit felles fokus i form av lojalitet og overeinskomst hjå heile skulen.

- I dei tilfella der kommunen, ikkje skulen, tar avgjerda om å innføre eit program, er det vanskelegare å få til ein forankring hjå lærarane, fortel Bakken.

Studien viser også kva utfordringar skulane opplever når dei skal innføre eit program. Ustabilitet i personalet eller leiinga, manglande forankring og manglande eldsjeler kan gjere at arbeidet mister framdrifta.

- Eit godt skulemiljøprogram kan bidra til å minske åtferdsproblem og mobbing, seier Bakken.

Fleire sakna også tettare oppfølging frå programeigarane i arbeidet over tid, og at dei var betre til å ta imot tilbakemeldingar og innspel til forbetringar frå skulane.

Brukar tiltak frå fleire program

- Sjølv om nokre skular held seg til berre eitt program, er andre skuleleiarar meir pragmatiske i bruken av tiltak, fortel Bakken.

Dei blir inspirerte av og brukar element frå fleire program, eller dei kan utelate einskilde element frå det programmet dei brukar, og erstatte det med noko anna.

- Mange har då eit lokalt tilpassa sett av verkemiddel dei brukar, noko som gjer det vanskelegare å måle effekten av eit einskild program, påpeikar han.

Vil vete meir om mobbeomgrepet

Alle dei fire programeigarane har gjennomført evalueringar av eigne program, og dei viser til at skulemiljøet har blitt betre på dei skulane som brukte programmet.

Evalueringane har likevel varierande kvalitet, og funna varierer også.

– Vi kan ikkje vere sikre på om det er programmet i seg sjølv som har gjeve dei ønskte endringane, eller om det er andre forhold som ligg bak, understrekar Bakken, men vi finn at evalueringane i det store og heile har god vitskapelig kvalitet.

Resultata frå evalueringane av Olweus-programmet er mest solide vitskapleg sett, og programmet kan vise til gode resultat i effektstudiane.

- Vi etterlyser likevel meir kunnskap om kva barn og unge legg i mobbeomgrepet når dei svarar på spørjeskjemaet som ligg til grunn for evalueringa av programmet, understrekar Bakken.

Programma Respekt og Zero kan óg vise til gode resultat, men her er det større variasjon i kva resultat evalueringane kan vise til, og færre analysar enn hjå Olweus-programmet.

PALS held dei på med ei ny, omfattande evaluering  av, då den førre evalueringa berre hadde med fire skular.

Referanse:

Ingunn Marie Eriksen, Kristinn Hegna, Anders Bakken og Selma Therese Lyng: Felles fokus. En studie av skolemiljøprogrammer i norsk skole. NOVA Rapport 15/14

Powered by Labrador CMS