Annonse
Barn lærer matvanar av foreldra. Eit forskingsprosjekt viser at å gi foreldra tidleg oppfølging bidrar til betre kosthald. (skjermdump frå video)

Foreldre som fekk opplæring på nett serverte barna meir frukt og grønsaker

I tillegg åt familien oftare frukost og middag saman, og barna såg mindre på nettbrett under måltida.

Publisert

Ifølgje den mangeårige helseundersøkinga HUNT er det blant unge vaksne at vekta aukar mest. Mellom 15 og 20 prosent av norske barn kan no kallast overvektige.

Eit av problema er at overvekt hos barn er vanskeleg å gjere noko med. Sidan overvekt heng saman med utvikling av smakspreferansar og måltidsvaner, er det viktig å nå foreldre og barn tidleg. Det var målet då Christine Helle starta prosjektet Barn e-mat i 2016.

– Det er enklare å starte ein ting enn å endre han. Dette prosjektet handlar om å etablere gode matvanar tidleg, og førebyggje overvekt og fedme hos barn, seier Helle.

Ho er ph.d-kandidat ved Universitetet i Agder. Ho er også utdanna lege og spesialist i barne- og ungdomspsykiatri.

Gjorde stor forskjell

Rundt 700 foreldrepar med barn på seks månader deltok i undersøkinga. Deltakarane blei delt i to grupper. Ei gruppe fekk tilgang til nettsider med informasjon og tips om kosthald som var tilpassa alderen til barnet. Den andre gruppa fekk inga oppfølging, og heldt fram med å ete som vanleg.

Christine Helle er lege, og ph.d.-kandidat på Fakultet for helse- og idrettsvitenskap ved Universitetet i Agder. (Foto: UiA)

Undersøkinga følgde barna i eit halvt år, fram til dei var tolv månadar.

80 prosent av den første gruppa såg alle eller dei fleste videoane. Barn i denne gruppa blei servert frukt og grønsaker oftare, og hadde smakt eit breiare utval av grønsaker enn barna i kontrollgruppa. Dei åt også oftare frukost og middag saman med familien, og såg mindre på nettbrett eller skjerm under måltida enn barna i kontrollgruppa.

– Barn lærer når dei ser andre ete. Det er viktig å vektleggje gode rutinar, at familien har måltid saman og at barna kan sjå foreldra kose seg med maten, seier Helle.

Her kan du sjå ein av filmane:

Gode tips

Informasjonen foreldra fekk la mellom anna vekt på å ikkje bruke mat for å regulere kjensler, og ikkje som trøyst eller premie.

– Det er ei utfordring at barn et for lite frukt og grønsaker. Om barna får tilbod om eit variert utval frukt og grønsaker frå starten av, og fleire gonger enn foreldra kanskje tenkjer er nødvendig, et dei fleire ulike sortar frukt og grønsaker når dei blir eldre, seier Helle.

I videoane lærte foreldra også om å vere merksame på signala barna gir.

– Barn er fødde med evna til å regulere når dei er svoltne og mette. Men om foreldra tar styringa kan barna miste denne evna. Foreldre kan bestemme når og kva barnet skal ete, men barnet skal kunne bestemme kor mykje, seier Helle.

Når fleire grupper

Prosjektet, som vart avslutta i 2017, var eit såkalla heildigitalt prosjekt. Dei fleste deltakarane blei verva i sosiale medium, og dei kunne sjå filmane på internett når dei ville. Helle trur nettopp dette formatet førte til at dei trefte fleire med informasjonen enn dei ville gjort med ein tradisjonell kampanje.

– Ei utfordring med brosjyrar er at mange ikkje les dei, og dei kan vere vanskelege å forstå. Filmane var korte og med eit enkelt språk som gjorde dei lett tilgjengelege. Å sjå dei var noko foreldra kunne ta seg tid til sjølv i ein travel småbarnsperiode, seier Helle.

Sosial ulikskap spelar ei rolle for helsa, ifølgje forskaren. Helle trur at videoformatet kan nå ut til fleire enn dei som er høgt utdanna og som er tilstrekkeleg interesserte i kosthald og ernæring til å ta med ein brosjyre frå helsestasjonen heim.

– Funna våre tyder på at dette har potensial til å nå ut til mange. Dette kan vere ein eigna måte å gi informasjon til småbarnsforeldre om eting, utvikling og ernæring, seier Helle.

No ønskjer ho å gjere ein oppfølgingsstudie når barna blir fire år gamle. Ho ser også på moglegheitene for å gjere videoportalane opne for alle.

I denne filmen viser dei korleis du kan lage havregraut for dei minste:

Referanse:

Helle, C.: Evaluation of an eHealth intervention aiming to promote healthy food habits from infancy -the Norwegian randomized controlled trial Early Food for Future Health. International Journal of Behavioral Nutrition and Physical Activity. (2019) https://doi.org/10.1186/s12966-018-0763-4

Powered by Labrador CMS