Utvida ungdomslitteratur

Mange av oss har utvida ungdomstida til langt ut i 20-åra. Det gjenspeiles i ungdomslitteraturen.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)
(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Bøkene/tekstane Slettan har studert:

Rune Belsviks fire ungdomsromanar om ungguten Arne Bu (utgitte mellom 1988 og 2000).

Arne Berggrens forfattarskap for ungdom – særleg dei fire bøkene om Aldo Monrad (1995–1999).

Harald Rosenløw Eegs framtidsromanar Vrengt (1997) og Alle duene (2003)

Harald Rosenløw Eegs roman Filter (1998)

Ingvar Ambjørnsens kriminalromanar Drapene i Barkvik (2005) og De levende og de døde (2006)

Den svenske forfattaren Mats Wahls kriminalromanar Den osynlige (2000), Tjafs (2002), Kill (2003) og Återkomst (2005)

Den danske forfattaren Bente Clods trilogi Englekraft (2000), I vilden sky (2001) og Himmelfald (2002)

Lars Lillo-Stenbergs tekst og musikk i deLillos, på albuma mellom 1986 og 2005 

Den svenske regissøren Jesper Ganslandts film Farväl Falkenberg (2006)

– Vi har nå ei utvida ungdomstid som for mange varer langt oppover i 20-åra. Dette ser vi ofte reflektert i filmar og poplåtar som dreier seg om livseksperimentering og identitetssøking hos unge menneske.

Det seier førstelektor Svein Slettan ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder.

Slettan har først og fremst analysert ei rekkje ungdomsromanar av norske, svenske og danske forfattarar, men han har også vilja ta med tekstar som reflekterer ei forlengd ungdomstid, det som har blitt kalla ”post-adolescence”.

– Den svenske filmen Farväl Falkenberg og mange av Lars Lillo-Stenbergs poplåtar er eksempel på dette, og eg har skrive om dei som ein slags utvida ungdomslitteratur, seier Slettan.

I analysane refererer han til kjønnsteoretikarar som Raewyn Connell, David Buchbinder og Judith Butler, forskarar som er opptekne av korleis kjønn blir konstruert gjennom sosial samhandling.

“Kjønn i bevegelse”

– Alle tekstane viser det vi, for å låne eit noko forslitt uttrykk, kan kalle “kjønn i bevegelse”. I denne samanhengen vil det seie at maskulinitet ikkje er framstilt som noko ferdig og sementert.

– Dei forfattarane eg har sett på er alle opptekne av spenninga mellom det velkjende tradisjonelle maskulinitetsidealet med vekt på rasjonalitet, kontroll og dominans, og meir mangfaldige oppfatningar av det mannlege som også gir rom for sårbarheit og kjensle- og omsorgsevne, seier Slettan.

Men dei behandlar dette stoffet på ulike måtar, understrekar førstelektoren:

– I Harald Rosenløw Eegs forfattarskap møter vi for eksempel svært sårbare unggutar, som må forhalde seg til mannsideal som er øydeleggjande for dei. Eeg viser korleis desse gutane blir styrka i sjølvkjensla og går på tvers av dei autoritære mannsbileta.

– Ein liknande problematikk finst hos Arne Berggren, men Berggren er ein ironikar og humorist som ofte synest ambivalent i forhold til gamle og nye maskulinitetar. Han er ein djevelens advokat som kan leike med alle slags mannsbilete, utan nødvendigvis å vere så politisk korrekt, seier Slettan.

Han meiner litt av det same er tilfelle med Ingvar Ambjørnsen.

– Ein annan type spenningsmønster finn vi i Jesper Ganslandts film Farväl Falkenberg, der homoseksualitet er ein del av det som blir tatt opp. Her handlar det mellom anna om mannlege behov og lengslar som er stengde inne og aldri kjem til utløp, seier Slettan.

Optimisme

Førstelektor Svein Slettan ved Universitetet i Agder. (Foto: UiA)
Førstelektor Svein Slettan ved Universitetet i Agder. (Foto: UiA)

Slettan disputerer 18. juni med doktoravhandlinga Mannlege mønster. Maskulinitet i ungdomsromanar, pop og film.

Avhandlinga rommar åtte artiklar som dreier seg om maskulinitet i tekstar for og om ungdom, og tekstane han skriv om kjem frå perioden 1986–2006.

– Ungdomslitteraturen viser oss unge menneske som utforskar verda og sin eigen identitet. Nokre gonger gir dette tekstane eit litt melankolsk preg, andre gonger ligg vekta på ironi og komikk.

– Totalt sett synest eg mannsbileta i tekstane gir grunn til optimisme. Forfattarane får synt fram at maskulinitet kan vere så mangt, og at forandring er mogeleg, seier Slettan.

Referanse:

Pressemelding om disputasen: Disputerer på ungdomsromanar, pop og film

Powered by Labrador CMS