DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV Telemarksforsking - LES MER.

Repertoaret av biletbøker som speglar familiemangfald, er ikkje alltid så variert i barnehagar.

Norsk solomor: – Barn treng å oppleve at familien deira er normal

Mange norske barn er blitt til ved hjelp av donor, men slike familiar kan vere lite synlege i barnehagane.

Monica Bjerklund ved Telemarksforsking er ein av få norske forskarar som studerer solomødrer, altså kvinner som har fått barn ved hjelp av donor.

– Dagens situasjon for mange barn minner kanskje litt om situasjonen for barn av skilte foreldre på 1970-talet. Dei var veldig få, og det vart ofte snakka om problema dei stod i, seier Bjerklund.

– No har vi nye familieformer, men ser vi på dei som ressursar eller utfordringar? Og kva må vi gjere for å spegle oppveksten til dagens barn?

I ein studie publisert i tidsskriftet Psykologi i kommunen skriv Bjerklund om korleis solomødrer meiner at familiemangfald kan speglast og synleggjerast i norske barnehagar.

Det er barnehagane forplikta til, ifølgje rammeplanen til barnehagane, ei forskrift som gjeld i alle landets barnehagar.

Mangfaldig barnelitteratur er ein måte å spegle og synleggjere ulike familieformer.

Mødrer gav bøker i gåve

Bjerklund har intervjua 33 norske solomødrer gjennom digitale spørjeskjema.

Mange av kvinnene trekte fram biletbøker som ein eigna kanal for å spegle og synleggjere familiemangfald. Men repertoaret av biletbøker som speglar familiemangfald, er ikkje alltid så variert i barnehagar, ifølgje fleire av mødrene.

Ei mor hadde erfart at barnehagen mangla bøker, men at dei tilsette hadde spurt henne om boktips. Fleire mødrer skreiv at dei hadde gitt bøker i gåve til barnehagen.

– Vi kan ikkje vite kor bevisste barnehagane er. Men det mødrene skriv, tyder på at mange barnehagar ikkje har ein strategi for å ha slike bøker tilgjengeleg. Mødrene blir ein slags aktivist som sørger for at barnehagane kjøper det inn, seier Bjerklund.

– Kan det bli litt mykje å tenkje på for dei barnehagetilsette?

– Ja, men dei kjøper inn mange biletbøker om barnefamiliar med mor og far. Dette handlar ikkje om meirarbeid, meir om å vere bevisst. Eg tenkjer at også biblioteka har ei rolle her, gjennom å tenkje på mangfald når dei tar inn bøker, seier Bjerklund.

Monica Bjerklund forskar på korleis familiemangfald kan speglast og synleggjerast i barnehagen.

Endringar i lovverket

Heteronormativ kjernefamilie er framleis den mest utbreidde familieforma i Noreg.

Tre av fire barn bur med både mor og far, ifølgje Stortingsmelding 24, 2015. Nest mest vanleg er åleineforelder-familien, oftast med ei einsleg mor, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Lenge måtte norske kvinner reise til utlandet om dei ønskte barn ved hjelp av donor. I 2009 opna Noreg opp for slik fertilitetsbehandling for likekjønna kvinnepar, og i 2020 vart det opna for einslege kvinner.

I dag kan dei som ønskjer det få assistert befruktning med donorsæd i Noreg.

– Sjølv om det er fødd fleire hundre barn ved hjelp av donor i Noreg, hender det at familieforma er usynleg i pedagogiske institusjonar, seier Bjerklund.

Ikkje åleine i verda

Anne Krosshaug er solomor. Ho er samd i at biletbøker er ein fin måte å vise fram familiemangfald på.

– Eg trur det er viktig for barn å oppleve at familien til barnet er innanfor normalen, seier Krosshaug.

Alle treng av og til å kjenne at «å ja, slik er det for meg òg» eller «det er nesten som det er for meg», utdjupar ho.

– Barn treng ei stadfesting på sin eigen identitet, på at dei er ok og at dei ikkje er åleine i verda.

Sjølv bur Krosshaug på Torshov i Oslo med to døtrer i barneskulen. Gjennom barnehage, skule og nabolag har ho blitt kjent med mange typar familiar.

Solomor Anne Krosshaug ønskjer seg barnelitteratur som speglar ulike familieformer.

«Mamma har brukt donor»

Heilt sidan barna var små har ho vore open om at ho fekk hjelp frå donor. Ho veit at hennar eigne barn kan få spørsmål frå andre, og dei øvde tidleg inn eit svar: «Nei, eg har ikkje pappa, så mamma har brukt donor.»

– Men dei har sjeldan fått slike spørsmål, kanskje fordi barna rundt dei er vande med mange typar familiar.

Ein skal likevel ikkje mange trikkestopp unna før situasjonen er annleis, understrekar ho.

Krosshaug har sjølv lese Karla-bøkene for døtrene sine. Desse er skrivne av ei dansk solomor og tar utgangspunkt i erfaringane i den familien. Men i passasjane der donortemaet vart tatt opp, viste ikkje døtrene til Krosshaug spesiell interesse.

– Det verka som det ikkje var viktig for dei. Men det gjorde ikkje noko. Mi hensikt var berre at donorar skulle vere noko dei alltid hadde høyrt om.

Heile mangfaldet

Krosshaug ønskjer ikkje berre fleire bøker om si eiga familieform. Ho vil at heile mangfaldet skal speglast. Dette ønsket deler ho med dei andre solomødrene, ifølgje Monica Bjerklund.

Undersøkinga til Bjerklund synleggjer tre kategoriar biletbøker barnehagane kan velje blant:

Biletbøker som handlar om ei bestemt familieform, biletbøker som handlar om mange ulike familieformer og biletbøker der familieform ikkje vert tematisert sjølv om karakterane lever i andre familiekonstellasjonar enn heteronormativ kjernefamilie.

Fleire av informantane i undersøkinga har trekt fram Karla-bøkene som eksempel på bøker dei kunne ønske seg at barnehagane hadde. Dei har også trekt fram den norske serien om Brillebjørn, som handlar om ein liten bjørn med to mødrer – utan at dei to mødrene er eit hovudpoeng i boka.

Også «Familiemyldreboka», som har ulike familievariantar som hovudtema, vart nemnt. Det same vart bokserien om Karsten og Petra, der Petra bur med mor si, bøkene om Albert Åberg, som har åleinepappa og «Huttetuenes land» der lesaren berre møter mor, son og huttetuene. «Odd er et egg» handlar også om ein gut som bur med mor si.

For Krosshaug er det viktigaste at boka er av litterær kvalitet.

– Karla-bøkene kan verke litt konstruerte, der er det ei solomor som har skrive ei bok til sitt barn. Eg ønskjer at fleire gode forfattarar med gode historier kan tenkje på mangfald både i familieform og på andre måtar. Det treng ikkje vere hovudtema. Er det der som eit bakteppe, kan det vere med å normalisere ulike måtar å leve på, meiner ho.

Sjølv er ho lærar i ei mottaksklasse med elevar som er nye i Noreg. Fleire av barna har berre den eine forelderen i nærleiken, medan den andre er i opphavslandet. Dette snakkar ho med dei om, og ho les også bøker saman med dei.

– Det kan vere vondt å sakne mamma eller pappa. Då kan det gje trøyst å få kjenne på at det finst andre òg som har det slik. Det kan dessutan gje tryggleik at venner og klassekameratar får lese i den same boka og ta del i samtalen.

Referanse:

Monica Bjerklund: Bildebøker for å synliggjøre familiemangfold i barnehagen. Psykologi i kommunen, 2021.

Powered by Labrador CMS