DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV Telemarksforsking - LES MER.

Laila Andresen har lagt inn mange dugnadstimar på dampbåtane til Norsk veteranskibsklub. Her er ho om bord på D/S «Børøysund». – Det viktigaste for meg er å sjå at denne båten nok eit år kan ta om bord passasjerar, at vi som er frivillige klarer å vedlikehalde han, seier ho.

250.000 frivillige bruker fritida si på å redde norske kulturskattar

Over hundre år etter at han vart bygd, tar D/S «Børøysund» framleis med passasjerar ut på fjorden. Bak det heile står ei kvinne med ein djup fascinasjon for gamle dampbåtar.

Som tjueåring var Laila Andresen ofte ute på Oslofjorden i bestefarens tresnekke. Ein dag fekk ho auge på ein større båt på fjorden. Han hadde ingen motordur, men fløyta hadde ein djup og klar lyd.

Heime fortalde ho bestefaren kva ho hadde sett.

– Han fortalde at det var ein dampbåt. Så kom han med historia om kor viktige dampbåtane hadde vore i Noreg, at dei var lokalbåtar som frakta folk frå øyer og inn til byane, fortel Andresen (70), når vi møter henne om bord på D/S Børøysund omlag 50 år etter.

Då ho var 22, fekk ho ein kjæraste. Tilfeldigvis kjende han nokon som jobba med den båten ho hadde sett, og ho fekk bli med om bord.

– Eg tenkte at her trengst det mykje arbeid! Og sidan har eg vore her.

D/S «Børøysund» blei bygd i Trondheim i 1908 som passasjer- og slepebåt. Her er båtens røykesalong, der dei fine herrane heldt til.

Første bok om frivillig kulturvern

Andresen er ein av rundt 250.000 nordmenn som bruker fritida si til kulturvern. Ho er i dag styreleiar i Norsk veteranskibsklub, der medlemmene tar vare på to gamle dampbåtar. Begge har kaiplass ved Akershus festning i Oslo.

I boka «Frivillig kulturvern – et kulturvern innenfra» har forfattarane undersøkt korleis det frivillige kulturvernet føregår: kva som motiverer dei som driv med det, kva slags kunnskap dei produserer og kva utfordringar dei har.

– Dette er første gong ei bok om kulturvern set det frivillige i sentrum, sjølv om kulturvernet i Noreg har vakse fram av frivillige initiativ og framleis i stor grad drivast av frivillige, seier Anne Sofie Hjemdahl, forskar ved Telemarksforsking.

Ho har skrive boka saman med kollegaene Nanna Løkka og Bård Kleppe. Dei har kartlagt dei frivillige kulturvernorganisasjonane i Noreg, intervjua leiarane og gjort feltarbeid i det frivillige kulturvernet i Midt-Telemark og på Notodden. Her har dei intervjua eldsjeler både i og utanfor organisasjonane.

Mellom 1925 og 1960 var D/S «Børøysund» i lokalrutetrafikk i Lofoten og Vesterålen. I dag ligg skipet til kai i Oslo og drivast på dugnad. Frå mai til september arrangerast det opne turar for publikum. Skipet kan også leigast til arrangement som bryllaup, bursdagar og firmafestar.

Det dei frivillige har felles

I boka skriv dei om eit frivillig kulturvern som både skjer gjennom museum og bygdetun og i eit konglomerat av lag og foreiningar.

Nokon er med i museums-vennegrupper. Andre organiserer stemne for veteranlastebilar, dansar folkedans eller lagar vikingleir heime hos seg sjølve. Andre igjen er engasjerte i mållag, historielag, sogelag, bygdekvinnelag eller husflidslag.

– Fellesnemnaren er ei drivkraft innanfrå. Kanskje har dei ei sterk tilknyting til ein stad og ønskjer å verne om ting eller skikkar på staden. I mange tilfelle handlar det også om din eigen familiebakgrunn eller ditt eige yrkesliv, seier Hjemdahl.

Det finst også mykje kroppsleggjort kunnskap, fortel ho.

– Det kan vere mattradisjonar eller tradisjonshandverk som ikkje er så lett å putte på museum, fordi det utøvast der og då. Dette ser vi til dømes i bygdekvinnelaga.

Ut på tur under tvil

Laila Andresen hadde alltid vore glad i båtlivet. I tillegg hadde ho ein pappa som hadde vore på sjøen.

Etter at ho hadde fått kome om bord i D/S «Børøysund», spurte ho om å få bli med på ein planlagd overnattingstur. Men turen var berre for aktive medlemmer av Norsk veteranskibsklub.

– Det var veldig strengt. Dei var gamle sjøfolk, og alle var menn. Men vennen min sa at han trudde det kunne vere ei god investering å ta meg med. Eg fekk aller nådigast lov, hugsar ho.

Ho trur ikkje dei angra. Ho vart ein ivrig medlem av foreininga; var interessert i å lære, og det fekk ho.

Etter femti år står ho framleis på dekk og ønskjer folk velkomne på båtens sommarturar på Oslofjorden. Tirsdagar og laurdagar er dugnadsdagar, og om sommaren kan ho vere på båten kvar dag.

Dampbåten har eige postkontor.

Glade passasjerar

Ho er i dag styreleiar i klubben. Då følgjer det også med papirarbeid. Dei søkjer om støtte til større vedlikehald og reparasjonar, men drift, sertifisering og opplæring av mannskapet må dei stå for sjølve.

– Nokon gonger kan eg tenkje: «Hjelpe meg, vi er så få, og det er så mykje å gjere». Men eg har tatt på meg dette ansvaret. Så lenge eg lever, vil eg stå på. Vi har hatt så mykje moro her, det er sosialt, vi har eit trygt og fint miljø der vi respekterer kvarandre med dei ulikskapane vi har.

Dei fleste frivillige i kystkulturen er menn, ifølgje Andresen. Slik er det også i Norsk veteranskibsklub.

– Men eg trur gutane her synest det er hyggeleg med ei dame som ikkje berre vil vere passasjer.

Høgdepunktet for Andresen er å ta folk med ut på tur om sommaren: å la andre få oppleve den delen av norsk kulturarv som har fascinert henne så djupt sjølv.

– Å sjå glade passasjerar som kjem om bord og synest at båten og det vi held på med er bra, stimulerer meg.

Passasjerlugaren var staden der reiaren budde, dei gongene han var med på tur.

Frivillige har tatt initiativ

Den norske kulturarven blir teken vare på både av det offentlege og frivillige.

– Men utan frivillige ville det ikkje vore noko særleg kulturvern å snakke om, meiner Anne Sofie Hjemdahl.

Fortidsminneforeningen, som jobbar for å ta vare på norske verneverdige kulturminne, er ein frivillig organisasjon med 8.000 medlemmer. Dei får støtte frå staten på lik linje med andre frivillige organisasjonar, samt noko støtte til å drive eigedomane sine – mellom anna åtte stavkyrkjer.

Mange museum har derimot blitt sette i gang av frivillige aktørar og drivast i dag av det offentlege. Som offentlege institusjonar er dei under kulturpolitiske føringar. Rundt årtusenskiftet vart mange museum slått saman, og ein kritikk av den såkalla museumsreforma har vore at ein del lokale frivillige fall frå, forklarer Hjemdahl.

– Det er ikkje så lett både å profesjonalisere og demokratisere på same tid. Men politisk sett er dei frivillige kjempeviktige. Dei gjer eit stort arbeid og har ekstremt mykje kunnskap.

Å ta vare på dei frivillige

Støtteordningar er viktige, og for å få pengar, må dei frivillige flytte seg i retning av dei pengane, poengterer Hjemdahl. Slik kan det offentlege til ein viss grad styre det frivillige arbeidet.

Likevel trur ho det er lurt av politikarar å overlate mange avgjerder til dei frivillige sjølve.

– Får du pengar, er det ei stadfesting av at det du driv med er interessant. Men den indre gløden er berande. Frivillige kallast fort «amatørar», og det betyr jo å elske noko. Det er denne drivkrafta som ligg i botnen for alt det frivillige arbeidet.

Referanse:

Nanna Løkka mfl.: Frivillig kulturvern. Et kulturvern innenfra. Fagbokforlaget, 2021.

Saken er oppdatert kl. 12:15 02.06.22

Powered by Labrador CMS