Bakgrunn: Hjelp til fandens bursdag

Då den skandinaviske myntunionen vart inngått på 1870-talet, kunne bankane flytte kapital til nabolanda når etterspørselen der var stor. Men unionen hadde ikkje nokon særleg effekt på handelen mellom dei tre landa. 

Publisert

Myntunionen

Den skandinaviske myntunionen vart inngått mellom Sverige og Danmark i 1873. Krona blei innført på basis av gullmyntfot. Noreg, som var i union med Sverige, gjekk inn i unionen to år seinare. Dermed hadde alle dei skandinaviske landa fastlagt valutaen til gull etter den same verdien. Unionen sikra faste vekselkursar og monetær stabilitet,men medlemslanda heldt fram med å sende ut eignemyntar, og i praksis kunne ein bruke mynteiningane til dei enkelte landa som lovleg betalingsmiddel i heile det skandinaviske området. Utbrotet av første verdskrigen i 1914 gjorde ende på myntunionen.

NHH-forskar Lars Fredrik Øksendal har dukka ned i historiske arkiv på jakt etter tal og oversikter som kan gje meir informasjon om effektane av den skandinaviske myntunionen, som først vart inngått mellom Sverige og Danmark i 1873, og som to år seinare også fekk Noreg med.

Øksendal har funne nye tal, og kjem han til ein annan konklusjon enn tidlegare studiar har gjort. Han tek eit oppgjer med påstandane om at unionen var direkte årsak til den auka handelsaktiviteten i Skandinavia.

– Då landa etablerte myntunionen på 1870-talet, var kongstanken at ein skulle oppnå meir økonomisk integrasjon i Skandinavia. I ettertid har det blant historikarar vore ei allmenn forståing av at dette var svært bra for handelen.

– Mitt bidrag i denne studien er basert på ein intuitiv skepsis til at det å få eit felles myntområde skulle føre til ein veldig auke i handelen, seier Øksendal, som er post.doc. ved institutt for samfunnsøkonomi.

– Ein må hugse at alle dei tre landa som gjekk inn i myntunionen, var ein del av eit fastkursregime, noko som betydde at maksimalkostnaden ved å flytte pengar frå Noreg til Sverige kanskje låg på ein kvart prosent, seier Øksendal.

– Kor stor effekt på handelen kan ein forvente seg med ein kostnadsreduksjon på ein kvart prosent?

Må sjå på andre forklaringar

– Det må vere ein bransje med ekstremt låge kostnadsmarginar for at ein kvart prosent skal få utteljing. Den einaste bransjen som er slik, er pengemarknaden, der ein opererer med svært små marginar, og der ein kostnadsreduksjon på ein kvart prosent vil vere avgjerande for om transaksjonane er profitable eller ikkje, seier Øksendal.

Etter å ha studert statistikk over handelen mellom Noreg, Sverige og Danmark og sett på setelomløpet i Skandinavia, har Øksendal funne at overføringane gjennom myntunionen var vesentleg høgare enn aktiviteten i handel for varer og tenester.

Det var vekst i handelen, men Øksendal meiner at det ikkje kan forklarast med etableringa av myntunionen. Han meiner at det er to andre forhold som forklarer den auka handelen i Skandinavia:

– Den kvalitative avstanden blei mindre. Landa fekk raskare skip, og jernbanen blei sterkt utvikla.

Jernbanen

I 1898 vart til dømes Kontinentalbanan opna på strekninga mellom Malmö og Trelleborg. Då hadde svenskane allereie tog i rute fleire stader langs grensa mot Noreg.

Frå 1890-åra blei det bygd 1419 kilometer bane i Noreg, mellom anna Ofotbanen, som sørgde for at utskipinga av dei store malmførekomstane i Nord-Sverige kunne skje frå ei isfri hamn.

– Det hadde ikkje vore så mykje norsk-svensk handel før 1870-åra. I tillegg var Noreg og Sverige frihandelsområde fram til 1897. Dei hadde då ingen toll seg imellom, men dei hadde toll mot utlandet, og dei hadde ulike tariffar. Sverige var eit høgtolland og Noreg eit lågtolland.

– Mykje av auken i samhandelen mellom Noreg og Sverige fram mot 1897 kom av at svenske handelsmenn importerte via Noreg, som kom under dei svenske tollmurane. Etter 1897 var det ikkje så mykje igjen, fortel Øksendal.

Når frihandelsområdet var gitt opp, gjekk også handelen kraftig ned, fortel Øksendal.

Fandens bursdag: 11. desember

Ein heilt utilsikta konsekvens var utviklinga av ein meir integrert pengemarknad i Skandinavia. Ein hadde framleis nasjonale pengemarknader, men myntunionen vart eit verktøy for bankane ved at dei kunne overføre pengar.

– Mi vurdering er at dette i stor grad var positivt, fordi alle dei tre landa hadde ulike behov for kortsiktige pengar. Dersom du går inn og ser på etterspørselen etter pengar – anten gjennom sentralbanken sine utlån eller omløpet av setlar – så har du sterke
sesongsvingingar.

– Eg har vekedata for setelomløp i Noreg, og utan unntak har tredje veka i juni det høgaste omløpet, seier Øksendal.

På sankthans var det oppgjer i den store tømmermarknaden i Noreg, mens datoen i Danmark var 11. desember. På denne dagen måtte bedriftene i Danmark betale gjeld og skatt. Med myntunionen kunne danskane gle seg over kapitaltilførsel frå nabolanda når pengeinnkrevjarane banka på døra i desember.

Fandens bursdag kalla dei denne dagen.

– I og med at toppane var ulike, greidde ein raskt å flytte kapital dit etterspørselen var størst. Dermed fekk ein ein effektiv marknad i Skandinavia, held Øksendal fram.

Eurosamarbeidet

– Kan du samanlikne historiske monetære unionar med til dømes eurosamarbeidet, der 16 land har innført euro som valuta?

– Det er mange som har prøvd å samanlikne eurosamarbeidet med tidlegare monetære unionar, til dømes den skandinaviske eller den latinske monetære unionen, men i praksis er det store forskjellar mellom desse unionane og eurosamarbeidet.

– Den aller viktigaste er at dagens union har ein felles sentralbank og ein felles pengepolitikk. I dei gamle unionane har du ingen felles sentralbank og ingen forsøk på å koordinere den makroøkonomiske politikken.

– Det å trekkje historisk lærdom frå desse historiske myntunionane er spuriøst; det er berre tilsynelatande samanhengar, seier Øksendal.

– Dermed er det ikkje lærdom å trekkje frå desse unionane som gir gode argument for eurosamarbeidet?

– På bakgrunn av fortidige myntunionar er ikkje eg i stand til å mobilisere eitt argument i den eine eller andre retninga om korvidt Noreg skulle vore medlem.

– Eit EU-medlemskap vil vere langt meir risikabelt enn det var med medlemskap i dei tidlegare monetære unionane, der det primære var praktisk samarbeid. Dagens myntunion er mykje meir djuptpløyande, og dermed er risikoen også større.

– Men fordelane kan sjølvsagt òg vere det, avsluttar Lars Fredrik Øksendal.

Referanse:

Øksendal: The impact of the Scandinavian Monetary Union on financial market integration, Financial History Review (2007), 14:125-148, doi:10.1017/S0968565007000510.