Annonse
Fjordia chriskaugei er ein art som nyleg blei oppdaga på norskekysten. (Foto: Torkild Bakken, NTNU Vitenskapsmuseet / CC BY-SA 4.0)

Meir kunnskap om dårleg kjende artar

Publisert

Dette året vil åtte nye kartleggingsprosjekt bli satt i gong med tilskot frå Artsdatabanken. Prosjekta vil gi oss meir kunnskap om amfipodar, hydroidar, marine evertebratar på hardbotn, fjærlus, gallmygg, nakensniglar, slørsoppar, vassmidd, fjørmygg og sviknot.

Tilskotsmidlar til kartlegging av dårleg kjende artar har blitt lyst ut årleg gjennom Artsprosjektet sidan 2009.

Denne kartlegginga gir oss ny kunnskap om kva slags artar som finst i Noreg, kvar i landet dei finst og i kva slags naturtypar dei lever.

Les meir om kartleggingsprosjekta på Artsdatabankens nettsider.

Powered by Labrador CMS