Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Professor Christopher Rossi fortel om historia rundt korleis Noreg fekk råderett over Svalbard. Her i Ny-Ålesund i juni 2023.

– Svalbardtraktaten er ein geni­strek. Men han betyr også trøbbel

Noreg fekk råderett over Svalbard med snarrådig diplomati og kanskje litt lurendreieri. Det er no blitt ei ordentleg floke.

Christopher Rossi er professor hjå Institutt for samfunnsvitskap ved UiT Norges arktiske universitet. 

I juni var han ein del av det årlege forskingstoktet til UiT til Svalbard. Der reiser toppforskarar frå universitetet med forskingsskuta «Helmer Hansen» til ei felles utforsking av Svalbard. 

Rossi seier at han er redd for at Arktis no er i ferd med å verte eit «großraum». Det er eit stort og utvida territorium eller innverknadssfære kor den globale politikken utspelar seg. Eit rom kor statar som har eit visst funksjonsnivå, konkurrerer. 

Han tenkjer då først og fremst på dei landa som ligg rundt polane.

Eit utvida nordisk territorium

Rossi er interessert i sjølvstende og korleis det heng saman med konkurranse og knappleik. Vidare er han opptatt av korleis vi kan nytte oss av ressursar på eit rasjonelt sett med mindre konkurranse.

Han vil fortelje historia om korleis Noreg fekk herredøme over Svalbard. 

Podcast: Om Svalbardtraktaten

I denne episoden av podcastserien Lørdagsuniversitetet fra UiT kan du høyre opptak av førelesinga Christopher Rossi heldt mens skuta «Helmer Hansen» var ankra opp i Kongsfjorden, utanfor Ny-Ålesund på Svalbard.

Hør hele podcast-episoden her.

– Korleis Noreg fekk herredømme over Svalbard kan lære oss noko om tendensen for standsmessige statar til å ta land og ressursar om dei er i stand til det, med eit ønske om å lage seg eit «großraum», seier Rossi. 

I dette tilfellet: eit nordisk «großraum».

Ein nøytral alliert

Historia byrjar med den første verdskrigen. Da var Noreg nøytralt, men tente tidleg mykje pengar på handel med begge dei krigande koalisjonane. 

Men mot slutten av krigen var det tydeleg at Noreg var ein såkalla betinga nøytral. Det vil seia at landet ikkje er ein del av dei krigførande partane, men at det favoriserer ein eller fleire partar. 

– Noreg favoriserte tydeleg britane, franskmennene og amerikanarane mot slutten av krigen. Noreg vart noko som sjølvmotseiande vert kalla ein nøytral alliert, fortel Rossi.

Dette tente Noreg vel ved Versailles-freden. Der delte sigerherrane frå verdskrigen verda mellom seg. Noreg vart ikkje invitert til å delta, men var der som ein observatør.

Det diplomatiske kuppet

Det var fem heldige omstende for Noreg:

  • Tyskland, som taparen, var ikkje invitert.
  • Russland var heller ikkje der fordi dei var midt i ein borgarkrig og hadde trekt seg ut av krigen tidlegare.
  • Den tredje og fjerde grunnen er diplomati. Nemleg dei norske diplomatane Fritz Wedel Jarlsberg og Helmer Bryn. Dei var sofistikerte og nyanserte i arbeidet sitt og fremja den norske agendaen på spektakulært vis. Noreg og Stortinget hadde lagt ein plan om å få kloa i Svalbard. Det lukkast dei med. Det norske territoriet auka dermed med 16 prosent etter at landet hadde vore nøytralt i krigen. Ein stor del av Svalbard er kalla opp etter Jarlsberg: Wedel Jarlsberg Land.
  • Den femte årsaka var utanriksministeren i USA, Robert Lansing. Han hadde gode relasjonar til dei norske diplomatane. 

– Lansing var klar over dei store tapa den norske handelsflåten hadde lidd under første verdskrigen. Som kompensasjon for det og som takk for den betinga nøytraliteten, fekk Noreg denne store territoriale sigeren. Svalbard gjekk altså ikkje til Tyskland, Russland eller Sverige, fortel Rossi.

Landet ingen eigde

Svalbard hadde vore diskutert i åra før verdskrigen òg. 

Kven eigde landet som lenge var særs viktig for kvalfangsten? 

På 1600-talet vart det kjempa slag om kven som skulle bestemme over det som då heit Spitsbergen.

Svalbard hadde mista den viktige posisjonen sin frå tida då slakteria til kvaljakta var på land. No var kvalen borte. Øygruppa vart såkalla «terra nullius», land ingen eigde eller brydde seg om. 

Det var derfor kanskje lettare å gje bort. Men no vart det altså gjeve til Noreg.

Svalbardtraktaten er sjølvmotseiande

Ein traktat er ei fast avtale som legg premissane for eit område. 

Svalbardtraktaten gjev Noreg full råderett og suverenitet over Svalbard, men alle dei andre landa må samstundes få lik tilgang til områda. Ein kan ikkje ha full suverenitet samstundes som alle har den same retten til det same området.

– Ein kan ikkje endre ei avtale utan ei avstemming, meiner nokon i jussen. Det gjeld spesielt i USA. Men i Norden er ein meir «legale realistar». Her er dokument og avtalar organiske. Det vil seia at dei kan vakse og utvikle seg med tida, forklarer Rossi.

I 1920 var ikkje USA lenger interessert i koldrift på Svalbard. Dei brydde seg derfor ikkje. Russarane var opptekne med seg sjølve, Tyskland hadde tapt krigen, og svenskane hadde vore nøytrale og fekk ingen premie. 

Amerikanarane så nok moglegheita for å få kontrollen av eit område flytta frå å vere omstridt til å verte kontrollert av ein venlegsinna stat.

På eit lukka møte i Oslo i 1919 fekk Noreg då full suverenitet over eit område som landet samstundes måtte dele. Det har vore ein gordisk knute for Noreg sidan. 

Inga dugnad på Svalbard

Noreg har sagt at traktaten frå 1920 ikkje kan endrast. Men mange andre meiner avtalen er organisk, at Noreg ikkje har krav på alt vi hevdar er vårt. Vi skal ha fiskerettar og økonomiske rettar. Men det er politisk problematisk.

Noreg har godteke at traktaten er organisk på tre sett:

  • Skattar er regulert i avtala, men Noreg er samd i at dei kan endrast.
  • Statar som ikkje eksisterte i 1920, er med i avtala no. Til dømes har traktaten eit punkt om at det dåverande borgarkrigsherja Russland skulle få vere med på eit seinare tidspunkt.
  • Gruvedrift var noko ein opna for på sikt.

Og Noreg endra territorialfarvatnet frå å vere 3 nautiske mil i 1920 til 12 nautiske mil, som ein del av havrettskonvensjonen. Rettar og lovar for havet har endra seg i dei hundreåra sidan. 

Ein har fått økonomisk sone, kontinentalsokkel og utvida kontinentalsokkel. Noreg har gått med på havrettskommisjonen og har vore med på å endre avtalar og lovar for mykje, unntatt Svalbardtraktaten.

Noreg må forhandle

Det vanskelegaste vi har rota oss inn i, ifølge Rossi, er at vi prøvde å seie at heile havområdet mellom Nordkapp og kontinentalsokkelen til Svalbard er Noreg sitt farvatn. 

Men det gjaldt ikkje når vi teikna områda mellom Svalbard og Grønland. Og da Noreg gjorde avtala med Russland om Smutthullet, følgde vi heller ikkje den regelen. 

– Så vi bytar posisjon opportunistisk etter kven vi snakkar med om kva, alt etter kva som tener Noreg best, seier Rossi.

Han seier Noreg har institusjonalisert å omgå avtalar når det tener oss. Og i 50 år har Noreg prøvd å lage seg eit «großraum» i områda rundt Svalbard og i Arktisk. 

Rossi trur ikkje det vil gå. Noreg må forhandle. 

– Norsk mentalitet toler ikkje å vere på kollisjonskurs med resten av verda. Det passar ikkje med trua vår på å vere moralske. Og det skapar masse diplomatiske problem.

Kina tek over som sheriff på havet

Men forskaren meiner no er òg ei god tid for å sjå korleis desse områda, som endrar seg raskt, blir kontrollert av likesinna statar? 

Spesielt no kor Kinas flåte er i ferd med å verte større enn den amerikanske. Det kjem ein ny sheriff på vatnet snart. Det vil skape problem. Kanskje ikkje med ein gong, rett nok.

Rossi undrast om det finst ein måte vi kan verte samde om å få liberale prinsipp til å gjelde. Kan ein få inn liberalisme, frihandel, openheit og transparens for å styre området rasjonelt? 

Om vi speler det taktiske spelet frå 1919 igjen, kjem vi kanskje i trøbbel.

Høyr heile førelesinga Christopher Rossi heldt på Svalbard i episoden under:

Referansar:

Christopher R. Rossi: A Unique International Problem: The Svalbard Treaty, Equal Enjoyment, and Terra Nullius: Lessons of Territorial Temptation from History. Washington University Global Studies Law Review, 2015.

Christopher R. Rossi: Norway’s Imperiled Sovereignty Claim Over Svalbard’s Adjacent Waters. German Law Journal, 2017. 

Powered by Labrador CMS