Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - les mer.

Videoen er laget av Bjerknessenteret for klimaforskning.

Stadig mindre havis i Arktis

Den arktiske sjøisen er i bevegelse heile året. Sjølv om den utvidar seg til sitt ytterste i mars og er minst i september, så blir det mindre av den.

Forskere ser tydelige tegn på at Arktis er i endring. Sjøisen er i stadig variasjon gjennom året, og frå år til år, alltid påvirka av vind, vær og havstraumane.

– Dei siste tiåra har sjøisen sakte forsvunne. Tapet er spesielt stort i Barentshavet, der nesten halvparten av sjøisen dei siste 40 åra har blitt borte, seier Jakob Dörr.

Han er PhD-stipendiat i Arven etter Nansen, eit stort norsk forskingsprosjekt med mål om å forstå meir om Barentshavet.

Isen, atmosfæra og havet

Dörr er knytta til ei forskingsgruppe ved Geofysisk institutt på Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret for klimaforsking. Dei arbeider med iskantens endring, og korleis vi kan forutsjå den.

Han studerar den naturlege variasjonen til havisen – kor mykje den endrar seg. Nokre år forsvinner havisen raskt, i andre periodar utvidar den seg. Dette er grunna interaksjonen mellom atmosfæra og havet.

Jakob Dörr, PhD-stipendiat i Arven etter Nansen.

Den nordatlantiske havstrømmen tek med seg varme nordover til Barentshavet, heile vegen frå Mexico-golfen. Kor mykje varme, og intensiteten i havstraumane, varierar også frå år til år.

Atmosfæra flytter varme eller kalde luftmasser. Styrken og retninga på vinden flyttar havisen rundt. Sørlege vindar i Barentshavet vil, til dømes, flytte isen nordover. Slike bevegelsar kan skje veldig raskt.

Kva iskanten er, er ei anna historie. Ikkje ei skarp linje, som det kan høyrest ut som, men eit område meir eller mindre dekt av flak med is. Definisjonane er varierte og mange.

Havisarealet i Barentshavet. Mars 2020 er det mest nylege datapunktet til høgre.

Arven etter Nansen

  • Over 140 forskarar frå ti norske forskingsinstitusjonar skal gje ei meir heilskapleg forståing av eit arktisk klima- og økosystem i endring.
  • Prosjektet varer i seks år, frå 2018 til 2023.
  • Desse er med: Havforskningsinstituttet, Meteorologisk institutt, Norsk Polarinstitutt, NTNU, UiT Noregs arktiske universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og Universitetssenteret på Svalbard.
  • Nettside: arvenetternansen.com

Eksperimentering i modellane

For å forstå kor mykje dei naturlege variasjonane påverkar havisen, nytter Dörr og kollegene hans klimamodellar. Dei inneheld ulike komponentar i det naturlege klimasystemet, deriblant mengda havis, og estimerar kor mykje isen vil endre seg basert på ulike variablar.

Når ein køyrer slike modellar gang på gang, kan ein anslå dei naturlege variasjonane i isen for framtida.

– Ved å legge til små endringar for kvar gjennomkøyring kan vi sjå kor mykje havisen endrar seg. Kvar for seg er ikkje modellkøyringane riktige, men ved å setje saman mange får vi eit godt grep om kor mykje variasjonane endrar seg, og den pågåande trenden, seier Dörr.

Isen smeltar meir enn før

Sjølv om mengda havis i nord går opp og ned, alt an på tida på året og sesongendringar, går trenden over fleire år nedover. Den arktiske havisen forsvinn, gjennom både sumaren og vinteren.

Ifølgje Jakob Dörr og kollegene hans, er den nedadgåande trenden for stor til å vere forårsaka av naturlege variasjonar. Den pågåande globale oppvarminga er den mest trulege forklaringar.

Men nettopp på grunn av naturlege variasjonar kan ein få veksande sjøis i periodar. Til dømes har vinterisen i Barentshavet dei fire siste åra blitt større, grunna rekordlite is i 2016.

Hovudsakleg er det kor mykje varme det er i Barentshavet som avgjer kor mykje is som vert danna om vinteren, ifylgje tidlegare berekningar om isvarsel for 2018 gjort av forskar Ingrid Onarheim og andre ved Bjerknessenteret.

Powered by Labrador CMS