– Gjennom å definere god arkitektur på denne måten blir bebuarane ein del av byggets berekraft. Byggets levetid blir ikkje berre definert gjennom materialas tekniske eigenskapar, men avhenger også av dei som skal bu i eller bruke ei bygning. Dette opnar for meir kompliserte samanhengar enn at høge CO2-utslepp må bety lite berekraftig arkitektur, skriv Bård T. Haugland. (Foto: Chris Barbalis / Unsplash)

Norske arkitektar meiner levedyktige bygg ikkje berre kan målas på CO2-utslepp

FORSKEREN FORTELLER: Dei som bur i bygga må også reknast med når vi tenkjer berekraft.

I FNs klimapanel sin seinaste hovudrapport kan ein lese at byggsektoren stod for om lag ein tredjedel av verdas energiforbruk og nesten ein femtedel av verdas energirelaterte klimagassutslepp i 2010. Rapporten anslår i tillegg at energiforbruket og utsleppa vil doblast eller tredoblast innan 2050.

Samstundes er byggsektoren eit felt med stort potensial for å redusere framtidige utslepp. Ei av gruppene som er med på å forme framtidas bygningar er arkitektane. Men korleis kan denne profesjonen, som tradisjonelt har vore assosiert med estetikk og utforming, bidra til å gjere framtidas bygningar meir berekraftige?

Dette spørsmålet ligg til grunn for masteroppgåva mi, som er basert på åtte djupneintervju med arkitektar som praktiserer i Noreg. Den viser korleis desse åtte arkitektane forstår omgrepet berekraftig arkitektur, og korleis dei gjer arkitektkompetanse relevant i berekraftssamanheng.

Meiner levedyktige bygg er meir enn CO2

Arkitektane meinte at den rådande forståinga av berekraftig arkitektur kjenneteiknast av eit fokus på det som er kvantifiserbart, som nemnte klimagassutslepp og energiforbruk. Innanfor denne forståinga er livsløpsanalysen ein vanleg metode for å vurdere ei bygnings berekraft.

Ei livsløpsanalyse er kort forklart ei utrekning av ei bygnings klima- og miljøpåverknad i form av klimagassutsleppa eller energiforbruket gjennom bygningas levetid. Her blir også utslepp og energiforbruk assosiert med transport og produksjon av material inkludert.

Arkitektane var også opptatt av levetid, men såg det frå ein anna vinkel. Dei argumenterte for at ein, gjennom å kombinere god arkitektur og rett materialval, kan produsere meir berekraftige bygningar, bygningar som har lang levetid både på grunn av materialval og hensiktsmessig utforming.

Bebuarane er med på å avgjere eit byggs berekraft

Ein av informantane mine meinte at god arkitektur kjenneteiknast ved å vere «[fleksibel], elastisk, det skal vere ting som kan brukast over tid, i ulik grad, av ulike folk, og av ulik grunn.» Dette fokuset på fleksibilitet fann eg også hjå resten av arkitektane.

Gjennom å definere god arkitektur på denne måten blir bebuarane ein del av byggets berekraft. Byggets levetid blir ikkje berre definert gjennom materialas tekniske eigenskapar, men avhenger også av dei som skal bu i eller bruke ei bygning. Dette opnar for meir kompliserte samanhengar enn at høge CO2-utslepp må bety lite berekraftig arkitektur.

Til dømes er betongproduksjon i utgangspunktet assosiert med høge CO2-utslepp; samstundes er betong eit bestandig material, slik at god arkitektur i betong kan bli ståande og vere i bruk i fleire hundre år.

Å byggje (forsøksvis) fleksible grunnstrukturar og ta i bruk (forsøksvis) tidlaus estetikk blir dermed ein strategi for å produsere meir berekraftig arkitektur, i form av arkitektur som kan vare lenge. Ved å ta omsyn til menneska som skal bu i eller bruke bygningane kan ein auke bygningars levetid og redusere behovet for å bygge meir og/eller bygge nytt.

Må ha forankring i staden ein byggjer på

Arkitektane meinte også at berekraft ikkje kan lausrivast frå staden ein byggjer på. Eit døme på dette kan ein sjå hjå arkitekten «Fredrik», som tidleg i karrieren arbeidde i Søraust-Asia, i eit land prega av avskoging.

Avskoginga førte til streng regulering av tømmer som konstruksjonsmaterial, noko som pressa opp prisane på ny tømmer. Dette førte igjen til at arkitektur utført i nytt tømmer vart assosiert med rikdom og status. Samstundes fans det også ein marknad for resirkulert tømmer, for det «Fredrik» kalla «litt sånn søplete trematerial», og det var dette materialet han tok i bruk.

Motivasjonen for dette var todelt. På den eine sida så var det snakk om å ta omsyn til ein knapp lokal ressurs ved å ikkje bruke ny tømmer. På den andre sida så representerte materialvalet også eit forsøk på å ta omsyn til dei kulturelle omgjevnadane på staden dei bygde.

Ved å produsere ein attraktiv estetikk i eit «søplete» trematerial var tanken å få «[løfta] litt sånn billege material ut av det her stigmaet om at det er eit fattigmannsmaterial, til at det er litt kult, da».

Gjennom å endre assosiasjonane til materialet ville han forsøke å forankre gjenbruk som verdi i kulturen på staden han bygde, og i tillegg prøve å påverke andre til å ville ta i bruk det same, «søplete» materialet. Estetikk vart ein strategi for å redusere forbruket av ein knapp ressurs, ein strategi som samstundes hadde som mål å etablerte gjenbruk som eit ideal.

Gjer seg relevant gjennom ingeniørspråk

Det er også interessant å merke seg korleis arkitektane argumenterer for desse aspekta. Arkitektane gjev generelt inntrykk av at den rådande forståinga av berekraftig arkitektur er fokusert på å talfeste berekraft.

Som følgje av dette har ingeniørar lettare for å få gjennomslag for sine argument. Deira tal veg tyngre enn arkitektanes kvalitative vurderingar. Samstundes kan det sjå ut til at arkitektane har tilpassa seg dette.

Som nemnt tidlegare, så argumenterte arkitektane ofte i tråd logikken ein finn i livsløpsanalyser, som jo er ein metode for å kvantifisere berekraft.

I tillegg kunne dei føre argument som dette: «det er no nesten ingen som har rekna på energikonsekvensen av å sløse areal, for eksempel, i forhold til å ha meir effektive bygningar.» Arkitektane argumenterer altså for at utforminga av eit bygg er med på å påverke byggets levetid og energiforbruk, og då også byggets berekraft.

Slik gjer arkitektane utforming og estetikk relevant, også innanfor ei forståing av berekraftig arkitektur som fokuserer på det kvantifiserbare.

Arkitektars arbeid handlar ikkje berre om estetikk

Arkitektane argumenterer altså for at deira kompetanse handlar om berekraft, i tillegg til å handle om design og utforming. Trass i dette fortalte arkitektane at deira fagkompetanse lett vart ignorert i møte med realfagleg ekspertise.

Arkitektane eg intervjua viste likevel at deira kompetanse er relevant også når det kjem til dei kvantifiserbare aspekta ved bygningar. Å arbeide med estetikk og utforming kan forlenge levetida til ei bygning, og kan også vere med på å forme framtidas byggjeskikk. Gjennom å produsere attraktiv arkitektur kan ein forankre berekraft som ein verdi i ein kultur, i tillegg til å lage eit enkeltbygg som er berekraftig.

Arkitektane sine argument avviser ikkje den rådande forståinga av berekraftig arkitektur, men representer ei utvida forståing av berekraft. Dei har ei forståing kor berekraft også avhenger av menneska ein byggjer for, og staden og kulturen kor det byggjast. Arkitektanes faglege kompetanse representerer dermed eit relevant og viktig bidrag i arbeidet med å produsere ein meir berekraftig arkitektur i framtida.

Referanse: Bård Torvetjønn Haugland «Berre estetisk? Arkitektkompetanse i møte med berekraftig arkitektur». Masteroppgave, NTNU, 2018.

Powered by Labrador CMS