Jernaldergarden jubilerar

I sommar er det 40 år sidan Jernaldergarden i Stavanger stod ferdig rekonstruert.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Jernaldergarden i Stavanger har i 40 år vore ein stad kor familiar har fått innblikk i livet i jernalderen. (Foto: UiS)

Dette 1500 år gamle gardsanlegget er eit av Stavangers mest populære turistmål, og folk i alle aldrar lærar om korleis folk budde og kva dei levde av i jernalderen.

På ei høgd over Universitetet i Stavanger ser husfrue Inger Horve utover sitt rike. Kanskje stod jernalderhusfrua også sånn for 1500 år sidan, i flotte klede og med dyr og born rundt seg.

For 1500 år sidan var dette ein stor gard, sjølv om det ikkje var eit høvdingsete. Men funn av glasperler og glasskår frå eit drikkebeger forte at dei som budde på garden mest sannsynleg tilhøyrde øvre middelklasse.

Dei hadde kyr, sauer, geiter og kanskje både hest, høner, gris og ein hund. Dei laga mat av korn, kjøtt og fisk.

Og det var mykje hardt arbeid for å få dagliglivet til å gå. Mjølet blei kverna med handkvern. Kvinnene sat med kverna i timevis kvar dag, noko som var hardt arbeid.

Av sauane på garden fekk dei ull, og så spant dei garn for hand, som dei farga med plantefarger og sydde til flotte klede.

Og mens kvinnene kverna melet, var spinning av tråd noe også ungane måtte hjelpe til med allereie frå dei var ganske små.  For å lage ein kvinnedrakt gjekk det heile 10 000 meter med tråd.

Utgraving frå 1967

Jernaldergarden er frå folkevandringstid (ca. 350-550 e.Kr).  Utgravingane på staden begynte i 1967, og i 1972 stod fyrste delen av den rekonstruerte garden ferdig.

Den var ein del av Stavanger kommune sitt 1100-års jubileum for slaget ved Hafrsfjord. 

Utgravinga var stor i si tid. Det var ikkje bare hustufta som blei undersøkt, slik det  var vanleg på den tida, men det vart gjort omfattande undersøkingar av graver, rydningsrøyser og områda rundt huset.

Arkeologane ønska å få fram spor etter heile den fortidige aktiviteten, mellom anna for å kome fram til eit heilt bilete av gardens tun og bygningar. Til arkeologanes overrasking fann dei ein gardsplass som var godt planlagt og vel organisert, og dei fann eit steingjerde som avgrensa gardsrommet.

Og i dei tre hustuftene som vart funne, fann arkeologane klare indikasjonar på at husa primært hadde vore trebygningar, og at steinmurane i første rekkje måtte sjåast på som isolasjon og ikkje som bærande konstruksjonar som ein tidligare hadde trudd.

23 000 besøkande

Det er 40 år siden Jernaldergarden i Stavanger vart rekonstruert. Driftsleder Inger Horve trur det kan kome omlag 25.000 gjestar til garden i løpet av somarsesongen i år. (Foto: UiS)

Inger Horve er tilsett på fulltid ved Arkeologisk museum, UiS, for å drive formidling på Jernaldergarden. I sommar reknar ho med om lag 23 000 turistar og andre besøkjande finn turen til garden.

For 20 år sidan var det mellom 13 og 14 tusen gjestar innom garden på Ullandhaug.

Det er cruiseturistane som er i fleirtal blant dei som gjestar Jernaldergarden i dag, og garden er eit av dei mest populære gjestingsmåla til cruiseturistar som kjem til Rogaland. Men tilbodet om omvisning er og populært for skuleklassar.

- Eg trur ikkje det finnast ein skuleelev i Rogaland som ikkje har gjesta Jernaldergarden ein eller anna gong i løpet av skulegangen, seier Inger Horve.

17. juni markerast jubileet med familiedag og det blir som vanleg aktivitetar for born og vaksne heile sommaren, mellom anna skyting med pil og boge, forteljarstundar, nålbinding, kinning av smør og mykje meir.

Referanse:

Skår: “Gammel gard gjenoppstår. Fra gamle tufter til levende museum”, Arkeologisk museum i Stavanger, Småtrykk 26

Powered by Labrador CMS