Fann 40 000 år gamle spor etter menneske i Russland

For berre få år sidan trudde ein at området nord for Polarsirkelen i Russland var dekt av is gjennom siste istid. Eit norsk-russisk forskingsprosjekt har snudd opp-ned på denne forestillinga.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Den kunnskapen vi har no, er fundamentalt forskjellig frå det vi trudde då vi starta verksemda i Nord-Russland i 1993, seier John Inge Svendsen, professor i geologi ved Universitetet i Bergen. Kollega Jan Mangerud forklarer:

- Tidlegare var det ei alminneleg antaking at då isbreane i Skandinavia og Nord-Amerika hadde sitt siste store maksimum, for om lag 20 000 år sidan, var det tilsvarande store brear over Barentshavet og Karahavet, og at desse breane strekte seg langt sørover i Nord-Russland. Dette har vi vist er feil.

I staden var Nord-Russland isfritt på denne tida. Det var iskaldt, men tørt, og landskapet var ein ørken prega av sanddyner. Men litt før dette, for 30-40 000 år sidan, var det stepper som gav gode livsvilkår for store dyr som mammut, hestar og ullhåra neshorn - og menneske. Dette var ei overrasking for forskarane.

Frå Afrika til Arktis

- Ingen stader i verda var det gjort funn etter menneske under siste istid så langt nord. Men i Russland, nord for Polarsirkelen, har vi funne spor etter menneske som er 40 000 år gamle, like gamle som dei første spor etter moderne menneske i Mellom-Europa. Det kan ha vore neandertalerar, men i så fall har dei vandra 3 000 kilometer lenger mot nord enn ein har trudd hittil. Vi trur at dette var moderne menneske, som i så fall vandra nesten direkte hit frå Afrika, forklarer Svendsen.

Han har mellom anna hatt ein artikkel i Nature om dette, i samarbeid med russiske forskarar.

"Frå utgravinga i Nord-Russland."

Det har vore sterk usemje om kor stor utstrekning isbreane eigentleg har hatt i Nord-Russland gjennom siste istid, som varte frå 115 000 til 10 000 år før vår tid. Betre blei det ikkje for vestlege forskarar av at landet lenge var stengt slik at dei ikkje kunne undersøke det sjølve.

- Dei siste ti åra har vi koordinert innsatsen, med arbeid i felt og med bruk av nye metodar for mellom anna datering, seier Svendsen, som har trassa dei russiske myggsvermane for å hente heim sedimentprøver for analysering.

Aktive isbrear

Slik har dei oppdaga at for 90 000 år sidan, då det var små brear over Skandinavia og Nord-Amerika, hadde breane i Nord-Russland si største utbreiing. Isen kom inn frå havet og strekte seg sørover kontinentet. Her demma iskanten opp dei store elvene som renn ut i Polhavet, og skapte på denne måten store innsjøar på begge sider av Uralfjella. På flyfoto kan ein enno sjå strandlinene til desse innsjøane.

Forskarane frå Bergen har vist at isdekket i Arktis har vore mykje meir dynamisk enn ein har trudd. Store brear har vakse fram og smelta vekk i løpet av nokre få tusen år, med gode levetilhøve for store dyreflokkar i dei isfrie periodane.

På sikt kan dette også bidra til betre forståing av drivkreftene i klimavariasjonane. Det norsk-russiske PECHORA-prosjektet er tverrfagleg og har no fått finansiering frå Forskingsrådet for fire nye år framover, slik at ein kan teste nye hypotesar for istidsutviklinga i Nord-Russland.

Powered by Labrador CMS