Annonse

Jaktar på jegerar

Før trudde ein at det gjekk 3 000 år før dei første nordmennene tok innlandet i bruk. Nyare forsking viser at erobringa av fjellet skjedde svært fort. Det er påvist opptil 10 000 år gamle leirplassar etter reinjegarar i fjellområda sør for Lysefjorden.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein 28 mm lang "tyggis" av bjørkebarktjære funnen på en buplass frå eldre steinalder rundt 1 000 meter over havet i Blåsjø-området i Setesdal Vesthei. Av 8 tanninntrykk er eitt avsett av en 6-årsjeksel og flere høgst sannsynleg av mjølketenner. (Foto: Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger)

Allereie i 1973 fekk Sveinung Bang-Andersen planane for Ulla Førre i fanget.

Ei kraftutbygging i det sentrale fjellområdet midt mellom fjordbotnane i Ryfylke og øvre Setesdal skulle blant anna resultere i eit enormt vassmagasin, «Blåsjø», på cirka 80 kvadratkilometer.

Arkeologane måtte inn før det heile kom under vatn og kulturminna vart raderte ut.

Fram til 1979 leidde Bang-Andersen arbeidet med å påvise og undersøkje steinalderbusetjingar. Forskarane hadde ein teori om at også dei første rogalendingane drog inn i landet for å jakte på villrein.

Men akkurat kvar og når dei byrja denne innlandsjakta, var uklart. I 2008, meir enn tretti år etter første spadestikk, skreiv Bang- Andersen ferdig rapporten om steinalderjegerane i Dyraheio.

På leit etter leirplassar

I over tretti år har Sveinung Bang-Andersen leita etter dei første menneska som kom til Noreg. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

Tenk deg at du ser utover fjellviddene. Der er ingen synlege spor etter menneske. Har dei eigentleg vore her i det heile? Og kvar skal du i så fall byrje å leite?

– Vi rekna med at det var villrein i fjellet allereie like etter istida, og vi hadde ein teori om at menneska var ute etter den nokså tidleg. Dermed byrja vi med å leite i dei områda villreinen framleis ferdast i.

– Vi undersøkte stader der vi sjølve ville ha slege opp telt, gjerne små forhøgingar i terrenget med tørr botn og god oversikt, fortel magisteren, som må være ein meister i å finne gode leirplassar.

Som prosjektleiar i høgfjellet har han bak seg tallause feltsesongar med fjellanorakk, enkel losji og vekslande vêr. Saman med assistentane sine gjorde han 7 000–8 000 prøvestikk både på tenkjelege og utenkjelege stader.

Forskargruppa kunne påvise 13 steinalderlokalitetar med trekol og «attgløymde» skraparar og pilespissar av flint, som viste at steinaldermennesket hadde vore der.

Det som imidlertid var det mest tankevekkjande funnet, var eit lite stykke forkola bjørkeborktjøre med avtrykk av åtte tenner!

Bang-Andersen sende ei prøve til eit universitet i England, der ein doktorgradsstipendiat heldt på med ei avhandling om – ja, nettopp – steinaldertyggegummi.

– Tyggegummien representerer eit levd liv 6 000 år tilbake i tid. Tannavtrykka er avsette av ein person på mellom 6 og 12 år. Eit prov på at born og ungdom deltok på jaktferder langt til fjells, som eit naudsynt ledd i læra for livet, forklarer arkeologen.

Nordeuropeisk fellesskap

Dei første rogalendingane og nordmennene kom sørfrå via tørrlagde område ute i Nordsjøen. For 10 000 år sidan låg desse områda berre ti mil unna kysten. Menneska nådde hit med båtar, og i løpet av ein periode på berre 100–200 år hadde dei busett seg langs praktisk talt heile norskekysten.

Dei hadde med seg ein etablert reiskapskultur, og dei var del av ein nordeuropeisk fellesskap av tankar og teknologikunnskap.

Fra arkeologisk forundersøking av ein rundt 6 000 år gammal steinalderbuplass ved Vestre Gyvatnet i Blåsjø-området i Setesdal Vesthei. Terrengplassereinga er typisk for buplassar brukt i samband med villreinjakt i fjellet i Sør-Norge i forhistorisk tid. (Foto: Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger)

Før trudde ein at det gjekk 3 000 år frå dei busette seg ved kysten, til dei tok innlandet i bruk, men erobringa av fjellet skjedde svært fort. C14-dateringar av blant anna trekol fortel at fleire av leirstadene i Blåsjøområdet er 7 000–8 000 år gamle.

Seinare er det blitt påvist reinjegerleirplassar i fjellområda sør for Lysefjorden som er opptil 10 000 år gamle.

For arkeologen er det viktig å både sjå og tenkje i lange baner.

– Om vi erkjenner at vi sjølve berre er nummer 400 i ei generasjonsrekkje, har vi ikkje lov til å oppføre oss som om vi er dei einaste som bur og skal bu her. Tidsdimensjonen inneber eit forvaltaransvar som bør gjere oss meir audmjuke i bruken av ressursane på jorda.

Mer informasjon:

Rapport (2008): De første jegerne i Dyraheio - utnyttelsen av Setesdal Vesthei i steinalder ca. 7000-3500 år før nåtid.

Powered by Labrador CMS