By frå byrjinga

Mellomalderbyane på Vestlandet voks ikkje nødvendigvis fram frå sentrale forhistoriske bygder, slik eldre forskingsrapportar hevdar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Stavanger, slik det kan ha sett ut på den tida domkyrkja ble bygd i første halvdel av 1100-tallet. Arkeolog Helge Sørheim trur at Stavanger blei etablert som eit reint bispesete med minimal urban busetnad. (Illustrasjon: Eva Gjerde)

– Det har vore semje om at dei fleste norske byane voks fram på stader med eldre sentrumsfunksjonar.

– Men det viser seg å vere overraskande liten samanheng mellom dei gamle sentrale bygdene og dei nye byane som gror fram i mellomalderen på Vestlandet, seier Helge Sørheim ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.

Doktoravhandlinga hans gir ein analyse av den tidlege busetjingsarkeologien for jarnalderen og mellomalderen på Vestlandet og prøver å peike ut og diskutere dei mest sentrale stadene.

Sørheim ville utforske grunnlaget for mellomalderen sine kaupstader og byar. Han kallar avhandlinga ein syntese av eldre kunnskap sett saman og diskutert med nye auge.

Analysen hans tek utgangspunkt i førekomsten av rike arkeologiske funn og monumentale fornminne, for eksempel store gravhaugar og skipsgraver.

– Dette har eg studert for å sjå korleis busetnaden utviklar seg over tid. Finst det arkeologiske spor etter bydanning på Vestlandet før 1000-tallet? spør Sørheim.

Systemskifte

– Eg var særleg oppteken av om det blei lagt nokre busetjingsmessige føresetnader som kunne byggje opp under desse stadene. Svaret var, med unnatak av Avaldsnes, negativt, seier Sørheim.

I overgangen mellom forhistorisk og historisk tid, grovt sagt rundt år 1000, hender det omfattande systemendringar, forklarer han. Stikkorda er folkeauke, statsdanning med rikskonge og statsapparat, religionsskifte og generell handelsutvikling.

Alt dette gir eit fullstendig systemskifte.

– Av byar eller sentrale stader som Stavanger, Bergen, Lusakaupangen (i dag Kaupanger i Sogn), Borgund (utanfor dagens Ålesund) og Notau på Avaldsnes er det altså berre den sistnemnde der ein kanskje kan påvise ein kontinuitet frå forhistorisk til historisk tid.

– Alle dei andre stadene er nyare byar eller sentra etablerte på 1000-tallet, seier Sørheim.

Ulike modellar for bydanning

I avhandlinga vurderer Sørheim dei ulike stadene, særleg for mellomalderen sin del, i ein systemteoretisk inspirert modell som tek for seg sosiale og naturgeografiske nettverk.

– Det er påfallande at det er liten samanheng mellom dei gamle sentrale bygdene og stadene der dei nye byane og kaupstadene gror fram, seier Sørheim.

Han meiner dette understrekar kor gjennomgripande dei var, dei samfunnsendringane som skjedde i overgangen mellom forhistorisk og historisk tid.

Stavanger blei for eksempel etablert som eit reint bispesete med minimal bybusetnad. Ved utgravingar på torget midt i Stavanger i perioden 2000–2006 blei det funne svært få spor etter profan busetnad. Karbondateringar tyder derimot på ein gardsbusetnad frå rundt 1000-talet.

Dei skriftlege kjeldene tyder heller ikkje på by eller annan bymessig busetnad i Bergen, som blei eit sete for kongen på slutten av 1000-talet. Byen voks fram som eit støttepunkt for kongen, forklarer Sørheim.

Det andre systemet som forklarer Bergen si bydanning, er handel.

– Bergen voks fram som ein by bygd på handel med tørrfisk, forklarer Sørheim.

Bakgrunn:

Helge Sørheim disputerte tidligere i år ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: ”Sentralsted, tettsted, knutepunkt, by. Bosetningshierarkier og sentraldannelser på Vestlandet fra jernalder til middelalder.”

Powered by Labrador CMS