- Samane selde ikkje sjela si

Levande samar på utstilling er langtfrå ei einsidig historie om utnytting, meiner arkeolog.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

”Mr. Bullock’s Exhibition of Laplenders”. London 1822-23, familien Jens og Karen Thomassen Holm, frå Røros. (Foto: (Illustrasjon: Nasjonalbiblioteket))

På 1800- og 1900-talet kunne ein sjå levande samar på utstilling. I dag blir dette ofte sett på som eit gufs frå ei eksotiserande fortid – eit overgrep frå majoritetssamfunnet.

– Men det er heilt feil å sjå dette som ei einsidig utnyttingshistorie, seier arkeolog Cathrine Baglo.

I doktorgradsavhandlinga si rettar ho krass kritikk mot det offerbiletet av samane som er skapt rundt denne utstillingspraksisen – eit bilete ho meiner har hindra forsking i lang tid.

– Det har gjort at fenomenet i seg sjølv har vore avskrive på førehand, det har overflødiggjort forsking og fortolking. Det at utstillingane ofte var i dyreparkar har vore forklaring nok for den fortolkande ettertida.

– Ingen har gått inn i praksisen og sett kva som var føresetnadene. Det med dyreparkar, til dømes, var eigentleg tilfeldig og hadde samanheng med at dette var utstillingsarealet ein av dei største entreprenørane på området, tyskaren Carl Hagenbeck, tok utgangspunkt i.

– Dyrehagen, med sin særeigne kombinasjon av hageanlegg, framandarta arkitektur og levande dyr framkalte umiddelbart noko av den eksotiske totalopplevinga Hagenbeck og mange andre utstillarar ønskte å formidle. Det var aldri nokon som prøvde framstille samane som dyr, seier Baglo.

– Dessutan føretrekte mange av samane dyreparkane, for der var det dyrlegar og reinen fekk med det skikkeleg stell. I Paris i 1933, til dømes, fekk familien Danielsen frå Røros tilbod om hotell, men dei føretrekte å bu i Boulogne-skogen, kor dyreparken låg, saman med reinen.

Kunne stille krav

Utstilte samar var del av ein større utstillingspraksis som voks fram i den vestlege verda utover 1800-talet.

Representantar for framande folkeslag, og det ein etter kvart skulle tenkje på som ”primitive” menneske, vart frakta til Europa og Amerika kor dei viste fram kvardagslivet sitt for dei besøkande – på dei store arrangerte verdsutstillingane og omreisande i dyreparkar, fornøyelsesparkar og på sirkus.

Omreisande i kulturformidling: ”Lappkaravene fra Frostviken” (personar ukjende). (Foto: (Illustrasjon: Tromsø Museum))

Baglo har undersøkt kartlagt om lag 400 samar på utstilling frå 1822 og fram til 1950.

– Ved å gå grundig empirisk til verks – inn i alle dei ustilte sine historier – har eg funne eit mangfald av motivasjonar for å la seg utstille, og samane gjorde seg ulike erfaringar. I tillegg til å tene pengar, lærte mange seg språk som la grunnen for seinare utdanning.

– Dei hadde arbeidskontraktar som regulerte arbeidsoppgåver, løn, reisekostnader og medisinsk tilsyn for folk og dyr. På verdsutstillinga i Chicago i 1893, til dømes, forhandla ei gruppe sørsamar seg til ein kontrakt som fastslo at dei skulle bu på første klasse på hotell undervegs, seier Baglo.

Også triste historier

Men sjølvsagt er det også historier om utnytting og dårlege arbeidsforhold. Kontraktane vart ikkje alltid haldne, og vilkåra viste seg nokre gonger å ikkje vera i tråd med det mange hadde vorte førespegla.

– Min konklusjon er likevel at all den tid ein har å gjera med levande menneske, vil dei alltid vera med og påverke sin egen representasjon – i motsetning til voksdokkene som kom i musea etterpå.

– I dei levande utstillingane var det alltid ei utveksling av interesser mellom dei ulike aktørane, og eg meiner det er mest dekkande å sjå på utstillingane som ein ressurs for alle dei involverte, seier Baglo.

Det mangla heller ikkje på kritiske røyster i samtida – også frå samisk hald. Spørsmålet om kva og kven som var ekte samar, og korleis desse kunne representerast, var også då eit sentralt tema.

Nokre samar gjekk til utstillingane som ein økonomisk nødvendig utveg, medan andre var nærast heilprofesjonelle aktørar.

– Mange ressurssterke samar gjorde dette til ein leveveg. Ein skal heller ikkje undervurdere utstillingane som tidlege urfolksforum.

– På verdsutstillinga i Chicago i 1893 stod sørsamen Daniel Mortensson side om side med Sioux-indianarar, noko som truleg førde til nære erfaringar som den politiske samerørsla tidleg på 1900-talet fekk bruk for, seier ho.

Vart turistindustri

Levande utstillingar gjekk føre seg over heile den vestlege verda, men likevel syner dei ein fascinerande einskapleg praksis, ifølgje Baglo.

– Det er like type utstillingar i ulike type nedslagsfelt over ein lang periode. Høgdepunktet er mellom 1880 og fram til om lag 1910, med til dømes verdsutstillinga i Paris i 1889.

Sørsamar i Hagenbecks Dyrepark 1926, deriblant Mathias Mortensson med familie. (Foto: (Illustrasjon: Hagenbeck-arkivet, Hamburg))

– I denne perioden blir praksisen sett på som legitim vitskaps- og kulturformidling. Men i løpet av dei neste 10 til 20 åra opplever utstillingane eit stort statusfall, og det stogereine blir på kort tid veldig kritisert, fortel Baglo.

– Rundt 1930,med eit etterslep i alle fall fram til 1950, er det slutt på utstillingane, men eg meiner det er ein glidande overgang til den etniske turistindustrien framover mot vår tid som samane var med på å styre sjølve.

Noko anna enn “freakshow”

Såkalla “freakshow”, der menneske med ulike fysiske misdanningar vart viste fram, var ektefødde barn av den same tida som samane vart utsilte i.

– Men dette er likevel noko anna. På freakshow fekk ein sjå individuell ulikskap, men utstillingane med samar og andre folkeslag ville vise fram kollektiv ulikskap. Nøyaktig, kulturell reproduksjonen, med framvising av det normale familielivet, stod som eit heilt sentralt mål for mange utstillarar.

– Og samane sjølve deltok i denne iscenesetjinga. Dei selde på ingen måte sjela si, men framstillingar av liva sine og kulturen sin, framstillingar som dei sjølve, gjennom det å vera til stades, var med på å forme, seier Baglo.

Bakgrunn:

Cathrine Baglo disputerte nyleg ved Universitetet i Tromsø med avhandlinga På ville veger? Levende utstillinger av samer i Europa og Amerika.

Powered by Labrador CMS