Han har analysert ektefellars innsats i heimen i lys av nasjonalt likestillingsnivå og økonomisk utvikling. I ein omfattande komparativ studie blei husarbeidet til kvinner og menn kartlagt i 34 land.
I regi av The International Social Survey Programme (ISSP) har om lag 18 000 par i alderen 25 til 65 år svart på kor mykje tid dei bruker på matlaging, vasking, rydding, handling og omsorgsarbeid i veka.
UiS-forskar Knud Knudsen og medforfattar Kari Wærness ved Universitetet i Bergen fann fleire interessante mønster i dei ulike landa og mellom dei.
- Omfanget av partnarane sin innsats og fordelinga mellom dei blir påverka av kvinners posisjon i samfunnet og det nasjonale økonomiske nivået. Slik verkar faktorar på makronivå inn på mikronivået i heimen og dagleglivet, seier Knudsen.
Kvinner gjer mest i alle land
Ifølgje undersøkinga bruker kvinner i Noreg tolv timar kvar veke på husarbeid, medan norske menn bruker litt over fire.
Sjølv om norske kvinner gjer minst husarbeid blant kvinnene i verda, er det samstundes klart at norske menn gjer lite husarbeid samanlikna med menn i andre land. Kvinners del av innsatsen i heimen blir dermed høg også i Noreg.
- Det er kanskje ei overdriving at likestillingskampen er komen så langt i Noreg. I grunnen er det rart at vi ikkje er komne lenger, seier Knudsen, før han dreg opp nokre linjer.
- Det finst ingen moderne land i verda der mannen gjer meir husarbeid enn kvinner eller like mykje som kvinner. I gjennomsnitt gjer kvinner to tredjedelar av husarbeidet i verda, seier han.
Overraskande kjønnsskilnad
- Det mest overraskande i undersøkinga var kva for ulike faktorar som påverka kvinners og menns innsats i heimen, seier Knudsen
- Vi fann det sosiologisk interessant at nasjonalt likestillingsnivå mest påverkar kvinners innsats, medan utviklingsnivået i landet påverkar mannens.
- Kvinner verkar med andre ord meir sensitive for kor langt likestillinga i landet er komen, medan menn er mest sensitive for dynamikken i den økonomiske sektoren, seier han.
- Talet på kor mange timar kvinner bruker på husarbeid, varierer med nasjonale likestillingsnormer. I samfunn der kvinner går for å ha mykje makt økonomisk eller politisk, er skilnaden mellom menn og kvinner gjerne mindre i heimen.
Arbeidsdelinga i heimen speglar kvinners posisjon og makt i samfunnet, seier Knudsen og held fram:
- Individuelle kjenneteikn ved partnarane spelar også inn. Til dømes gjer menn ofte mindre husarbeid til meir dei tener, medan kvinner gjer mindre husarbeid til fleire forpliktingar dei har utanfor heimen.
Mexico og Chile toppar
Menn i Mexico gjer mest husarbeid blant menn i verda, med 14 timar per veke. Dei gjer dermed meir husarbeid kvar veke enn norske kvinner.
Dei kvinnene i verda som gjer mest husarbeid, kjem frå Chile. Chilenske kvinner toppar statistikken med 38 timar kvar veke. Nest etter chilenske kvinner er det kvinnene i Brasil som gjer mest, med 33 timar kvar veke, og irske kvinner, som bruker 32 timar kvar veke.
Trass i at franskmennene har rykte som gourmetkokkar bruker dei minst tid av alle på husarbeid. Med sine 16 timar totalt for mann og kvinne er skilnaden stor til Chile, der kvinner og menn bruker meir enn 47 timar kvar veke på husarbeid.
Noreg toppar statistikken over minst tid på husarbeid saman med Frankrike og ligg dermed godt under gjennomsnittet på 29 timar kvar veke.
Heving av lønnsnivå
Størst skilnader mellom menn og kvinner finn vi i Chile, der kvinner bruker om lag 28 timar meir kvar veke på husarbeid enn menn.
Minst skilnader mellom menn og kvinner finn vi i Danmark, der kvinner berre gjer opp mot seks timar meir husarbeid kvar veke enn mannen.
- Om vi samanliknar likestillinga i dei nordiske landa med likestillinga i andre europeiske land, er skilnaden ofte mindre enn vi skulle tru, seier sosiologen.
- Framleis har vi til dømes få kvinnelege professorar i Noreg, ingeniørfaga er dominerte av menn, og på helse- og sosialfag er dei aller fleste kvinner, seier UiS-professoren.
- Kvinner går gjerne mot omsorgsyrke og får seg ofte jobb i offentleg sektor, eller dei får deltidsstillingar.
- Denne skeivheita må vi klare å gjere noko med. Ei avgjerande løysing vil vere å heve lønnsnivået til dei kvinnedominerte yrka, slik at dei minst kjem på nivå med typiske mannsyrke, seier han.
Artikkelen «National context and spouses’ housework in 34 countries» skal publiserast i det anerkjente tidsskriftet European Sociological Review på nyåret. Funna til Knudsen og Wærness har allereie fått spalteplass i The Independent og sendetid hjå BBC Latin-Amerika.