Det spanske arbeidslivet er vanskeleg å kombinere med å ha familie. Derfor vel mange spanske arbeidsmigrantar å bli i Noreg. (Foto: Colourbox)

Spanjolar vil ikkje heim

Den norske arbeidsmiljølova gjer at høgt utdanna migrantar ønsker å bli i Noreg. Her får dei muligheit til å leve normale familieliv, noko som er svært vanskeleg i Spania.

Om forskningsprosjektet

Forskarane har intervjua 69 innvandrarar som bur i Noreg, 23 frå Polen og 46 frå Spania.

Intervjua vart gjort i perioden 2012-2014 i Bergen, Oslo og Stavanger.

Forskarane er ein en del av to ulike forskningsprosjekt:  ‘Possibilities and realities of return migration’ og ‘Labour Migration in uncertain times’. Susanne Bygnes er leiar for sistnevnte prosjekt.

Dei intervjua har høgare utdanning, og arbeider innan sine yrker eller under sitt utdanningsnivå. Men også personer med yrkesretta opplæring og lågare utdanning er med i utvalet.

– Det grenselause Europa, der menneske villig reiser frå land til land, er langt på veg ein myte, seier Susanne Bygnes, forskar ved Det sosiologiske institutt ved Universitetet i Bergen. Ho meiner mykje av forskinga som er gjort på arbeidsmigrasjon innan Europa gjort på unge folk og er ikkje nødvendigvis representativ for migrantar som gruppe.  

Bygnes og kollegaene hennar har studert spanske og polske migrantar til Noreg og finn at dei har mange fellestrekk. I ein ny vitskapeleg artikkel viser dei at majoriteten av arbeidsmigrantar frå Spania, særleg dei høgt utdanna, ønsker seg stabile, trygge og godt forankra liv i Noreg. Dei vil ikkje returnere til Spania.

Men dette gjeld også for mange av polakkane som har slått seg til i Noreg. Det er ikkje berre sviktande og hard arbeidsmarknad som får menneske til å forlate heimlandet. Migrasjonen er også ein protest mot samfunn med dårlege framtidsutsikter. Særleg for spanjolane er det ein djup mistillit til dei som styrer landet. Først og fremst er det likevel kvaliteten på arbeidslivet som lokkar folk til Noreg.

Ønsker ikkje flytande liv

Susanne Bygnes, postdoktor ved Det sosiologiske institutt ved Universitetet i Bergen. (Foto: UiB)

Familieliv, økonomi og tilhøve i arbeidslivet er sentrale faktorar når migrantane planlegg framtida si. Etter at dei har vore her nokre år, finn dei ro. Arbeidslivet her gjer at dei tør å stifte familie, dei får venner og knyter seg til den nye plassen. Mange av dei endar derfor opp med å ønske å bli i Noreg.

Ifølgje Bygnes har tidlegare forsking om migrasjon innan Europa hevda at arbeidsmigrantar utviklar ein såkalla migrasjonshabitus. Det vil seie at dei har svak tilknyting til landa dei arbeider i og flyttar seg lett vidare til nye jaktmarker.

– Dette ikkje er tilfelle med dei vi har intervjua. Vi trur at det med å flytte seg frå land til land, frå stad til stad mykje meir er knytt til livsfase. Dei vi har intervjua er i tretti og førtiåra, og dei ønsker å slå seg ned ein stad, seier Susanne Bygnes. Sjølv har ho jobba særleg med spansk migrasjon til Noreg.

To vekers kontraktar

Arbeidslivet i Spania var allereie før krisa i 2008 det hardaste i Europa, med svært stor makt hos arbeidsgjevarane. Heilt sidan 1990-talet har ein tredjedel av spansk arbeidsstokk bestått av midlertidig tilsette. Dette talet er no endå større. Det gjer at arbeidsmarknaden for ein svært stor del unge er usikker.

– I Spania er det vanleg med arbeidskontraktar som varer i to veker. Det er svært høge krav til kva ein skal yte for arbeidsgjevar. Vi har snakka med folk som må jobbe om nettene og ikkje får fri for å ta sjuke barn med til lege. Viss du har ein jobb, er det forventa at du skal leve for jobben, seier Bygnes.

Ho meiner at vernet for arbeidstakarar er svakt. Det er knapt mogleg å ha ei fritid og det vi her i Noreg ser på som eit normalt familieliv.

Polakkar ønsker også å bli i Noreg

Bygnes har også sett på polske arbeidsmigrantar. Dei er svært mange og driv i større grad enn dei spanske med pendling mellom land. Mange av dei kjem til Noreg for ei kort periode. Men heller ikkje i Polen er rettsvernet for arbeidstakarar særleg godt, sjølv om det ofte er økonomiske årsaker til at dei vel å flytte for å arbeide.

– Vi snakkar om «billige hjernar» frå syd og «billige hender» frå aust. Men i stor grad er mykje likt, det er mykje av dei same dynamikkane, og vi finn det same harde arbeidslivet i Polen.

Så sjølv om mange nyankomne innvandrarar jobbar i dei meir utsette delane av den norske arbeidsmarknaden, får dei også tilgang til eit arbeidsliv som er forutsigbart og der betre vilkår er innan rekkevidde for mange.

Baksida av fri flyt

Å heile tida flytte seg til nye land mistar dei fleste lyst til etter ein viss alder. Mens det som kanskje startar ut med fridom og sjølvrealisering, får mange EU-migrantar over tid ei rekke utfordringar knytt til aukande alder, einsemd, mangel på familieliv og praktiske problem med pensjonar og tilgang til velferdsstaten.

Ideen om flytande grenser bygger oppunder at unge elskar det frie grenselause Europa. Det legg ifølgje dei norske forskarane eit press på dei unge: Får dei ikkje jobb i heimlandet, så har dei jo moglegheit til å jobbe kvar de vil i Europa?

– Men materialet vårt viser at det unge vaksne ønsker seg aller mest, er normale liv, seier Bygnes. Ho slår fast at dersom vi ønsker å behalde høgt kvalifisert utanlandsk arbeidskraft, er det beste vi kan gjere å behalde eit godt vern for arbeidstakarar.

– Vi må hugse at Noreg ikkje er noko naturleg førsteval. Det er ein utpost, der klimaet kanskje er det største hinderet for spansk trivsel.

Powered by Labrador CMS