Denne artikkelen er produsert og finansiert av De regionale forskningsfondene - les mer.

Angst er blant dei aller hyppigaste psykiske problema hos barn og unge, men få oppsøker spesialisthelsetenesta for hjelp.
Angst er blant dei aller hyppigaste psykiske problema hos barn og unge, men få oppsøker spesialisthelsetenesta for hjelp.

Ungdom med angst kan få god hjelp av kurs

Eit meistringskurs i skuletida gir god hjelp for ungdom som slit med angst, viser ny forsking. Den positive effekten held seg også etter at kurset er ferdig.

Publisert

I eit omfattande forskingsprosjekt har 18 norske ungdomsskular prøvd ut meistringskurs for elevar med angst.

Her har ungdommane snakka om det dei engstar seg for, møtt andre i same situasjon og lært seg teknikkar for å handtere stress, angst og uro. Kursa er haldne på skulane og i skuletida.

Forskingsresultata, som no er publiserte i tidsskriftet Journal of the American Academy of Child and Adolescent Psychiatry, gjev grunn til optimisme.

– Vi kartla angstsymptom hos deltakarane før og etter, og kursa hadde tydeleg positiv effekt. Deltakarane hadde mindre angstsymptom etter kurset, og dei meinte også at angsten i mindre grad påverka kvardagen deira negativt, seier Bente Storm Mowatt Haugland, førsteamanuensis og psykologspesialist ved Institutt for klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen.

Også foreldra til deltakarane og helsesjukepleiarane som heldt kursa, såg klar forbetring hos ungdommane.

– Foreldra var enda tydelegare enn elevane på at kursa hadde god effekt, og kursleiarane sjølve var kanskje ikkje så overraskande dei som sat att med aller mest positivt inntrykk. Dei vurderte at kursdeltakarane hadde blitt mykje betre etter å ha vore med på meistringskurset, seier Haugland.

Openheit er ein nøkkel

Då ungdommane vart bedne om å svare på kva som var positivt med kursa, var det to ting som gjekk att.

– For det første handla det om openheit og aksept. Mange opplevde det som godt både å få setje ord på det vanskelege og å oppleve at dei ikkje var aleine om å ha problem. For det andre handla det om at dei lærte seg teknikkar for å handtere angst og situasjonar dei engsta seg for, fortel Haugland.

- Gjennom skulehelsetenesta har vi moglegheit til å nå mange ungdommar som treng hjelp til å handtere angst, seier Bente Storm Mowatt Haugland.
- Gjennom skulehelsetenesta har vi moglegheit til å nå mange ungdommar som treng hjelp til å handtere angst, seier Bente Storm Mowatt Haugland.

På kursa måtte ungdommane arbeide med måten dei tenkte på og stille spørsmål ved sine eigne reaksjonsmønster. Dei måtte rett og slett trene på å ikkje tolke alle situasjonar på mest skremmande vis.

Eit eksempel kan ifølgje Haugland vere at du er redd for at andre i klassen skal le, synest du er dum eller avvise deg dersom du svarar feil på eit spørsmål.

Men prøver du ut denne forventinga i konkrete situasjonar, oppdagar du gjerne at mange i klassen har aksept for at andre gjer feil. Kanskje oppdagar du også at du faktisk taklar at nokon ler eller synest du er dum.

– Ungdommane måtte også lære seg å lage planar for å løyse problem i staden for å unngå det som er skremmande. Det handlar på ein måte om å ta tyren ved horna – men i overkommelege porsjonar. Om du unngår det som gjer deg engsteleg, kjem du fort inn i eit uheldig mønster av utsettingsåtferd og ting som veks deg over hovudet, seier Haugland.

Såg lysare på livet

Ved hjelp av standard spørjeskjema fanga forskarane ikkje berre opp symptom på angst, men også på depresjon. Det kan mellom anna ver lågt humør, inaktivitet, manglande tiltakslyst og eit mørkt syn på seg sjølv, livet og framtida.

– Kursa er innretta mot meistring av angst, men hadde også positiv effekt på depressive plagar hos ungdommane, fortel Haugland.

Det som kanskje er enda meir gledeleg, er at dei positive effektane heldt seg hos deltakarane også eitt år etter at kursa var avslutta. I ein del tilfelle var dei til og med forsterka.

– Det tyder på at mange av ungdommane har tileigna seg ferdigheiter og verktøy dei kan bruke til å løyse framtidige utfordringar. Det er akkurat det vi har håpa at kursa skulle bidra til, seier Haugland.

Hjelp til mange der dei er

Bakgrunnen for forskingsprosjektet er at angst er blant dei aller hyppigaste psykiske problema hos barn og unge. Samtidig viser forskingslitteraturen at få unge med angstproblem oppsøker spesialisthelsetenesta for hjelp.

– Spesialisthelsetenesta har heller ikkje kapasitet til å hjelpe alle. Det er grunnen til at vi må få hjelpa ut dit ungdommen er. Angst kan ha store konsekvensar for kvardagslivet deira, også utan at det ligg føre ein klinisk diagnose. Angst påverkar blant anna sjølvtilliten, trivselen, søvnen, forholdet til vennar og korleis ein fungerer på skulen, seier Haugland.

Forskarane rekrutterte helsesjukepleiarar i skulehelsetenesta på 18 skular i til saman ni kommunar på Sørlandet, Vestlandet og Austlandet.

Helsesjukepleiarane fekk ei overordna innføring i kognitiv åtferdsterapi – som blant anna inneber teori og praktiske teknikkar for å handtere angstplager – og elles grundig opplæring i kursinnhaldet. Alle fekk tett oppfølging og vegleiing undervegs.

I nokre av kommunane deltok også kommunepsykologar og fagpersonell frå spesialisthelsetenesta, men skulehelsetenesta stod for gjennomføringa av kursa.

Det vart prøvd ut to ulike kurs som begge følgde dei same grunnprinsippa, men hadde litt ulik lengd.

Det lengste kurset – Cool Kids – var på totalt 15 timar fordelte på ti samlingar over ti veker, i tillegg til to kveldsmøte for foreldra.

Det korte kurset – Våg – gjekk også over ti veker, men bestod av berre fem samlingar på til saman 5,5 timar.

– Skulane stod sjølve for rekrutteringa. Helsesjukepleiarane lærte lærarane å kjenne att engstelege elevar i klasserommet. Det kan blant anna vere dei som aldri rekker opp handa, ikkje held presentasjonar, ikkje er med i gym, har vondt i magen eller er stille og unnvikande, forklarer Haugland.

For å ufarleggjere opplegget vart det understreka at det handla om eit meistringskurs, ikkje om behandling. Dei som presenterte kurset snakka mindre om angst og meir om å engste seg.

Blir vidareført

Totalt 313 ungdommar vart med i forskingsprosjektet. Dei vart fordelt tilfeldig på tre grupper. Ein tredel tok det lange kurset, ein det korte, og den siste vart sett på venteliste. Av etiske omsyn fekk også dei som hamna på venteliste ta eit av kursa seinare.

– Også det kortaste kurset hadde effekt, men ut frå ei heilskapsvurdering av effektane tilrår vi vidare satsing på den lengste varianten, seier Haugland.

Målet er at Cool Kids etter kvart skal bli tilgjengeleg i stor skala landet rundt.

Så langt er nærare 130 fagpersonar frå skule-, spesialist- og kommunehelseteneste kursa i tiltaket, og Haugland trur ikkje det stoppar der.

– Dette må vi berre vidareføre. Kognitiv åtferdsterapi vert brukt i terapeutisk samanheng av høgt spesialiserte fagfolk med mange års utdanning, praksis og spesialisering. Gjennom dette prosjektet har helsesjukepleiarar – som ikkje har spesialisert utdanning innan behandling av psykisk helse – vist at dei kan tileigne seg og bruke kognitiv åtferdsterapi på ein måte som skapar betydelege endringar hos ungdom som slit med angst.

– Mens vi spesialistar er få, er dei mange, så gjennom skulehelsetenesta har vi ei unik moglegheit til å nå ut til mange som treng hjelp før problema har sett seg og blitt store, seier Haugland.

Positiv tilbakemelding frå kommunane

Psykologspesialist Anja Høye Rogde var koordinator for dei kommunane på Vestlandet som deltok i forskingsprosjektet.

Ho fortel om eit stort behov for auka kompetanse og lett tilgjengelege tiltak for barn og ungdom med angst; ikkje minst fordi det ikkje er kapasitet til å hjelpe alle gjennom Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), som er ein del av spesialisthelsetenesta.

– Både helsesjukepleiarar og kommunepsykologar gjev svært positive tilbakemeldingar på prosjektdeltakinga. Dei meiner at prosjektet har tilført kompetanse som dei brukar dagleg for å hjelpe barn og ungdom med angstsymptom. Alle kommunane frå Vestlandet som var med i prosjektet, driv no kontinuerleg barne- og ungdomsgrupper, seier Rogde.

Rogde meiner elles at støtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet har vore heilt avgjerande for kommunal deltaking i forskinga:

– Forsking på og innføring av denne typen nybrottstiltak hadde ikkje vore mogleg utan frikjøp av dei åtte helsesjukepleiarane og dei tre kommunepsykologane som deltok frå Fjell, Sund og Askøy.

Tidleg hjelp til angstmeistring for ungdom

Del av forskingsprosjektet Low-intensity CBT for internalizing youth mental-health problems. A multi-site randomized controlled trial, som inngår i Forskingsrådets program for klinisk helse.

Prosjektet er eit samarbeid mellom NORCE, RKBU Vest - Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, Sørlandet sykehus og Modum Bad - Gordon Johnsens stiftelse.

Det omfattar mellom anna studiar av effekten av to ulike angstmeistringskurs halde på skular i ni kommunar på Østlandet, Sørlandet og Vestlandet.

Regionalt forskingsfond Vestlandet, Oslofjordfondet og Helsedirektoratet har støtta prosjektet økonomisk.

Referanser:

Bente Storm Mowatt Haugland mfl.: Effectiveness of brief and standard school-based cognitive behavioral interventions for adolescents with anxiety: a randomized non-inferiority study. Journal of American Academy of Child & Adolescent Psychiatry, 2019. Doi.org/10.1016/j.jaac.2019.12.003

Bente Storm Mowatt Haugland mfl.: School-based cognitive behavioral interventions for anxious youth: study protocol for a randomized controlled trial. Trials, 2017. Doi.org/10.1186/s13063-017-1831-9

Elisabeth Husabo mfl.: Does School-Based Recruitment for Anxiety Interventions Reach Youth Not Otherwise Identified? A Comparison Between a School-Based Sample and a Clinical Sample. School Mental Health, 2020. (Samandrag) Doi.org/10.1007/s12310-019-09357-7