– Fagpersonell må ikkje vere så opptekne av at dei eldre skal talfeste effektar av rehabiliteringa. Mange tilsette fortalde at dette verka avsporande og bidrog til å skape avstand der målet var å skape nærleik og dialog, seier forskar. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB Scanpix)

Smarte grep gir vellukka rehabilitering av eldre

Det heile startar med noko så enkelt som ein naturleg samtale – utan medisinske fagtermar – om kva som er viktig for at den enkelte eldre skal få det betre. 

Mange kommunar har innført eller innfører kvardagsrehabilitering som eit av svara på eldrebølgja. Rehabiliteringa har som mål at eldre som opplev funksjonsnedsetting på grunn av skade, operasjon eller liknande, skal kunne ta opp att aktivitetar som er viktige i akkurat deira kvardag.

Kvardagsrehabilitering inneber på mange måtar eit perspektivskifte i eldreomsorga; frå fokus på sjukdom til mobilisering av dei eldre sine eigne ressursar. I tillegg til at rehabiliteringa skal gi auka livskvalitet, er det eit mål for kommunane at tilbodet skal avgrense eller utsette behovet for andre – og gjerne dyrare – tenester.

Men kva fremjar vellukka innføring av kvardagsrehabilitering som tenestetilbod?

Å la dei tilsette bygge tenesta «nedanfrå», basert på tverrfaglege erfaringar frå ulike helse- og omsorgstenester og med rom for å prøve og feile, ser ut til å vere ein god idé.

Det meiner i alle fall Mia Vabø, forskar ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA og leiar for eit forskingsprosjekt der dei har studert innføringa av kvardagsrehabilitering i Eigersund og Karmøy.

– Erfaringane frå Eigersund viser også at dersom ein skal få kartlagt kva ressursar dei eldre kan mobilisere for å bli meir sjølvstendige i kvardagen, er tillitsskapande dialog svært viktig, seier Vabø.

Det inneber mellom anna at ein legg vekk medisinske fagtermar og startar med noko så enkelt som ein naturleg samtale om kva som er viktig for at den enkelte eldre skal få det betre. Trener ein seg opp mot mål ein sjølv opplev som relevante for å meistre kvardagen, kjem motivasjonen lettare.

– Vi såg dessutan at fagpersonell ikkje må vere så opptekne av at dei eldre skal talfeste effektar av rehabiliteringa. Mange tilsette fortalde at dette verka avsporande og bidrog til å skape avstand der målet var å skape nærleik og dialog, seier Vabø.

Eige team for kvardagsrehabilitering

Då Eigersund skulle innføre kvardagsrehabilitering, etablerte dei eit sjølvstendig, tverrfagleg team med fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar. Etter kvart vart også helsefagarbeidar inkludert.

Teamet har ansvaret for både behovsvurdering og tildeling av tenester, og får hjelp av til dømes legar, heimesjukepleie og dagsenter til å identifisere eldre som kan ha nytte av kvardagsrehabilitering. Slik oppnår ein både at tilbodet vert godt kjent og at ulike faglege synspunkt kjem med i vurderinga av kven som bør få tilbodet.

Dei to første åra var rehabiliteringa i Eigersund organisert som eit prosjekt og ikkje som ein del av det ordinære tenestetilbodet. Eli Sævareid, rådgivar i helse- og omsorgsavdelinga i kommunen, trur det var viktig for at dei tilsette skulle få tid og rom til å finne fram til ein god praksis.

– Vi laga også ei intern hospiteringsordning der folk frå heimetenesta hospiterte hos rehabiliteringsteamet – og omvendt. Slik fekk ulike faggrupper innsikt i andre sin jobbkvardag og i kvardagen til brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester, seier Sævareid.

Lærer opp kvarandre og av kvarandre

Forskar Vabø meiner Eigersund har tatt mange gode grep. Ho rosar nettopp den tverrfaglege tilnærminga, der ein kan dra vekslar på kunnskap frå alle fagmiljø som er i kontakt med eldre heimebuande: Frå legar og dagsenter til heimeteneste og miljøteneste.

– Dette er rett og slett eit godt døme på korleis ein kan drive tenesteinnovasjon i kommunane. Dei som skulle innføre kvardagsrehabiliteringa, inviterte fagfolk frå mange tenesteområde til å tenke saman med seg. Her lærer ein både opp kvarandre og av kvarandre, seier ho.

Vabø framhevar også som viktig den aktive rolla sjukepleiaren har fått i rehabiliteringsteamet.

– Faren med kvardagsrehabilitering er jo at ein kan bli for oppteken av fysisk trening. Det kan vere andre plagar som reduserer livskvaliteten, som til dømes inkontinens, smerter eller svimmelheit, og sjukepleiarkompetanse er viktig for å fange opp slike ting, seier ho.

Rammevilkåra påverkar tilbodet

Ikkje overraskande har rammevilkår – økonomiske og administrative – stor betyding for kor langt ein kommune går i å investere i førebygging og for kor mange som får tilbod om kvardagsrehabilitering.

Der Eigersund etablerte eit eige team som aktivt søkte etter kandidatar for rehabilitering, var Karmøy kommune underlagt innsparingskrav som påverka satsinga. Dei integrerte kvardagsrehabiliteringa i heimetenesta og heldt på prinsippet om at tilbodet var for brukarar med lovfesta rett til nødvendig helsehjelp.

Resultatet av at ein hadde så ulike rammevilkår, var at Eigersund fekk fire gonger så mange brukarar av kvardagsrehabilitering som Karmøy. Analysar baserte på estimerte tal, viser at behovet for vanlege heimetenester i Eigersund har gått ned som følgje av satsinga på førebygging. For dei har satsinga altså hatt ein positiv økonomisk effekt.

Må sjå heilskapleg på menneskeleg velvære

Som eit resultat av at Karmøy kommune måtte vere restriktive med kven dei kunne tilby kvardagsrehabilitering, vart tenesta der først og fremst eit tilbod til eldre med reine somatiske – altså reint kroppslege – helseutfordringar. Og her ligg det ifølgje Vabø ei generell utfordring for norske kommunar.

– Det er viktig å dyrke fram ei heilskapleg tilnærming til menneskeleg velvære. Då må vi ikkje bli «overfokuserte» på muskelstyrke. Eit godt liv handlar om mange andre små ting, som eit godt måltid og – ikkje minst – meiningsfull sosial kontakt med andre, meiner ho.

Forskaren ser eit stort potensial for vidare utvikling av kvardagsrehabilitering i det å utnytte og utvikle personalet sin kompetanse til å fange opp psykososiale behov. Ikkje for at dei tilsette skal imøtekomme behova sjølve, men for at dei skal kunne hjelpe eldre med å finne fram til relevante, eksisterande tilbod i lokalsamfunnet.

Det kan dreie seg om til dømes ein lokal kjøpmann som kan gi ei hjelpande hand – eller berre nokon som kan sørge for at ein kjem seg på kafé for å treffe kjente. Vabø fortel at ein gjennom prosjektet kom på sporet av fleire lokale initiativ som hadde stor betyding for eldre sine kvardagsliv.

– Det gjaldt ikkje berre eldsjeler som jobba frivillig og gratis, men også lokale næringsdrivande som tilpassa tilboda sine slik at eldre heimebuande kunne dra nytte av dei. På Karmøy var det til dømes eit cateringselskap som samarbeidde med taxinæringa om å levere god, heimelaga mat til eldre som ikkje lenger klarar matlaginga sjølve.

– Ein kan rett og slett bruke personalet sin kunnskap om brukarane sitt kvardagsliv til å understøtte initiativ frå frivillige og lokale næringsdrivande. Samtidig må eit slikt samspel ta høgde for at frivilligheita er nettopp frivillig, og dermed også uføreseieleg. Innsats frå frivillige kan ikkje erstatte dei kommunale tenestene, seier Vabø.

Referanse:

Vabø, Mia: Sammen om en aktiv hverdag. Hverdagsrehabilitering i Eigersund og Karmøy kommune – erfaringer og refleksjoner fra et forskningssamarbeid. NOVA-rapport nr. 17/2017.

Om prosjektet

Prosjektet heiter Saman om ein aktiv kvardag. Nye arbeids- og samarbeidsformar i Eigersund og Karmøy kommune.

Målet er å finne ut kva som hemmar og fremjar omstilling av kommunale heimetenester basert på ein partnarskapsmodell for kvardagsrehabilitering.
Prosjektet er eit forskingssamarbeid mellom kommunane Eigersund og Karmøy, Velferdsforskingsinstituttet NOVA og VID vitenskapelige høgskole.

Regionalt forskingsfond Vestlandet har støtta prosjektet med tre millionar kroner

Powered by Labrador CMS