Mange russarar var velvillig innstilte til okkupasjonsmakta under 2. verdskrig. (Foto: Bundesarchiv, Bild 101I-004-3632-24 / Elle / CC-BY-SA 3.0)

Mange russarar håpa Hitler skulle fri dei frå Stalin

Forteljinga om den sterke russiske lojaliteten til sovjetregimet under andre verdskrig, slår sprekkar.

I si nye bok om den tyske okkupasjonen av Nordvest-Russland, viser UiO-forskar Johannes Due Enstad at ein stor del av bondebefolkninga ønskte tyskarane velkomne som frigjerarar frå det bolsjevikiske åket.

Okkupantane bringa med seg eit håp om ei betre framtid utan kollektivbruk og stalinistisk terror.

Etter andre verdskrig dyrka Sovjetunionen fram ei grandios forteljing om korleis alle sovjetborgarar slutta lojalt opp om regimet og gjorde felles front mot tyskarane i «Den store fedrelandskrigen».

At denne forteljinga ikkje står til truande fordi mange baltarar og ukrainarar avskydde bolsjevikregimet, har vore kjent lenge. Samtidig har vestlege historikarar i stor grad vore samde om at etniske russarar slutta lojalt opp om Stalin-regimet då tyskarane invaderte Sovjetunionen i 1941.

Ifølgje Enstad, som er forskar ved Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk ved Universitetet i Oslo, er det på tide å slå hol også på den myten. I ei ny bok tar han for seg korleis folk i Nordvest-Russland stilte seg til den tyske okkupasjonen.

– Dette området kan både historisk og geografisk sjåast som russisk kjerneområde og hadde vore del av sovjetstaten sidan revolusjonen. Likevel var folk – særleg bøndene på landsbygda, som utgjorde 90 prosent av befolkninga – mykje mindre regimetru og lojale mot sovjetstaten enn det som har vore kjent, seier Enstad.

Gav julegåver til okkupantane

Ei hending som illustrerer godt dei positive reaksjonane på den tyske okkupasjonen, skriv seg frå desember 1941; seks månader etter at invasjonen tok til. Då samla folk i nokre små landsbyar inn fleire tusen ullsokkar, vantar og filtstøvlar i julegåve til dei tyske soldatane.

I ein av sokkane låg ein lapp underteikna av ein russar ved namn Mikhail Nikiforov:

«Eg sender desse sokkane som ei gåve til den uovervinnelege tyske arméen og ber om at de sigrar over bolsjevikane slik at dei vil bli utradert overalt og for alltid; og om ein rask siger og ei trygg heimreise».

– Dette er berre ei av ei rekke liknande kjelder som gir uttrykk for eit håp om at tyskarane skulle nedkjempe sovjetregimet og bidra til eit betre liv for russarane, fortel Enstad, og legg til:

– Samtidig kan vi merke oss at tyskarane vart ønskte god tur heim. Det var ingen som ønskte at dei skulle bli verande og overta landet. Det viser at det fanst ein patriotisme her, men den var først og fremst knytt til det russiske fedrelandet og ikkje til sovjetregimet.

Johannes Due Enstad slår hol på myten om russisk einskap under Stalin i «Den store fedrelandskrigen». (Foto: UiO)

«Frigjeraren Adolf Hitler»

Men kvifor var så mange russarar velvillig innstilte til okkupasjonsmakta?

– Stalin hadde ikkje klart å skape sterke truskapsband mellom den russiske bondebefolkninga og regimet. Tvert imot var han sterkt hata av mange bønder som hadde sett liva sine gå frå vondt til verre på grunn av kollektiviseringa av landbruket, som regimet hadde gjennomført med stor brutalitet, forklarer Enstad.

Ei kjelde i boka seier det slik:

«Forfedrane mine var velståande bønder; bolsjevikane gjorde dei om til slavar og tiggarar.»

Frå 1929 vart bøndene tvungne inn i kollektivbruk – kolkosar – der det ofte var slaveliknande tilhøve. Kulakkar – sjølveigande bønder – skulle i tråd med stalinistisk ideologi eliminerast som samfunnsklasse.

Også i Nordvest-Russland råka denne politikken hardt. I perioden 1930–1933 var det meir enn 125 000 bønder i området som enten mista borgarrettane sine, vart deporterte til Sibir eller ganske enkelt vart skotne. Politikken var også ein katastrofe for avlingane; det var hungersnaud både i 1936–1937 og vinteren 1940.

I 1937–1938 kom «den store terroren», der Stalin gjekk utruleg brutalt til verks for å kvitte seg med alle tenkte og innbilte motstandarar av regimet.

Med eit slikt bakteppe går det an å skjøne kvifor mange russarar sette sin lit til tyskarane. Eit talande døme er eit brev innbyggjarane i tre små landsbyar skreiv til «Der Führer» hausten 1941:

«Vi takkar deg inderleg for frigjeringa frå lakeiane og kollektivbruka til Stalin. 10. juli frigjorde dei tyske væpna styrkane – di Wehrmact – oss frå åket til dei forbante kommunistane, dei politiske leiarane og stalinist-regjeringa. […] Vi vil kjempe mot kommunistane saman med dine troppar. Vi takkar den tyske hæren for frigjeringa […] og ber om at denne beskjeden vert levert til frigjeraren Adolf Hitler».

Oppløyste kollektivbruka

Då Den raude armé og partiapparatet flykta frå Nordvest-Russland, tok bøndene seg til rette og oppløyste kollektivbruka. Lenger sør, i dei fruktbare svartjordområda, oppretthalda tyskarane kollektivbruka for å ha kontroll på dei rike avlingane.

I nordvest, der jorda var skrinnare, godtok dei oppløysinga og innførte eit «semiprivat» jordbruk.

Ifølgje Enstad er denne tyske landbrukspolitikken hovudårsaka til at den positive haldninga til okkupantane heldt seg så lenge.

Vinteren 1941-1942 var det hungersnaud i fleire område nær frontlinja, og befolkninga i Leningrad leid voldsamt. Men bak fronten – og særleg på landsbygda – hadde ein stor del av befolkninga truleg betre tilgang på mat enn dei hadde hatt før den tyske invasjonen.

– Det skuldast både at det private jordbruket var meir effektivt og at det var vanskeleg for tyskarane å kontrollere landbruksproduksjonen i detalj. Det var lettare for bøndene å stikke unna delar av avlinga enn det hadde vore tidlegare, seier Enstad.

Ein russisk journalist som reiste rundt i dei okkuperte områda, sa det slik:

«Samanlikna med ‘regjeringa til arbeidarane og bøndene’, var tyskarane rett og slett dilettantar når det kom til kunsten å plyndre landsbygda».

– Mange kjelder som vart intervjua etter krigen, fortel også at dei materielt sett hadde det betre under den tyske okkupasjonen enn i åra etter at tyskarane var jaga på retrett, seier Enstad.

Russisk-ortodoks renessanse

Ein annan årsak til den relative populariteten til okkupantane, var religionspolitikken deira. Dei opna opp att kyrkjene som sovjetregimet hadde stengt, noko som medførte nærast ein religiøs renessanse for den russisk-ortodokse kyrkja og ei regelrett vekkingsrørsle i delar av dei okkuperte områda.

– Det viser at den stalinistiske undertrykkinga av kyrkja på ingen måte hadde klart å knekke religiøsiteten i bondebefolkninga. Russisk-ortodoks tru var framleis ein heilt sentral del av identiteten deira, forklarer Enstad.

Han fortel at mange prestar gav open støtte til okkupantane og bad for tysk siger i preikene sine.

– Samtidig var dette eit tviegga sverd for tyskarane. Opninga av kyrkjene førte til aukande russisk nasjonalisme og ei aukande kjensle av at russarane ikkje skulle leve under framand åk, seier han.

Rikt kjeldematerial

Kjeldene til Enstad er i hovudsak førstehandskjelder henta frå tyske og russiske statsarkiv.

– Det er mellom anna rapportar frå dei tyske militære einingane som hadde ansvaret for dei okkuperte områda og etterretning frå russiske partisanar som opererte bak dei tyske linjene, seier forskaren.

Tyske og russiske rapportar teikna diametralt motsette bilete av stemninga i befolkninga, men Enstad meiner det er god grunn til å feste mest lit til dei tyske kjeldene:

– Tyskarane rapporterte med prøyssisk saklegdom, dei var opne om både framgangar og tilbakeslag. Partisanane rapporterte derimot eit ideologisk forma ønskebilete, overdreiv talet på drepne tyskarar og gav generelt uttrykk for det dei visste at Moskva ville høyre – nemleg at alle sovjetiske borgarar var lojale mot staten.

Enstad har også brukt dagbøker, memoarar og intervju gjort etter krigen med menneske som opplevde den tyske okkupasjonen av Nordvest-Russland. Også desse kjeldene tyder på at tyskarane fekk ei langt varmare mottaking enn både sovjetisk propaganda og vestlege historikarar har påstått.

Omslag hausten 1943

Med det vi veit i dag om nazistane sitt syn på russarane som slaviske «undermenneske» og om planane om å bruke Aust-Europa som «Lebensraum» – livsrom – for det tyske tusenårsriket, kan dei russiske reaksjonane på invasjonen verke naive.

Enstad legg vekt på at dei ikkje kjende fasiten slik vi gjer. Og sjølv om mange fekk med seg uhyrlegheiter som mord på jødar, rom og sinnslidande, var det også mange som avfeia historiene om tysk brutalitet som bolsjevikpropaganda. Russarane var vane med at informasjon frå sovjetstaten ikkje var til å stole på.

For russarar som hadde levd med ein uuttalt, men konstant trussel om å bli sende til Sibir for å ha gjort noko som kunne tolkast som motstand mot regimet, innebar risikoen for å bli tvangsutskrive til slavearbeid for tyskarane eigentleg heller ikkje noko nytt.

Etter kvart gjekk det likevel opp for mange at Hitler ikkje var stort betre enn Stalin. Særleg inntrykk gjorde nok den umenneskelege behandlinga av russiske krigsfangar; fleire titals tusen av dei svalt i hel i fangeleirar i Nordvest-Russland dei første månadene av 1942.

– Likevel kom det ikkje noko omslag i korleis russarane stilte seg til okkupantane før hausten 1943, då det vart meir og meir klart at det gjekk mot tysk retrett. Då auka den passive og aktive motstanden mot okkupantane markant, seier Enstad.

Han meiner at for folk som bur i område der to krigsmakter slåst om herredømme, vil det vere heilt naturleg å tilpasse seg den som til ei kvar tid har makta – og unngå konfrontasjon så langt råd er.

– Denne «kalkulerte pragmatismen» kan likevel ikkje fullt ut forklare den positive mottakinga tyskarane fekk i store delar av befolkninga i det okkuperte Nordvest-Russland. Den skuldast først og fremst den store misnøya med Stalin-regimet og at bøndene hadde eit håp om at tyskarane skulle fjerne bolsjevikane frå makta, seier Enstad.

Referanse:

Johannes Due Enstad: «Soviet Russians under Nazi Occupation: Fragile Loyalties in World War II». Utgitt som del av serien «New Studies in European History» på Cambridge University Press. 2018. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS