Alternativ behandling utfordrar helsevesenet

Alternativ behandling for kreft- og MS-pasientar handlar i stor grad om det å sjølv kunne ta tak i sin eigen situasjon.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: iStockphoto)

Rundt 50 prosent av norske kreft- og MS-pasientar brukar alternativ behandling - dei fleste i tillegg til den behandlinga dei får i det offentlege helsevesenet.

- Eit kjenneteikn ved brukarar av alternativ behandling er at dei er svært bevisste og opptekne av å kunne vera med i behandlingsprosessen, fortel Anita Salamonsen.

Ho er forskar ved Nasjonalt forskingssenter innan komplementær og alternativ medisin (NAFKAM), og har nyleg disputert på doktoravhandlinga si om bruken av komplementær og alternativ medisin i Skandinavia.

- Dei fleste finn vegen til alternativ behandling etter at dei har vore via det tilbodet som det offentlege helsevesenet har å by dei - dei har ikkje ei alternativ tilnærming til si eiga behandling i utgangspunktet.

- Men dei tenkjer at det kan i alle fall ikkje skade å prøve dette også, fortel Salamonsen.

Ønskjer å bli sett som eit heilt menneske

Salamonsen har intervjua 31 pasientar og 12 legar. Pasientane er henta frå NAFKAM sitt Register for eksepsjonelle sykdomsforløp. Der er det samla både positive og negative erfaringar - men denne studien handlar om dei positive.

- Eg ville finne ut kvifor folk søkte til alternativ behandling, kvifor pasientane opplevde at det fungerte og kva slags risiko dei meinte var forbunde med behandlinga. Men eg skjønte fort at dette kunne ikkje studerast uavhengig av det forholdet pasientane opplevde at dei hadde til helsevesenet, fortel ho.

- Når ein blir alvorleg sjuk er det eit stort behov for mange å bli sett som heile menneske, uavhengig av diagnose og kor ein er i sjukdomsforløpet. I møtet med det offentlege behandlingsapparatet er dette ofte opplevd som eit problem - ein blir sendt til utgreiing og prøver, frå avdeling til avdeling, utan at nokon ser heile deg, seier Salamonsen.

- Og sjølv om kreftpasientar og MS-pasientar ofte har heilt ulike erfaringar - dei første kjem alle inn i eit omfattande behandlingsopplegg og dei andre kan gå i årevis før diagnosen i det heile teke blir stilt, er desse type opplevingane mykje dei same.

Men kvifor - når helsevesenet er godt og gratis?

Anita Salamonsen. (Foto: Christel Slettli Hansen/Nifab)

Mange spør seg likevel kvifor så mange søkjer seg til alternativ behandling i eit land som Noreg, med eit så godt offentleg - og gratis - helsevesen.

- Det er både eit paradoks og eit dilemma, men det tydeleggjer kor viktig rolle kommunikasjon spelar.

- Pasientane er del av ein helsemarknad i voldsom vekst. Det er mykje å velja i og mykje tilgjengeleg informasjon for alle å hente på internett. Dei som prøver alternativ behandling har gjerne leita lenge for å finne fram til legar som er opne for at ein prøver andre ting.

- Legane treng ikkje vera einige i behandlingsopplegget eller tru at det nyttar, men at dei er opne og villige til å lytte og forstå at pasienten sjølv ønskjer å ta tak i sin eigen situasjon, ser ut til å vera viktig, seier Salamonsen.

Inneber også risiko

Men det er eit stort spenn i tilnærminga desse sjølvstendige pasientane har - frå dei som tek aktivt del i den forstand at dei sjølve kjem med innspel og og tankar om eiga behandling, til dei som vil vente og sjå korleis kroppen responderer på berre alternativ - eventuelt inga - behandling.

- Og her kjem det eit betydeleg element av risiko inn som set legane og helsevesenet i ein vanskeleg situasjon. For i ein del alvorlege krefttilfelle er det ikkje tid til å vente - sjukdomen utviklar seg fort.

- Og av og til kan det skade, å kombinere til dømes johannesurt med ein del type cellegift, kan svekke verknaden av cellegifta. Og slik type risiko er det i tillegg forska svært lite på, seier Salamonsen.

Utfordrar helsevesenet

Ønkset om å bli sett og høyrt og teke med på råd i sin eigen behandlingsprosess er altså det mange pasientar etterlyser i møte med helsevesenet og oppgjev som grunn for at dei prøvar ut alternativ behandling.

Dette stiller den enkelte lege overfor daglege utfordringar - men det utfordrar også heile det offentlege helsevesenet sitt kunnskapssyn og pasientbehandling.

- Alternativ behandling er så vidt utbreidd at det har stor tyding for samhandlinga i heile helsevesenet. Og det tvingar pasienten inn i sentrum, avsluttar ho.

Referanse:

Salamonsen: Boundary walkers. The use of complementary and alternative medicine in a Scandinavian health care context, doktorgradsavhandling, UiT - Noregs arktiske universitet, 2013.

Powered by Labrador CMS