Alternativ tru på frammarsj

Det er ikkje berre prinsesse Märtha som trur på englar. Ifølgje forskar Anne Kalvig ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger er stadig fleire av oss opptekne av spiritualitet og alternativ livsstil.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Anne Kalvig. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

- Når Märtha sin engleskule fekk så stor merksemd i media, er det mellom anna fordi stadig fleire er nysgjerrige på alternativ tru. Temaet har vore lite debattert i media på trass av stor utbreiing. Som representant for kongehuset opna Märtha nokre dører, seier Kalvig, som synest debatten likevel har handla mest om rojal rolleblanding.

Stadig nye idear

I doktorgradsprosjektet sitt «Åndeleg helse. Ein studie av religiøsitet og kjønn i alternativ terapi» tek Kalvig opp spørsmål knytt til ulike former for alternative behandlingsformer og sjølvutviklingsteknikkar. Ho har mellom anna sett nærmare på healing, klarsyn, astrologiske analysar, draumetyding, regresjonsterapi, homeopati og yoga.

- Alternativ terapi er som ein godtepose av kunnskap om vår tids førestillingar om kropp, kjønn og spiritualitet. Her blir nye idear stadig produsert og formidla til store pasientgrupper og kursdeltakarar.

Dei ni informantane til Kalvig praktiserer eit breitt spekter av terapiar og behandlingsformer. Som metode brukar UiS-forskaren deltakande observasjon og intervju.

Kropp og kjønn

Kalvig jaktar på ulike forståingar av kropp og kjønn i si forsking. Ho har blitt overraska over informantane si fleirtydige og leikne tenking rundt kjønn.

- Som i samfunnet elles finn eg eit stort spenn i korleis terapeutane tenker rundt kjønn. Eit uttalt premiss er at ånda er kjønnslaus. Kjønn speler ei mindre rolle for mange, seier ho.

- Alle eg har intervjua trur dessutan på reinkarnasjon. Dei meiner vi lever mange liv i ulike kroppar, med ulike kjønn. Nokre meiner vi har mange kroppar som ligg lagvis utanpå kvarandre, fortel Kalvig.

Kroppsfiksert samfunn

Ho synest kompleksiteten med mange liv, mange kroppar og mange kjønn gjer forskinga på alternativ terapi til ein spennande og aktuell kulturell studie.

- Kulturen vår er kroppsfiksert. Men det er ofte ein lite åndfull kropp det dreier seg om. Dei alternative terapeutane fokuserer på dei erfaringane sinn og sjel kan gi oss gjennom kroppen, og ikkje kva kroppen kan prestere eller korleis han ser ut, seier ho.

Ifølgje kjønnsforskaren er mannlege alternative terapeutar i mindretal. Alternativ terapi og New Age er dominert av kvinner.

- Kvinner er gjerne meir opne for og interesserte i alternativ spiritualitet og alternativ terapi enn menn. Innanfor behandlingsformer som healing er rundt 80 prosent av både behandlarar og brukarar kvinner, seier Kalvig, som fortel at miljøa også oppfattar seg sjølve som kvinnedominerte.

- Ikkje svermeri

Religionsvitaren og samfunnsforskaren opplever at spørsmål knytt til oss menneske som åndsmenneske til no har hatt liten plass i samfunnsdebatten.

- Dei som ikkje kjenner til dei nyreligiøse retningane, er ofte skeptiske. Men eg kjenner det alternative feltet for godt til å meine at det dei driv med berre er svermeri eller verkelegheitsflukt, sjølv om eg kan ha ein annan livsoppfatning enn dei, seier ho.

- Mykje av tankegodset frå dette feltet har etter kvart blitt mainstream. Mange fleire trur til dømes på reinkarnasjon no enn før. Folk flest er nok ikkje klar over kor vanleg det er å gå til alternative terapeutar eller søke svar i alternativ spiritualitet, trur ho.

Den alternative helsemarknaden har vakse eksplosivt dei siste åra. I 2002 hadde kvar tredje nordmann vore i kontakt med ein alternativ behandlar.

Powered by Labrador CMS