Annonse

Saknar drikkereglar

Mange gler seg til lønningspils og vinsmaking med gode kollegaer. No viser ny forsking at ein slik alkoholkultur på jobben gjer at fleire får alkoholproblem.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Å drikke i arbeidstida, blir oppfatta som uakseptabelt. Samstundes er det mange arbeidsgivarar som spretter champagnen når dei inngår avtalar eller aksepterer vinlotteri blant sine tilsette, seier forskar Hildegunn Sagvaag ved Universitetet i Stavanger.

Mistru og fordømming

Nyleg disputerte ho med si avhandling om relasjonen mellom dei tilsette og arbeidsplassen når alkoholbruk blir eit tema på jobben. Sagvaag intervjua elleve menn og åtte kvinner i alderen 30 til 62 år om korleis dei følte det når drikkinga deira blei diskutert på jobben.

- Tilsette med alkoholproblem blir ofte møtt med mistru og fordømming når problemet deira blir kjent på jobben. Dei føler ofte skam og skuldkjensle, seier Sagvaag og held fram:

- Vi er for lite flinke til å ta hand om kollegaer som har fått eit problematisk forhold til alkohol. Vi grip inn veldig seint, eller vi gir dei valet mellom å kutte ut eller miste jobben.

Ifølgje Sagvaag er det mange som arbeidar hardare for å kompensere for ein slik oppstrammar. Men det løyser ikkje problemet, fortel ho.

- Når dei jobbar meir og blir stressa, kompenserer dei ofte med å drikke endå meir alkohol. Det fører igjen til at dei glir ut av fellesskapet og blir stadig meir isolert.

Kjønnsskilnader

I undersøkinga si har Sagvaag funne skilnader mellom menn og kvinner i kva meining alkoholbruken inngår i.

- Kvinnene hadde ofte store omsorgsoppgåver i tillegg til sjølve jobben. Dei hadde gjerne ein sjuk ektefelle, gamle foreldre eller eit barn med spesielle vanskar. Å drikke alkohol, blei ein måte å tole urimelege belastningar på, seier forskaren.

- Mennene reiste mykje i samband med jobben og hadde tilgang til alkohol på fly og hotell. Dei brukte alkohol til å byggje relasjonar til kundar. Det blei forventa av dei, seier ho.

Ifølgje Sagvaag hadde menn lettare for å gå vidare i karrieren etter at dei hadde gjort noko med alkoholproblemet sitt, medan kvinnene følte det stigmatiserande å ha eit alkoholproblem.

- Medan heimearenaen blei ein arbeidsarena for kvinnene, blei arbeidet ein heime- eller fritidsarena for mennene.

Manglar reglar

I avhandlinga har Hildegunn Sagvaag også drøfta korleis arbeidsplassen kan vere ein arena for førebygging av alkoholproblem. Ho meiner det trengst program som kan auke kunnskapen ute blant dei tilsette.

- Vi treng program for førebygging av alkoholproblem som rettar seg mot arbeidsplassen spesielt. Og vi treng meir kunnskap om kvifor det er bra med ein aktiv og sunn alkoholpolitikk, seier Sagvaag, som ikkje har problem med ein meiningsfull alkoholbruk.

- Å drikke alkohol i moderate mengder til relasjonsbygging og avslapping med kollegaer, kan vere positivt. Det negative er at vi i Noreg har lagt oss til kontinentale drikkevanar utan å kvitte oss med helgefylla. Det gir auka alkoholbruk og fleire utfordringar, seier ho.

- Mange bedrifter manglar reglar for alkoholbruk på firmafester og på representasjonsreiser. Det gir uklare signal til dei tilsette, som bør blir tatt med på råd om kvar grensene går.

Sagvaag, som har sin bakgrunn innanfor rusomsorg, disputerte ved Nordiska högskolan för folkhälsovetenskap i Gøteborg den 28. august med si avhandling «Work-related use of alcohol - a qualitative study in the Science of Public Health perspective».

Powered by Labrador CMS