Kan bake mat på solstrålar

Med ein solomn utvikla i Norge, kan etiopiarar i framtida kanskje bake sitt daglege brød, injera.

Publisert
Idéhavar og oppfinnar Asfafaw Tesfay gjer forsøk på å lage den tradisjonelle etiopiske retten injera på solomnen han har laga. (Foto: Dag Håkon Haneberg)
Idéhavar og oppfinnar Asfafaw Tesfay gjer forsøk på å lage den tradisjonelle etiopiske retten injera på solomnen han har laga. (Foto: Dag Håkon Haneberg)

Solomn

I 2007 byrja prosjektet ved NTNU der forskarar såg på solomnar med varmelagring.

Asfafaw Tesfay byrja å jobbe med det konkrete prosjektet i 2011, og han skriv doktorgrad om arbeidet ved Energi- og prosessteknikk ved NTNU.

Når solomnen vert eksponert for sollys, vert varmen frakta til ein behaldar med saltkjemikal. Behaldaren kan lagre baketempeaturar på 220 grader i eit døger, og koketemperaturar over 100 grader i to døger.

Solomnen er konstruert av tre hovuddelar: ein parabol som reflekterer sollys, eit rør som fraktar denne konsentrerte varmen og ein varmebehaldar med kokeplate.

Sjå for deg at befolkninga i eit allereie nærmast straumlaust og avskoga land som Etiopia plutseleg får moglegheita til å lage seg middag utan å bruke verken kol, tre, olje eller gass.

Det kan verte realiteten om studentar ved Entreprenørskolen lukkast med solomnen som er utvikla ved NTNU.

Asfafaw Tesfay kom frå Etiopia til Norge i 2011 for å utvikle utvikle teknologi for heimlandet basert på solenergi.

Han skriv no doktorgrad ved NTNU, og er svært nær målet med å konstruere ein solomn som kan lagre baketemperaturar på 220 grader i eit heilt døger.

Den er den fyrste av sitt slag. Solomnen kan nå ein temperatur på 250 grader, noko som gjer den svært tilpassa både landet sine mattradisjonar og ressursar.

– Denne omnen har fleire fortrinn samanlikna med andre solomnar på marknaden. Den største skilnaden er likevel at han kan oppnå ein temperatur og lagre varme av høge temperaturar over tid, noko som gjer den perfekt til å lage brødet injera, som dei fleste i Etiopia et opptil tre gonger dagen, forklarar Even Sønnik Haug Larsen.

Basiskost

Saman med medstudentar frå Entreprenørskolen jobbar han med å kommersialisere produktet. I fleire år har forskarar verda over utvikla solomnar med ulike kvalitetar retta mot utviklingsland.

Problemet har vore at dagens solbaserte løysingar for matlaging ikkje har vore optimalisert for til dømes etiopiaranes bruk.

Dei har heller ikkje nådd høge nok temperaturar til å lage injera, og kan ikkje lagre varmen slik at det er mogleg å lage mat også på kvelden eller om natta.

– På desse omnane har ein tidlegare berre kunne koke ris og grønsaker og liknande, men det er ikkje det etiopiarar et. Dei et injeras som er ei slags lefse som må bakast, og til det treng ein temperatur på 220–250 grader, fortel Larsen.

Lite skog att

 (Foto: Dag Håkon Haneberg)
(Foto: Dag Håkon Haneberg)

Solomnen han snakkar om er basert på solenergi. Når den vert eksponert for sollys, vert varmen frakta til ein behaldar med saltkjemikal. Det finst to fungerande prototypar, ein på NTNU og ein i Etiopia.

Ein solomn som faktisk er tilpassa matvanane og tilstanden i Etiopia, er det ifølgje studentane eit stort behov for.

85 prosent av befolkninga i landet manglar straum, og då ein i lange tider har nytta ved til fyring, er det berre tre prosent skog att i landet. Eit tal som er redusert frå 35 prosent i 2000.

– Ein har nærmast ikkje ved eller straum, men sol skortar det ikkje på, seier Larsen.

Snart reiser han ned til landet for å kome i kontakt med kundar og samarbeidspartnarar, og samstundes sjå om det er mogeleg å produsere solomnen lokalt i Mekele, heimbyen til idéhavaren Asfafaw.

Ynskjer å utvide

Det var idéhavaren si tilknyting til Etiopia som er årsaka til at dei ynskjer å få produktet etablert her først.

Studentane ser for seg at dei potensielle kundane er norske og internasjonale organisasjonar som arbeidar i landet, og andre institusjonar som skular, universitet, sjukehus, bakeri, restaurantar og hotell.

– På sikt vert det kanskje mogleg å gjere omnen tilgjengeleg også for privatpersonar, men slik det er nå, har dei begrensa med pengar, og dei vil heller ikkje vite korleis dei kan bruke den, seier Larsen.

I sommar vil studentgruppa frå Entreprenørskolen ta ideen vidare og utvikle den under utvekslingsopphald universitetet i Boston i USA, der det er eit spesielt godt entreprenørskapsmiljø.

– Det vil vere heilt fantastisk om vårt produkt kan betre dagens situasjon for fleire i utviklingsland og at vi kanskje kan vere med på å skape arbeidsplassar lokalt, seier Larsen.