Opprøret i Argentina

Vinteren 2001 gjorde det argentinske folket opprør mot bankane og den nyliberalistiske politikken som hadde dominert landet dei siste ti åra. Argentina hadde hamna i ei djup krise, med mange likskapar til finanskrisa som no har ramma verda.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjon: Clipart)

Boka Frå Evita til Cristina: Om anarkismen, peronismen og kampen mot nyliberalismen kom ut i fjor og fekk i haust ny aktualitet.

Forteljinga om korleis Argentina gjekk frå å vere eit skuleeksempel på nyliberalismens fantastiske velsigningar til eit land i djup økonomisk krise, finn vi mellom skildringar og analysar av historia til tangoens heimland, dei siste hundre åra.

Forfattaren av boka og forskar ved NHH, Johannes Nymark, var i Argentina dei omveltande månadane i slutten av 2001 og fekk oppleve krisa på nært hald.

Nymark er førsteamanuensis ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved NHH og har jobba med latinamerikansk kultur og historie sidan 1970-talet.

Bankerott

Argentina hadde sidan tidleg på 1990-talet ført ein ultraliberalistisk økonomisk politikk. Statlege tenester og verksemder vart privatiserte over ein lav sko, alt frå elektrisitetsverk og vegar til vatn og pensjonar.

I 1998 vart Argentina halde fram som eit føredøme for det internasjonale finanssamfunnet på generalforsamlinga til Det internasjonale pengefondet (IMF).

Landet hadde stor økonomisk vekst, 5,8 prosent i året i perioden 1991–1998, og alle piler såg ut til å peike oppover. Men arbeidsløysa steig, og mot slutten av tiåret vart det stadig klårare at ikkje alt var som det skulle i den argentinske økonomien.

Det som utløyste opptøyane dei siste månadane i 2001, var at bankane ikkje lenger hadde pengar å betale ut til folk.

– Situasjonen har mange likskapstrekk med det som har skjedd på Island, bankane hadde ikkje meir pengar. Argentina hadde nettopp fått eit nytt system med at folk fekk løn gjennom banken i staden for kontant, og i november trong middelklassen kontantar for å betale feriane sine.

– Men bankane hadde spekulert med pengane til folk og skusla dei vekk i usikre fond, fortel Nymark.

Klasseopprør

Johannes Nymark. (Foto: Eivind Senneset)

Opprøret fekk veldig kraft, sidan det ikkje berre var eit folkeopprør, men òg eit mellomklasseopprør.

Slagordet som runga i gatene, var «Til helvete med dei, alle saman!», med adresse til dei nasjonale og internasjonale økonomane og politikarane som hadde ført den risikable politikken.

Dei valdelege opptøyane der fleire titals demonstrantar mista livet, resulterte i at presidenten gjekk av og regelrett flykta frå presidentpalasset i helikopter.

Eksperimentet med nyliberalismen i Argentina er ikkje det einaste dømet på at landet har vore arena for ideologiske forsøk.

– Argentina har gjennom tidene vore laboratorium for ulike ideologiar. Anarkismen på starten av 1900-talet, som enda i massakrar på dei anarkistiske samfunna.

– Peronismen på 1940-talet som ein tredje veg, eit alternativ til kommunisme og kapitalismen, og til slutt nyliberalismen på 1990-talet. Eg fann ut at dette gjekk det an å skrive noko om, fortel Nymark på spørsmål om kvifor han skreiv Frå Evita til Cristina.

Myten om peronismen

I tillegg til å sjå på korleis ulike ideologiar har fått tumleplass i det langstrekte latinamerikanske landet, ville forfattaren òg slå hol på ein del myter.

Peronismen er kanskje best kjend i Noreg gjennom den myteomspunne presidentfrua Eva Duarte Perón, eller Evita.

– Kva denne epoken i Argentina eigentleg innebar, er det få som har noko særleg kunnskap om her i landet, trur Nymark.

– Særleg når det gjeld peronismen sin ideologi er det mange myter. Han vert gjerne samanlikna med fascisme og nazisme. Det finst nokre fellestrekk, men eigentleg er det lite som er likt.

– Peronismen kan heller samanliknast med for eksempel norsk fagrørsle og Arbeidarpartiet. Mest samanliknbart er det med den franske gaullismen, meiner forfattaren.

Perón uttalte at han var tilhengjar av president de Gaulle i Frankrike, og dei to hadde mykje til felles, både i politikk og retorikk.

Mykje å lære

(Foto: Clipart)

I tillegg til oppklåring av myter er målet med boka å spreie informasjon om Argentina og setje søkjelyset på internasjonale problemstillingar. Nymark trur vi kan lære mykje av historia i Latin-Amerika generelt og Argentina spesielt.

– Historia til Argentina viser at det ikkje nyttar å sleppe marknadskreftene laus på ein ekstrem måte. Privatisering av tenester til folk vil alltid gå ut over dei, fordi private selskap er ute etter å tene pengar.

– Når det gjeld offentlege tenester og strategisk viktige ressursar bør staten spele ei viktig rolle. Dette prøver dei å få til mange stader i Latin- Amerika i dag.

Det at Nymark er førsteamanuensis ved ein leiande økonomisk institusjon trur han ikkje har påverka han personleg i særleg grad i synet på nyliberalismen.

Men han skulle ønskje at fleire økonomar var meir opptekne av dei verkelege eksperimenta i verda, og av andre økonomiske teoriar enn deidominerande.

Powered by Labrador CMS