– Elektronisk dansemusikk er ei høgst kroppsleg erfaring og oppleving, også når du sit aleine og lyttar. Musikken påverkar kroppen og opplevinga anten du dansar med mange andre eller sit stille og lyttar aleine, seier forskar. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB Scanpix)
– Elektronisk dansemusikk er ei høgst kroppsleg erfaring
Ei ny avhandling viser korleis elektronisk dansemusikk gir intense opplevingar av velvære, anten du dansar med andre eller sit stille og aleine.
Kjensla av velvære stig i takt med det musikalske uttrykket, og gåsehudopplevinga kjem når musikken når klimaks.
Forskinga har tidlegare vore mest oppteken av sosiologiske og kulturhistoriske tilnærmingar til elektronisk dansemusikk. Det finst fleire studiar om elektronisk dansemusikk og rus, om nattklubbliv og ungdomsmiljø, og om musikk og opprør.
Studiar med vekt på psykologi og sansinga av musikken har det vore mindre av, men det har Ragnhild Torvanger Solberg no gjort noko med.
Ho disputerte nyleg ved Universitetet i Agder (UiA).
– Eg har forska på korleis musikken påverkar rørslene og kjenslene våre, og korleis vi persiperer, altså sansar og tar til oss musikken med heile kroppen. Mykje av verdien i elektronisk dansemusikk ligg i måten han blir produsert på, seier Solberg.
Dramaturgien i musikken
For å avgrense prosjektet, har ho sett på ein mykje brukt produksjonsteknikk. Ho har valt å kalle teknikken the break routine, brot-sekvensen. Den består av tre musikalske delar: breakdown, build up
og drop (nedbryting, oppbygging og dropp).
– Sekvensen er ein strukturell konvensjon. Dei som lagar elektronisk dansemusikk, legg inn brot i flyten på musikken ved hjelp av den dramatiske utviklinga i brot-sekvensen. På den måten byggjer dei opp musikken fram til høgdepunktet i droppet, seier Solberg.
Den musikalske sekvensen byggjer seg først ned ved å ta bort dei fleste musikalske laga. Deretter vert dei ulike laga introduserte igjen eitt og eitt, og byggjer seg opp igjen til droppet kjem som eit klimaks.
Forutan musikkvitskapleg kompetanse og personleg erfaring med dansemusikk, har mellom andre Maurice Merleau-Ponty og hans vektlegging av kroppsleg erfaring vore viktig for avhandlinga. Det har også George Lakoff og Mark Johnson, og deira teoriar om metaforar, sansing og kroppsleg erkjenning.
Solberg har gjennomført eksperiment med grupper av dansarar i ein lukka, men klubbaktig atmosfære. I tillegg har ho sett på kva for kroppslege reaksjonar du får viss du sit stille og aleine og lyttar på musikken.
Fysiologisk har ho målt hudkonduktans (hudreaksjonar). Det vil seie frysningar eller såkalla gåsehudreaksjonar.
Variasjon, kvalitet og intensitet i kroppslege bevegelsar har ho målt med infraraudt kamera og analysar av desse. I tillegg har deltakarane i eksperimenta fylt ut eit sjølvrapporteringsskjema.
– Elektronisk dansemusikk er ei høgst kroppsleg erfaring og oppleving, også når du sit aleine og lyttar. Musikken påverkar kroppen og opplevinga anten du dansar med mange andre eller sit stille og lyttar aleine, seier Solberg.
Samtidig vart musikken opplevd sterkare når deltakarane dansa saman.
Forskaren fann ein klar samanheng mellom brot-sekvensen i sjølve musikken og måten dansarane responderte på.
– Kvaliteten på dansebevegelsane endra seg. Dei vart større, tydelegare og meir synkroniserte etter droppet. Det viser mellom anna at det dramaturgiske i musikken påverkar dansarar og lyttarar slik det er meint av dei som har laga musikken. Det er ein effektiv måte å skape høgdepunktsopplevingar og synkronisere mange som dansar saman, seier ho.
Sjølvrapporteringa svarte til funna i analysen av bevegelsane og dei fysiologiske målingane.
– Dropp-partiet viste til dømes høgare grad av gåsehud enn andre delar av brot-sekvensen. Det kroppslege engasjementet heng med andre ord saman med den musikalske erfaringa, seier ho.
Kroppsbevegelsar endra kvalitet og kvantitet, og ved klimaks (droppet) er gleda mest intens, rørslene kraftigast, og dei dansande mest synkroniserte med einannan.
– Det kroppslege endrar seg i kvalitet og kvantitet under brot-sekvensen. Dansarane er meir i takt med musikken, og meir synkroniserte etter droppet, seier ho.
Musikken gir også kroppslege reaksjonar hos dei som sit stille og lyttar på musikken. Dei fekk kraftigast frysningar på kroppen ved droppet.
Annonse
Solberg håper mellom anna at avhandlinga bidrar til å vise korleis elektronisk dansemusikk kan skape verdifulle og intense musikkopplevingar. Samtidig vil ho gjerne avlive myten om at det er enkelt å produsere elektronisk dansemusikk. Arbeidet hennar har vist at musikkforma har ein spesifikk dramaturgi i brot-sekvensen som påverkar dansarane og lyttarane.
– Det å lytte til elektronisk dansemusikk er ein aktiv prosess. Heile kroppen blir aktivisert, også når du sit stille og aleine og berre lyttar, seier Solberg.
Solberg, R.T.: Experiences with Electronic Dance Music, A Multi-Method Study on Associations between Musicial Characteristics, Embodiment and Peak-Pleasurable Responses. Doktoravhandling ved UiA. (2018)