Det er ikkje lett for ein lærer å stille gode, reflekterte spørsmål på sparket, ifølge forskarar frå OsloMet. Difor råder dei lærarar til å planlegge nokon slike spørsmål før timen. (Foto: Oksana Kuzmina/Shutterstock/NTB scanpix)

Podcast: – Ein lærar skal jo sjekke om elevane kan det dei skal

Læraren stiller mange spørsmål i løpet av ein skuledag. Nokre spørsmål er lukka og legg berre opp til eitt rett svar frå elevane. Det kan vere nyttig.

Tidlegare studiar har konkludert med at dei meir opne spørsmåla er dei beste i undervisning. Men sjølv om dette ofte er sant, kan dei lukka spørsmåla vere vel så gode i nokon situasjonar, viser forskinga til Emilia Andersson-Bakken. Dette gjelder til dømes når læreran skal evaluere kva klassen har fått med seg.

Ho og kollega Cecilie Pedersen har studert timevis med lyd- og videoopptak frå ei mengde klasserom for å finne ut korleis lærarane stiller spørsmål og kor godt elevane klarar å ta ansvar for eiga læring.

Høyr meir i denne podcasten frå OsloMet: 

Powered by Labrador CMS