For mange psykisk sjuke kan manglande motivasjon vere ein del av sjukdomsbiletet, sjølv om mange av dei faktisk ynskjer å bli meir aktive. (Illustrasjonsfoto: gorillaimages / Shutterstock / NTB scanpix)

Korleis kan psykisk sjuke bli meir aktive?

Fysisk aktivitet kan bøte på hovudårsaken til tidleg død blant personar med alvorlege psykiske lidingar. Så kva skal til for at dei faktisk blir meir aktive? 

Anders Farholm har dei siste åra jobba med ein doktorgrad som tek føre seg samanhengen mellom motivasjon og fysisk aktivitet blant personar med alvorlege psykiske lidingar (APL).

Dette er ei gruppe som ofte har dårlegare helse enn resten av befolkninga, og som også døyr tidlegare.

– Tal frå Sverige, Danmark og Finland viser at kvinner med APL i snitt døyr 15 år tidlegare enn den generelle befolkninga, medan menn døyr 20 år tidlegare, seier Farholm.

Trening som medisin

Anders Farholm er stipendiat ved Norges idrettshøgskole. (Foto: NIH)

Det er mange faktorar som påverkar den låge levealderen, som til dømes sjølvmord, rus og kreft, men hovudårsaka til at dei døyr tidlegare er likevel hjarte- og karsjukdom.

– Og vi har visst ei stund at trening fungerer ganske bra mot hjarte- og karsjukdom, seier Farholm.

Fysisk aktivitet kan med andre ord bøte på hovudårsaken til tidleg død blant personar med APL. Men det kan òg betre den psykiske helsa.

– Dei siste fire–fem åra har det kome ganske mykje dokumentasjon på at det også kan hjelpe på psykisk sjukdom. Det er ikkje nødvendigvis slik at ein kan trene vekk sjukdomen, men trening kan vere ei hjelp til å handtere symptoma, og det kan gi betre livskvalitet og vere ei positiv oppleving i kvardagen, seier han.

Fleire diagnosar

APL er ingen allmenn definisjon, men famnar diagnosar som til dømes schizofreni, psykosar, alvorlege depresjonar og bipolar liding.

– Personar med APL vil ofte vere eller ha vore i kontakt med psykiatrisk helseteneste, anten dei har blitt behandla poliklinisk eller på eit sjukehus eller liknande, fortel Farholm.

Til eitt av delprosjekta i doktorgraden sin forsøkte han difor å kartlegge alle personar med APL i Østre Toten kommune ved å oppsøke ulike instansar som har vore i kontakt med denne pasientgruppa.

– Vi fann 167 som oppfylte kriteria. Vi kontakta dei og spurte om dei ville vere med i forskingsprosjektet vårt, forklarar han.

90 prosent vil bli meir aktive

106 av dei 167 svarte ja. Ved hjelp av måleutstyr kunne Farholm måle aktiviteten deira, og han undersøkte òg motivasjon for fysisk aktivitet, problem med til motivasjon og eit funksjonsmål.

Han fann at motivasjon spesifikt for fysisk aktivitet var viktigare for den fysiske aktiviteten enn både pasientanes funksjon og generelle problem med motivasjonen.

Han fann også at 90 prosent av pasientane hadde eit ønske om å bli meir fysisk aktive.

Farholm undersøkte òg motivasjon og fysisk aktivitet for personar som deltok i «Kulturnettverket Oppland». Kulturnettverket er eit samarbeid mellom Sykehuset Innlandet, Distriktpsykiatrisk senter og ti kommunar i Oppland. Dei tilbyr aktivitetar som er særskilt tilrettelagd for folk med rus og psykiske helseplager.

– Tre av fire av dei som deltek i nettverket, er regelmessig fysisk aktive, fortel Farholm.

Treng støtte

Tala kan tyde på at personar med APL har gode moglegheiter til å halde seg fysisk aktive. Dei treng berre ekstra støtte og draghjelp til å kome i gang – og til å halde fram når dei først har begynt.

– Det er ikkje nødvendigvis slik at personar med APL har større problem med motivasjon enn andre, men for mange vil manglande motivasjon likevel vere ein del av sjukdomsbiletet. Om du er til dømes deprimert eller schizofren, fungerer ikkje «motoren» din, han som dreg deg i gang, seier han.

I tillegg kan dei ha ekstra barrierar som kan gjere fysisk aktivitet vanskelegare, slik som fysiske smerter, biverknadar frå medisinar – og sjukdomen i seg sjølv.

Kurs fungerte ikkje

Farholm ville òg sjå på korleis ein kunne bringe motivasjon for fysisk aktivitet inn i helsetenesta. Han gjennomførte difor ein studie på eit psykiatrisk sjukehus. 

– Vi arrangerte eit kurs for dei tilsette, om korleis ein kan legge til rette for motivasjon og korleis ein kan motivere for fysisk aktivitet. Vi forsøkte å gje dei nokre verktøy som dei kunne bruke i møte med pasientane, forklarar han.

Kurset gjekk over sju timar. Seks timar med undervisning, og ein time med oppsummering. Og resultatet?

– Det skjedde ikkje noko særleg med pasientanes aktivitetsnivå. Det skjedde heller ikkje spesielt mykje med motivasjonen til dei tilsette, fortel Farholm.

Han trur det mellom anna heng saman med at kunnskapen frå kurset ikkje var så lett å setje i verk i den daglege drifta ved sjukehuset.

– Viss ingen har særskilt ansvar på avdelinga, og viss ingen får sett av tid til å jobbe spesifikt med å få pasientane i aktivitet, så blir det fort eit overskotsprosjekt der det er tilsette med personleg interesse for fysisk aktivitet som gjer det.

Kvifor?

I doktorgradsavhandlinga presenterer han berre undervisningsopplegget og korleis det påverka aktiviteten til pasientane og motivasjonen til de tilsette.

Årsaka til at det ikkje fungerte etter intensjonen, kjem han tilbake til i ein seinare artikkel. Han kan likevel røpe at funna peiker i retning av at det kanskje er naudsynt med strukturelle endringar.

– Eg trur ikkje det er nok å undervise dei tilsette nokre få timar. Eg trur ein må angripe fleire punkt, og eg trur også at nokon må ha særskilt ansvar i arbeidsinstruksen sin for å følgje det opp i praksis, seier han.

Han trur kanskje det òg må inn i utdanninga.

– Viss du har gått tre år på sjukepleieutdanning og berre hatt eit fåtal timar om fysisk aktivitet i utdanninga di, kvifor skal du då tru at det er viktig? Eg trur ein må tilsette folk med utdanning knytt til drive fysisk aktivitet.

Vegen vidare

Farholm håper han har rydda vegen for vidare arbeid med motivasjon og aktivitet blant personar med alvorlege psykiske lidingar i helsetenesta.

– Vi har fått tilbakemeldingar på at arbeidet vårt har heva interessa. Sjølv om det ikkje gav resultat med ein gong, trur eg dette handlar om å byggje stein på stein. Viss dette kan bli eit tema i helsefaglege utdanningar, og ein får inn folk med den rette kompetansen, så trur eg ein får igjen for det.

Referanse:

Farholm, A.: Motivasjon og fysisk aktivitet blant personer med alvorlige psykiske lidelser. Doktorgradsavhandling ved Norges idrettshøgskole. (2017).

Powered by Labrador CMS