- Ved å gå fram som i dag, hindrar Vegvesenet faktisk at mangfaldet av den gamle vegetasjonen kjem tilbake, seier forskar Inger Auestad. (Foto: Paul Kleiven, NTB scanpix)

- Frøblanding gir einsformige vegkantar

Vegvesenet sin metode for å få tilbake vegetasjonen langs nye veger, gir vegkantar utan blomstrar.

Når nye vegar blir lagt gjennom gamle landskap, går det ut over det som voks der før.

Vegmyndigheitene har som mål å få tilbake den gamle vegetasjonen, men forsking viser at framgangsmåten deira slår heilt feil ut.

Kulturlandskap i miniatyr

Då ein del av E16 mellom Aust- og Vestlandet vart lagt om, såg økologar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt snitt til å gjennomføre eit fleirårig feltarbeid.

Forskarane ville finne ut korleis ein best kunne få tilbake det opphavlege mangfaldet av gras og markblomstrar etter at anleggsmaskinene hadde herja med kulturlandskapet.

Staden dei valde ut, var ei ny vegskulder ved Borgund i Lærdalsdalen, tett på den trafikkerte europavegen.

Klimaet i Lærdalsdalen er tørt og jorda i bakkane kan vere skrinn. Det gir likevel gode vekstforhold for nøysame markblomstrar som engtjøreblom og tiriltunge. (Foto: Idun Husabø)

Skal vere mangfaldige

Ein vegkant er ikkje berre ein vegkant. Sjølv på ei strekning der det passerer oppunder to tusen bilar i døgnet, mange av dei trailerar, er det meininga at grasbakkar og grøfter langs asfalten skal vere innbydande for bier og humler og for småfuglar som fangar insekt.

I engene som duvar mjukt i det bilar og vogntog skyt forbi, trivst både blåklokker, raudkløver og gulmaure.

– Vegkantar kan vere veldig rike på artar, ikkje ulikt enger i gamalt kulturlandskap, forklarer førsteamanuensis Inger Auestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Overførte høy og frø

Forskarane ville vite korleis ein best går fram når ein vil ha tilbake vegetasjonen som var der før eit inngrep. På vegskuldra dei hadde valt ut, låg jorda svart og naken då dei gjekk i gang.

Forskarane prøvde ut fire ulike metodar i forsøksfeltet sitt.

Tre av metodane dei valde ut, gjekk ut på å overføre frø og høy frå gamle beitemarker og blomstrande vegkantar i nærleiken. I nokre flater sådde dei frø henta frå beitemarkene og vegkantane. I andre flater la dei tørt høy frå dei same områda, hausta med høvesvis hard og lett raking. I resten av forsøksfeltet gjorde dei ingenting.

Inger Auestad og Knut Rydgren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane registrerer artar i Lærdal. Høy og frø til forsøket vart henta mellom anna frå denne beitemarka. (Foto: Idun Husabø)

Enga kom att

Dette var i 2004, og gjennom dei ni neste åra undersøkte forskarane korleis plantelivet utvikla seg i dei ulike flatane i forsøksfeltet på vegskuldra. Etter eitt, to, tre og åtte år gjorde dei feltarbeid på staden for å sjekke kva som voks der.

Dei samanlikna òg med vegetasjonen i områda der dei hadde hausta frø og høy til forsøket.

– Vi lukkast eigentleg med alle metodane våre, både å så frø på den nakne jorda, ved å legge ut høy og faktisk òg ved ikkje å gjere noko som helst, seier Auestad.

I flatene som låg urørte, vaks det litt færre artar enn i flatene med høy og frø. Det som vaks der, hadde kome med vinden. Men utvalet likna i alle tilfella på dei fargerike engene og vegkantane i omgjevnadane.

Dei ville artane tapar

I det åttande året studerte forskarane òg det som vaks elles på vegskuldra, utanfor forsøksfeltet. Der hadde vegvesenet brukt standardmetoden sin, nemleg å sprøyte frø frå nokre få artar av gras og kløver ut over jorda.

Det vart fort tydeleg for forskarane at forsøksfeltet der det no vaks eit mangfald av ville artar, kom til å bli verande eit isolert felt i ein grøn ørken av gras.

– Det vegvesenet sår, er høgvaksne og robuste variantar av artar som finst i den naturlege vegetasjonen, forklarer Auestad. Kvart grasstrå blir altså større og sterkare enn dei naturlege fetrane og kusinene. Og ein ting er sikkert, dei ville artane taper i konkurransen.

– Vi venta kanskje at dei ville plantene som voks i forsøksfeltet ville spreie seg utover til resten av vegskuldra, men det greier dei faktisk ikkje, forklarer Auestad.

Etter åtte år hadde forsøksfeltet fått eit fint og fargerikt utval av ville blomstrar og gras. Forskarane registrerte mangfaldet i faste felt med aluminiumsrammer på ein kvart kvadratmeter. Raudkløver, gulmaure og kvitkløver er blant dei vanlegaste blomstrane i vegkantar og enger med naturleg vegetasjon. (Foto: Idun Husabø)

– Hindrar mangfald

Forskaren slår fast at vegvesenet sin metode for å få att vegetasjonen, slår heilt feil ut.

– Ved å gå fram som i dag hindrar dei faktisk at mangfaldet kjem tilbake, seier Auestad.

Når dei bygger veg gjennom skogar og lyngheiar, lukkast Statens vegvesen veldig godt, seier forskaren.

– Men akkurat når det gjeld kulturlandskap finst det eit unytta potensial.

Det fenomenale for vegvesenet er at løysinga på sikt verken er dyr eller krevjande. Forskarane har alt vist kor enkelt det er å få dei gamle artane tilbake.

Og når dei naturlege vekstane først er på plass, krev dei svært lite – gjerne berre ein slått i året. Til samanlikning må vegvesenet trimme vegkantane dei får med standardmetoden sin langt oftare sidan det kraftige graset både veks fortare og blir høgare.

– Å innføre andre metodar ville vere eit Kinderegg for vegvesenet – dei får vegkantar som er rike på artar, pene og attpåtil meir lettstelte, seier Auestad.

Referanser: 

Auestad, I., mfl. Near-natural methods promote restoration of species-rich grassland vegetation—revisiting a road verge trial after 9 years. Restoration Ecology 24, 381-389, 2016. Sammendrag.

Restaurering av artsrik engvegetasjon i vegkanter, Statens vegvesens rapporter, nr. 351, 2016

Powered by Labrador CMS