Elevane bør få prøve seg på ulike yrkesfag allereie på grunnskolen, meiner utdanningsforskar. (Foto: Mikael Andersson, Samfoto/NTB scanpix)

– Yrkesfaga bør inn i grunnskulen

Ungdomsskoleelevar kan lite og ingenting om yrkesfag. Dei har ikkje praktiske erfaringar frå heim eller skule. Dei må få kunnskapen i grunnskulen, meiner forskar.

Elevane på ungdomsskulen kan gjerne lite eller ingenting om praktiske yrke eller yrkesfag. Derfor vel mange vidaregåande opplæring på svakt grunnlag.

Det meiner Ann Karin Sandal ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, som har teke doktorgraden i pedagogikk på korleis elevane på yrkesfag opplever steget frå ungdomsskule til vidaregåande skule.

(Foto: HiSF)

– For at eleven skal kunne oppleve undervisninga som relevant, bør yrkesfagleg kunnskap og evner inn i alle faga i ungdomsskulen. Skulen bør i større grad knyte undervisninga til elevane sitt liv og erfaringar. Skulen kan òg legge meir vekt på å gje elevane erfaringar utanfrå, seier Sandal.

Elevar får i dag med seg mindre praktiske røynsler frå heim og skule. Det har endra grunnlaget for å velje ei yrkesfagleg utdanning.

Ideelt sett ønskjer Sandal seg ein grunnskule som viser elevane korleis skulefaga heng saman med arbeidslivet og verda der ute.

– Matte, språk og så vidare er rundt oss heile tida. Dette ser ikkje elevane. Dei er forblinda av ei undervisning gjennom ti år som har teke utgangspunkt i lærebøker og som ikkje har knytt kunnskap opp mot den verkelege verda og mot yrkeslivet, seier Sandal.

Langt frå skule til yrkesliv

– Elevane har gått ti år på ein skule dominert av teoretiske fag. Dette er ein skule som er svært ulik det praktiske yrkeslivet, ettersom praktiske og estetiske fag vart nedprioritert i begge dei siste skulereformane. Ungdomsskuleelevane kan gjerne lite eller ingenting om praktiske yrke eller yrkesfag. Det betyr at mange vel vidaregåande opplæring på eit svakt grunnlag, sidan dei har mest erfaring med teorifag, seier Sandal. 

Mange elevar må difor falle tilbake på sine eigne erfaringar, til dømes frå ein fritidsaktivitet som teikning, barnepass eller mekking.

– For elevar som vil begynne på yrkesfag, har undersøkingane mine vist at interessa er utvikla på fritida, seier Sandal. Ho meiner det i større grad bør leggjast til rette for at elevane kan utforske slike interesser på skulen, i heile skuleløpet og trur det vil styrke elevane sin motivasjon i ei yrkesfagleg utdanning.

Kropp og hender

Sandal har òg sett at elevar kan bli inspirerte til å byrje på yrkesfag gjennom dei praktiske og estetiske faga i ungdomsskulen – mat og helse og kunst og handverk. Ho meiner skulen bør leggje meir vekt på desse faga. Ho tilrår[AKS1]  òg større bruk av praktiske arbeidsmåtar i andre skulefag, slik at elevane får bruke ulike sider ved seg sjølve i læringa.

– Å få bruke kroppen og hendene i læring viser seg å vere viktig for mange elevar. Det å få lov til å skape noko og vere kreativ kan vere med på å vekkje ei interesse for yrkesfag, seier Sandal.

Ei jente fortel: «Det er litt kjedeleg med teorifag, du sit i ro heile tida … Eg er nok meir glad i å arbeide med hendene og vere med på å lære ting på ein annan måte enn å berre lese i ei bok».

Viktig å vere trygg på valet sitt

Sandal intervjua ferske elevar på yrkesfag. Dei som greidde seg best, var dei som tidleg var trygge på yrkesvalet sitt. Dei som var mindre sikre på kva yrke dei skulle utdanne seg til, sleit meir.

- For å lukkast på yrkesfag, er det er altså ein føresetnad at eleven er trygg på kva han vil bli. Dette stiller visse krav til rådgjevaren som gir elevane rettleiing på ungdomsskulen, seier Sandal.

Utdanningsval som eige fag

Faget utdanningsval, som vart introdusert i ungdomsskulen i 2008, er eit forsøk på å byggje bru frå ungdomsskulen til vidaregåande. Faget skal gje elevane erfaringar og innsikt i ulike yrke.

- Rådgjevarar og lærarar har ulike måtar å gjennomføre faget på, og der finst inga formell utdanning i faget. Dermed blir det realisert på litt ulike måtar, særleg med tanke på kor mykje kontakt elevane får med arbeidslivet, seier Sandal.

- Det er viktig for elevane sitt sjølvbilete at dei får prøve seg og gjere ulike erfaringar. Å sjå, høyre, delta og vere til stades på arbeidsplassen gjev eit viktig erfaringsgrunnlag som dei kan ta avgjerder ut frå, seier ho.

- Når elevar er usikre og i tvil om kva retning dei skal velje vidare, bør skulen sjå det som eit høve til å finne ut av ting i staden for å handtere det som eit problem, seier Sandal.

Elever skal velge mellom 12 vidaregåande utdanningsprogram: tre studiespesialiserande og ni yrkesfaglege. Det andre året har yrkeselevane valt eit programområde.

Mange yrkesfagselevar får både arbeidspraksis i bedrifter og hospitering. Dermed blir det lettare å velje utdanningsprogram.

Side om side med læraren

Når yrkesfagselevane tek fatt på det første året, møter dei to typar fag: fellesfag og programfag. Fellesfaga liknar dei gamle faga i grunnskulen, medan programfaga, eller yrkesfaga, inneber mykje nytt.

- Lærarane som underviser i programfaga har ein annan profesjonsidentitet og praktisk yrkeskunnskap. Dei møter elevane på ein litt annan måte, seier Sandal.

- I undervisninga i programfaget gjer lærar og elev praktiske ting i lag, side om side, seier Sandal.

Undersøkingane hennar viste at møtet med yrkesfaglærarane var viktig for at elevane skulle bli trygge på sitt eige utdanningsval.

Når læraren er personleg og open gjennom å dele arbeidserfaringane sine med elevane, skapar det  tillit, truverde og interesse hjå elevane, sa ein av ungdommane Sandal intervjua.

Kjekt å kome ut til bedrifter

I den siste stortingsmeldinga om ungdomsskulen legg Kunnskapsdepartementet vekt på at ungdomsskulen skal vere relevant og skape meining i høve til livet elles. «Da må praktisk kunnskap i større grad introduserast som likeverdig med akademisk kunnskap allereie på ungdomstrinnet for å heve status og interesse for yrkesfag», heiter det i Melding til Stortinget nr. 22 om ungdomstrinnet.

- Ungdomsskulen og vidaregåande skular bør innleie eit tettare pedagogisk samarbeid om elevane sine overgangar. Dessutan er det svært viktig at det skjer ei vidareutvikling av samarbeidsformer mellom skule og arbeidsliv, seier Sandal.

Elevar som ho intervjua fortel om arbeidspraksis som avgjerande erfaringar for å velje yrkesfagleg utdanning seinare.

«Bedrifter kom hit på skulen og informerte, men når me fekk kome ut til dei vart det spennande. Dei tok veldig godt i mot oss og me fekk prøve ulike arbeidsoppgåver. Det var kjekt», seier ein gut som valde denne yrkesvegen sjølv.

Powered by Labrador CMS