Symjebasseng krev mykje vatn. Vassforbruket i turistnæringa er enormt og skjer ofte i område der vassressursene er knappe. (Foto: Microstock)

Skyhøgt forbruk av vatn i ferien

Turismen står for eit vassforbruk som tilsvarar eit Dødehav i året. – Og vi vil sjå ein auke i forbruket trass i at vi har blitt flinkare til å spare på ressursane, meiner forskar.

Vatn er dyrebart i mange av områda der skandinavar ferierer. Men nøktern bruk av vatn er ikkje det vi tenker mest på når livet og ferietida skal nytast.

I Syden dusjar vi, kjøler oss ned i store basseng og let hotellet byte sengetøy og handkle ofte. Vi tek grøne plenar og bognande blomsterbed for gitt. Men bak idyllen finst eit skyhøgt vassforbruk.

Paradokset er at dei mest populære ferieparadisa våre ligg i tørre, varme område der vassressursane i utgangspunktet er knappe. Høgsesongen er attpåtil i den tørraste årstida. På enkelte spanske ferieøyar har dei i nokre år blitt nøydde til å frakte inn ferskvatn med skip. Deira eige ferskvatn er rett og slett brukt opp.

Grunnvatnet blir borte

Stefan Gössling er professor i berekraftig reiseliv ved Vestlandsforsking og Universitetet i Lund. Han står saman med to kollegaer bak ei ny fagbok om turisme og vatn.

Bakteppet er at verdas forbruk av vatn i dag er tre gonger så stort som for femti år sidan. I dag bur to milliardar menneske i område med vassmangel.

– Vi brukar ein stadig større del av det fossile grunnvatnet, og denne ressursen blir ganske enkelt borte når han er brukt opp, seier Gössling.

Lange tørkeperiodar, som det truleg blir fleire av ein del stader i verda på grunn av klimaendringar, vil gå hardt ut over tilgangen på ferskvatn. Gössling viser til tørkeråka California, der rike kommunar med mangemillionærar ikkje har meir vatn til innbyggjarane sine, og der husprisane er på veg ned. For kven treng ein diger hage viss hagen er dømt til å vere brun?

Vasstjuvar

Forskarane har teke i bruk nye reknemåtar for å talfeste vassforbruket i turistnæringa. Dei vart sjølve overraska over tala dei kom fram til.

Gössling skil mellom direkte og indirekte vassbruk. Når det gjeld direkte bruk er ein vesentleg vasstjuv alle anlegga som omkransar hotell og fritidshus. I boka kjem det fram at plenar og hotellhagar ofte står for ein tredel av vassforbruket ved eit hotell.

– Det som er litt overraskande, er at symjebassenga òg krev så mykje vatn. Sjølve fyllinga i byrjinga av sesongen er den største og viktigaste faktoren. Fordamping er ein annan stor faktor. Eg var heller ikkje klar over at spyling av bassengfiltera krev så mykje vatn, seier Gössling.

Mat krev mykje vatn

Stefan Gössling er professor i berekraftig reiseliv og har kome ut med ny fagbok om turisme og vatn. (Foto: Universitetet i Lund)

Å vere turist betyr òg å ete godt, og vi bestiller kanskje meir enn vi greier å ete. Mat viser seg no å vere blant dei største indirekte faktorane.

– Mat var den faktoren vi identifiserte som mest relevant når det gjeld indirekte vassforbruk. På verdsbasis går 70–80 prosent av vatnet ein forbrukar til å produsere matvarer, seier Gössling.

Og mat går det mykje av på hotell og restaurantar – særleg kjøt og mjølkeprodukt, som legg band på mykje vatn i produksjonen. Dessutan blir det kasta store mengder mat i turistnæringa.

– Tenk berre på svinnet etter ein stor buffet, seier Gössling.

Nest etter mat er drivstoff ein viktig faktor når det gjeld indirekte vassforbruk. For med på lista over faktorar er òg vatnet som går med til transport og andre typar energiforbruk knytt til reiseliv.

Eit Dødehav i året

For 15 år sidan rekna Gössling òg på forbruk av vatn i turistnæringa. Summen han no har kome fram til med ein annan reknemåte, er større enn han venta.

– Vi kom fram til ein del nye innsikter. Vi konstaterer at turismen truleg står for eit direkte vassforbruk på 138 kubikkilometer i året, seier Gössling. Det er nesten like mykje vatn som det Dødehavet rommar. Det tilsvarande talet Gössling kom fram til for 15 år sidan var 1 kubikkilometer.

Fordi vi blir fleire i verda og fordi klimaendringane er venta å avgrense tilgangen på ferskvatn i varme strøk, kan turistnæringa altså kome til å konkurrere med lokalbefolkninga og landbruket om dei dyrebare dropane.

– Dels øydelegg ein eit geologisk system som har eksistert i tusenvis av år, grunnvatnet. I kystområde er salinisering det store problemet, det vil seie når ferskvatnet forsvinn, og saltvatn treng inn frå havet og øydelegg vilkåra for ein del artar, seier Gössling.

Hotella kan spare

Gössling har gjort feltstudiar ved ulike typar hotell, mellom anna for å kartleggje haldninga til sparetiltak. På Rhodos snakka han med direktørane ved ti turisthotell.

– Ikkje ein av desse direktørane tykte det eg sa var uinteressant. Om ein legg fram informasjonen på rett måte slik at samanhengane blir forståelege for folk, finst det ei stor interesse, seier han.

Han trur likevel ikkje miljø- og ressursspørsmål står høgt på dagsordenen i turistnæringa sjølv om det kan vere pengar å spare.

– Ein kan jo spørje seg om det bør vere ei statleg oppgåve å prise vatn og energi. I California er det innført ein terskel for vass- og energiforbruk, slik at du blir straffa økonomisk når du kjem over ei viss grense. Her i Europa får du tvert om rabatt om du brukar mykje, seier han.

Global ekspansjon

Gössling har òg forska på korleis forbruket i turistnæringa kan ventast å vekse fram mot 2050. Han studerte då næringa sitt forbruk av energi, vatn, land og mat frå 1900 til i dag, og anslo utviklinga framover.mei

Resultata viser at turistnæringa står framfor ein periode med global vekst. Vassforbruket vil kunne auke med så mykje som 92 prosent frå 2010 til 2050, og turistnæringa kan komme til å bandleggje opptil 189 prosent meir landareal.

— Vi trur jo at teknologien er like ved å løyse miljøproblema. Men det er fleire som skal delta i forbruket, og det gjer at vi vil sjå ein auke i ressursforbruket trass i at vi har blitt flinkare til å spare på ressursane, seier Gössling.

— Den triste konklusjonen er at berekraftig reiseliv er ein illusjon om ikkje vi går til kraftigare handling enn no, seier forskaren.

Referanser:

Stefan Gössling, C. Michael Hall og Daniel Scott: Tourism and Water, Bristol: Channel View Publications, 2015.

Stefan Gössling og Paul Peeters: Assessing tourism’s global environmental impact 1900–2050”, Journal of Sustainable Tourism, 2015, doi: 10.1080/09669582.2015.1008500. Sammendrag

Powered by Labrador CMS