Nye gjerder er satt opp langs kjærlighetsstien på Utøya. Arbetet med å etablere minnesmerker etter terroråtaka på Utøya og i regjeringskvartalet har skapt debatt. (Foto: Scanpix, Vegard Wivestad Grøtt)

- Dei som satt med heile saka var ein liten gjeng sterkt traumatiserte AUF-arar

Kulturminneforskar Tor Einar Fagerland skulle forske på debatten om minnestadene etter 22. juli. Slik vart han med eitt ein aktiv deltakar i si eiga forsking. 

 

Etter at rosene visna, og dei spontane minnestadene var rydda bort, kom dei vanskelege diskusjonane:

Om framtida for Utøya, om utforming og plassering av nasjonale minnestader. Om korleis vi skal framstille historia om 22. juli, for oss sjølve, og for dei som kjem etter oss. Om å balansere kollektiv og individuell sorg, som ikkje alltid er i takt.

Midt i desse debattane har kulturminneforskarane ved NTNU, med Tor Einar Fagerland, befinni seg sidan han og kolleger ved NTNU starta opp forskningsprosjektet July 22 and the negotiation of memory i 2012. 

Forskarane vart noko langt meir enn passive observatørar, dei vart aktive deltakarar i prosessane dei skulle studere.

Rosetog og samhald prega den første tida etter terroraksjonane 22. juli 2011. Folk laga spontant sine eigne minnestader. (Foto: Scanpix, Vegard Wivestad Grøtt)

Dei vart trekt inn som faglege rådgjevarar for dei nasjonale minnesmerka. Og dei fekk ein sentral rolle som rådgjevingsgruppe og støttespelarar for AUF, da dei hadde køyrt seg heilt fast  i arbeidet med framtida for Utøya.

Eit skrikande behov

– Eg vel å kalle det anvendt humaniora, seier Fagerland, som er leiar for Institutt for historiske studier ved NTNU.

Det er NTNU som har den nasjonale kompetansen i kulturminneforvaltning, bygd opp gjennom fleire år. Det er her dei som skal forvalte våre historiske minnestader blir utdanna.

- Plutseleg opplevde vi at det vart skrikande behov for denne kompetansen, seier Fagerland, som meiner dei til tider oppheita debattane om minnestadene har vore viktige. 

– Diskusjonane er viktige. Ein minnestad for ei slik traumatisk hending handlar også om vårt eige sjølvbilete, korleis vi vil framstille oss sjølve som individ og samfunn, seier forskaren. 

- AUF hadde kjørt seg fast

Forskarane har spela ei særleg aktiv rolle i arbeidet med framtida for Utøya.

AUF sin spontane reaksjon etter 22. juli var at dei ville tilbake til Utøya. Men planane for nye Utøya møtte kraftige motreaksjonar da dei vart lagt fram hausten 2012. Dei pårørande reagerte særleg på at AUF ville rive kafébygget og pumpehuset, der dei fleste drapa hadde skjedd. Dei ville heller frede heile øya, som eit slags mausoleum.

– Dei som satt med heile saka var ein liten gjeng sterkt traumatiserte AUF-arar, som framleis var djupt prega av hendingane året før. Dei hadde køyrt seg fast. Eg kom inn som samtalepartnar, og vart bedt om å sette saman ei gruppe som kunne gje dei råd om vegen framover, fortel Fagerland.

Han satte saman ei rådgjevingsgruppe, som bestod av kjende minnestadsforskarar som James Young og  Ed Linenthal, Alice Greenwald, direktør for museet ved Ground Zero, samt AUF-veteran og Utøyahistorikar Jo Stein Moen og arkitekt Erlend Blakstad Hafner, som hadde teikna utkastet til nye Utøya.

Rådgjevingsgruppa arbeidde tett saman med AUF, og var fleire gonger på Utøya. Arbeidet resulterte i nye planer, som vart lagt fram i haust.

Ein møteplass for alle

– Ei erfaring er at ein må ta seg god tid i dette arbeidet. Ein skal strekke seg langt for å ta omsyn til dei pårørande sine meiningar og kjensler. Men på eit tidspunkt må ein ta ei avgjerd på vegner av fellesskapet og gå vidare, seier Tor Einar Fagerland, leiar for Institutt for historiske studier ved NTNU. (Foto: NTNU, Lars Martin Hjorthol)

Vi er med Fagerland rundt i Tordenskioldparken i Trondheim, like ved Vår Frue kirke, der byens minnestad for 22. juli skal etablerast.

Plansjar med forslag frå seks utvalde kandidatar er no stilt ut i parken. Publikum er invitert til å seie meininga si om dei ulike forslaga innan utgangen av september. I midten av oktober skal juryen ta si avgjerd. Minnestaden skal etter planen stå ferdig neste haust.

Fagerland har sjølv møtt fast som fagleg rådgjevar og observatør i prosjektgruppa for minnestaden. 

– Det som tidleg vart avklara, var at byen ville bygge ein møteplass, ikkje ein ting. Og den skulle vere for alle, ikkje berre dei seks familiane her i byen som mista nokon på Utøya.

Fagerland ser for seg ein plass for refleksjon og ettertanke. Samtidig skal han vere open for liv. Folk i Trondheim må føle plassen som sin, og kunne bruke han. Ein møtestad med alvor i botn, der det samtidig skal vere lov å sette seg og ete ein is.

– Minnet er ein prosess. Parken skal tydeleg reflektere kva som skjedde, men også ha opning for nye tolkingar. Og den må gi meining til dei ungdommane som kjem hit om 15 eller 30 år.

Frå åstad til minnestad

Forskaren meiner det er utenkjeleg å rive heile kafébygget på Utøya. (Foto: Scanpix, Vegard Wivestad Grøtt)

– Vi vart tidleg samde om nokre grunnpremiss: Å kome tilbake til Utøya i 2015 blir noko anna enn før 22. juli 2011. For det andre, ein kan ikkje dekke over det som skjedde 22. juli. Derfor er det utenkjeleg å fjerne heile kafébygget. Vi må gjere det om frå åstad til minnestad, ta vare på minna om det vonde og samtidig legge til rette for nytt liv, seier Fagerland.

Planen omfattar mellom anna å bygge eit såkalla hegnhus rundt dei delane av kafébygget der ungdommar vart drepne eller gøymde seg for terroristen. Huset får vel 500 pilarar. 69 av dei, like mange som vart drepne 22. juli, vil rage høgare og bære taket. Det skal vere ein minnestad både for sorg og læring.

Planane vart lagt fram for sentralstyret i AUF i sommar, og samrøystes vedtatt. Planane vart også godt mottatt av et fleirtal av dei pårørande.

– Ei erfaring er at ein må ta seg god tid i dette arbeidet. Ein skal strekke seg langt for å ta omsyn til dei pårørande sine meiningar og kjensler. Men på eit tidspunkt må ein ta ei avgjerd på vegner av fellesskapet og gå vidare, seier Fagerland.

Samarbeidet med AUF held fram. Neste skritt blir ein workshop på Ground Zero i New York, den viktigaste åstaden for terrorangrepa mot USA 11. september 2001. Og rådgjevingsgruppa skal framleis vere tilgjengeleg når AUF treng ho.   

Heller delta enn å låse seg inn

Aktørrollen treng ikkje å kome i konflikt med rollen som uavhengig forskar, meiner Fagerland.

– Vi er tydelege og opne om vår rolle for alle involverte. Det gir nærleik til prosessane, og etter mi meining betre forsking, seier han, og påpeker at alt som publiserast skal gjennom vanleg kvalitetskontroll, i alle ledd. Alt skal kunne dokumenterast og etterprøvast.

– Det er berre vi som har denne kompetansen i Norges. Da må vi også stille opp når han trengs. Det er mykje snakk om krise i humaniora. Men nokre gonger ser vi at det vi driv med er i aller høgste grad samfunnsrelevant. Da er det betre å delta enn å låse seg inn i tårnet sitt.

Powered by Labrador CMS