Lengre liv med Supermann-sykkel

Eit treningsapparat førebyggjer alvorlege livsstilssjukdomar hos lamme pasientar i Trondheim. Det vart først utvikla for den amerikanske skodespelaren Christopher Reeve, og er viderutvikla ved NTNU.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Pasientar som blir lamma etter ryggmergskade, får både dårlegare livskvalitet og forkorta levetid. Den som sit passivt i ein stol, dreg lett på seg både fordøyelsesplager, overvekt, lågare beintettheit, diabetes - og ikkje minst hjarte/karsjukdom.

- Det er sirkulasjonsproblem dei slit med, og det er sirkulasjonsproblem dei døyr av, seier Jan Hoff, professor i medisin ved NTNU.

Men slik treng det ikkje vere. Eit nytt treningsapparat, delvis utvikla ved NTNU, kombinert med eit nytt treningsopplegg, gjer det mogleg for spinalpasientar å trene seg bortimot friske - iallfall kva hjartet angår.

"KLAR FOR INTERVALLTRENING: Terje Roel er ryggmergskadd og blir her klargjort av Berit Brurok for ei demonstrasjonsøkt på bein- og armsykkelen."

I ein treningsstudie som vart utført i fjor, oppnådde pasientar som var lamme frå brystet/livet og ned, oppsiktsvekkande resultat: Etter åtte vekers trening hadde dei i gjennomsnitt auka oksygenopptaket med 25 prosent, og hjartets slagvolum med heile 37 prosent.

Så stor framgang og så gode sluttresultat har aldri før blitt dokumentert i ei tilsvarande pasientgruppe.

Tråsykkel

Det snedige treningsapparatet heiter Ergys2, og er i utgangspunktet amerikansk. Det var Christopher Reeve - han som spela Supermann på film, men som vart lam etter eit fall frå hesteryggen - som finansierte utviklinga av det, i håp om å vinne att litt førlegheit.

Slik gjekk det ikkje, og skodespelaren døydde av hjartesvikt då han var 52 år gamal. Men han gav verdas ryggmergspasientar eit bra hjelpemiddel.

Ergys2 er kort fortald ein slags innandørs, fastmontert treningssykkel, der pasienten sine bein og føter blir låst til beinhaldarar og pedalar. Elektrodar blir festa på lår- og setemuskulatur, og elektriske impulsar triggar musklane til å trekkje seg saman og deretter slappe av. Impulsane blir styrt av fleire datamaskiner, slik at effekten blir best mogleg.

Sjølv om dette kan sjå ut som «kunstig» trening, er den ekte nok. Det er pasientens eigne musklar som arbeider. Også desse rørslene krev energi: Blodstraumen aukar, og pulsen stig. Treninga har effekt på både muskelmasse og muskelstyrke, oksygenopptak og hjartets slagvolum.

- Med noko attåt

Men rumpe og lår aleine er ikkje nok, skal treninga monne skikkeleg. Jo fleire muskelgrupper ein får trena, jo større blir blodgjennomstrømminga, og jo større er effekten på hjartet.

Og her kjem NTNU-forskarane inn i bildet. Dei har nemleg funne på å supplere Ergys2 med ein armsykkel, berekna på pasientar som kan bruke armane utan hjelp.

Dei pasientane som deltok i treningsstudien, fekk altså trena både skuldrer, armar, rumpe og bein samstundes. Og dei gjorde det etter eit høgintensitets intervallsystem av typen 4 x 4. Det vil seie fire minutt hard trening etterfølgd av 3-4 minutt lett trening - og heile økta utført fire gonger. Tre gonger i veka.

Det er professor Jan Hoff som utvikla dette intervallsystemet for fleire år sidan, saman med kollega Jan Helgerud, og han brukar det på mest all slags trening.

- Hard belastning, få repetisjonar. Det finst ikkje treningsopplegg som gjev større effekt på oksygenopptak eller muskelstyrke enn akkurat dette, seier han.

Førebyggjande

Det har då heller aldri vore dokumentert at pasientar med ryggmergskade kunne oppnå så stor effekt på hjarte og sirkulasjon, som denne studien syner.

Det har i det heile tatt vore forska lite på ryggmergskadde og trening - kva for trening, og kor mykje, som gjev effekt.

No hadde pasientane i denne studien så dårlege utgangspunkt at dei likevel ikkje kom opp på normale nivå. Men Hoff ser ikkje bort frå at det ville vore fullt mogleg.

- Vi veit jo ikkje. Men det er ingen grunn til å tru at framgangen ville stoppe der, seier han.

Kva for konsekvensar desse funna kan få for norsk pasientbehandling, vil ikkje Hoff meine noko om.

- Vi er forskarar, ikkje behandlarar, seier han, - men det er klart at alt vi gjer, får konsekvensar, både for Noreg og for verda. Og dette gjev oss store moglegheiter til å førebyggje livsstilssjukdomar.

Straumlaust?

Studien vart utført av Berit Brurok, under vegleiing av Hoff, som hennar masterarbeid i treningsfysiologi. Brurok går nå, saman med lege Tom Tørhaug på St. Olavs Hospital vidare med doktorgradsarbeid på dette området.

Sidan Ergys2 er eit dyrt apparat, som dessutan krev assistanse i bruk, vil dei sjå om resultata av studien kan overførast til andre aktivitetar. Går det til dømes an å leggje opp ei liknande trening i rullestol? Kan ein gjere noko liknande utan elektrisk straum?

Om dei lukkast, kan det bety betre livskvalitet og lengre levetid for ei stor gruppe menneske. Berre i Noreg er det rundt 5000 ryggmergskadde. I USA kan det vere oppimot ein halv million.

Powered by Labrador CMS