Annonse
Professor Benjamin Sovacool er ein av dei mest siterte forskarane innanfor energi- og klimpolitikk. (Foto: Universitetet i Sussex)

Verdskjend professor til Sogndal

Publisert

Benjamin Sovacool er tilsett ved Vestlandsforsking. Den internasjonalt svært høgakta forskaren, som er professor i energipolitikk, skal mellom anna gje rettleiing, hjelpe med artikkelskriving og koma med innspel til forskingsprosjekt.

– Gleda ved instituttet kan samanliknast med at Sogndal Fotball signerte ein Messi eller Ronaldo. Det er fantastisk å få han som mentor, spesielt for forskarar tidleg i karriera, seier forskingsleiar Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.

Professor Soovacool er globalt ein av dei mest siterte forskarane på saker og kontroversar i energi- og klimapolitikken. Både Gro Harlem Brundtland, amerikanske presidentar og nobelsprisvinnarar har uttrykt respekt for arbeidet hans, som forfattar eller redaktør av atten bøker og 300 fagfellevurderte akademiske artiklar og kapittel. Han har hatt kommentarplass i Wall Street Journal og San Francisco Chronicle, og er sjølv redaktør i tidsskriftet Energy Research & Social Science.

Fokus for arbeidet hans vil vera på klimatilpassing, lokal klima- og miljøpolitikk og energi og transport.

Les meir om den nytilsette på nettsidene til Vestlandsforsking

Powered by Labrador CMS