Annonse
Nettverket vil gje draghjelp til prosjekt innan energi, miljø, klima og IT. Desse satsingsområda famnar så vidt at nettverket vil vere relevant for ei rekkje bransjar – alt frå matprodusentar til reiselivsaktørar. (Foto: Sverre Hjørnevik)

Nytt nettverk skal gje meir innovasjon i Sogn og Fjordane

Forskningsrådet har gitt støtte til etableringa av EU-nettverk Sogn og Fjordane. Vestlandsforsking er prosjektleiar for det nye nettverket. Hovudmålet med nettverket er at forskarar, offentlege etatar og næringslivet saman skal bli betre rusta til å delta i Horisont 2020.

Nettverket vil prioritere områda energi, miljø, klima og IT. I Sogn og Fjordane er det både næringsliv, offentlege etatar og FoU-miljø med kompetanse på desse områda. Hittil er det få regionale aktørar som har vore involvert i Horisont 2020-prosjekt, men direktør Merete Lunde ved Vestlandsforsking trur det er stort potensiale til å auke deltakinga frå fylket.

– Samarbeid på tvers av sektorane kan gjere det lettare å kome gjennom nålauget til Horisont 2020. På sikt kan det bety auka innovasjon og konkurransekraft i fylket, seier ho.

Prosjektleiinga er allereie i gang med å leggje til rette for gode møteplassar der det nye nettverket kan vekse. Første aktivitet på programmet er prosjektverkstad om IT og beredskap 31. mai.

Powered by Labrador CMS