
Klimatilpassing kan gje vekst i Sogn
Under Klimaomstillingskonferansen 2019 i Sogndal i slutten av april møttest deltakarar frå næringsliv, styresmakter og forskingsmiljø for å finne ut meir om korleis klimakrisa kan også opne for nye produkt, tenester og næringsutvikling i Sogn. Eit mål er å utvikle klimatilpassingsteknologi som kan gje verdiskaping og næringsutvikling i dei ni sognekommunane. Vestlandsforsking leia dette seminaret, som del av eit prosjekt for Sogn regionråd.
– Vi har kartlagt og systematisert kva for teknologiske løysingar næringslivet innerst i Sognefjorden har teke i bruk, eller treng, for å møte utfordringane klimaendringar medfører. Vi har fått ein unik posisjon innan klimatilpassing her i Sogn, med etableringa av det nye kunnskapssenteret for berekraftig klimatilpassing, Noradapt, seier prosjektleiar Torunn G. Hønsi.
Noradapt skal mellom anna stimulere til næringsutvikling som kan møte behova samfunnet får i eit endra klima.
Les meir om klimaarbeidet på nettsidene til Vestlandsforsking