Hans Jakob Walnum (Foto: Vestlandsforsking)
Hans Jakob Walnum (Foto: Vestlandsforsking)

Direktørskifte ved Vestlandsforsking

Publisert

Hans Jakob Walnum er konstituert som direktør ved Vestlandsforsking frå 1.mai. Tidlegare direktør Merete Lunde startar samstundes i ny stilling som spesialrådgjevar hjå Forskingsrådet. Stillinga som direktør ved Vestlandsforsking er utlyst, og tilsetjingsprosessen er i gang.S

Hans Jakob Walnum har jobba som forskar ved Vestlandsforsking sidan 2008, og har frå 2015 vore medlem av leiargruppa ved instituttet og gruppeleiar for ei av forskingsgruppene. Walnum sitt forskingsområde er innan fornybar energi og miljøvenleg transport.

Tidlegare direktør Merete Lunde seier ho har hatt ein spanande og kjekk jobb i Vestlandsforsking med forskarar som er langt framme på sine fagområde. I den nye jobben hjå Forskingsrådet skal Lunde jobbe med å auka bedrifter og offentlege instansar si bruk av forsking og samarbeid med forskarar.

– Eg skal og gi råd om forskingen sin plass i regional utvikling, seier Lunde.