Annonse

Ein notis frå Universitetet i Sørøst-Norge - les mer.

Jan Ivar Fredriksen (til venstre) og Steinar Aasnæss vil synleggjera kjeldene og drivkreftene bak den økonomiske veksten. (Foto: Stian Kristoffer Sande).

Vil måle berekraftig vekst

Publisert

Forskarar ved USN Handelshøgskolen utviklar eit verktøy som skal kunne måle berekraftig vekst i norske kommunar og regionar. Kva næringar bør ein region satse på? Kva næringar har utfordringar knytte til berekraft?

Universitetslektor Steinar Aasnæss og dosent Jan Ivar Fredriksen byggjer vidare på Vekstbarometeret. Dette består av ein årleg rapport og ei nettside med status for vekst og utvikling i regionen, samt kva som kan forklare vekst. No vil dei inkludere berekraft. Dei innfører omgrepet berekraftkorrigert verdiskaping. Korrigeringane skjer gjennom bruk av pluss og minus. Dersom ein spesiell type næringsverksemd skaper store verdiar, men gjer det gjennom stort forbruk av ikkje fornybare naturressursar, vil det bli korrigert gjennom minus i modellen.

– Målet er å synleggjere kjeldene og drivkreftene for den økonomiske veksten. Når vi utformar regional næringspolitikk er det viktig å legge til rette for vekst i næringar som både bidrar til høg verdiskaping og samtidig tar omsyn til berekraftig utvikling. Verktøyet kan gjere det enklare å sjå, seier Jan Ivar Fredriksen.

Lei meir om prosjektet på nettsidene til Universitetet i Sørøst-Norge

Powered by Labrador CMS